tirsdag 7. april 2009

Nok ei prøve

Fossedalshengenipa og Heileberget er innramma av nye uversskyer i dag Eg tenkte egentleg ikkje så mykje på nokon lengre tur i dag, før det vart klart at Peter reiste til Andreas i Grimelia og eg vart åleine. Så eg tok avgarde på Eitrenipa i 11-tia. Etter meldingane å dømme skulle det vere opplett på føremiddagen med regn ut på ettermiddagen. Det stemde heilt nøyaktig. Og faktum er at det vart rimeleg fint. Faktisk antydning til sol på toppen. Og nok ein gong var flaksen på mi side, for då eg svinga inn på tunet heime, plaska regnet ned:-) Elles prøvde eg trugane i dag. Men tanken på å gå issørpa inn vatnet, slo eg frå meg med ein gong. Eg tok ikkje sjansen, sjølv med dei på. Trugane fungerte veldig bra i det meir flate terrenget, og mindre bra på oppstigninga i dei hallande og bratte bakkane. Dessutan er det delvis roten snø og bart terreng om ein annan inn langs vatnet, og trugar på bar mark ser jo litt komisk ut:-) Så eg sette stasen igjen før siste oppstigninga. Oppe mot toppen, var all nedbøren i det siste komen som snø. Den hadde ikkje sett seg, så det vart ei kraftprøve å komme seg opp. Sveitten sila, og eg måtte stogge på eit par gonger for å få pusten igjen... Som sagt fekk eg antydning til sol på toppen, og kombinert med nye blå regnskyer i sør og vest, vart det rikeleg med kontrastar. Veldig flott. Men ein frisk søraust vind kjølte raskt ned kroppen, trass i klesbyte. Og kombinert med litt tidspress, gjekk eg fort ned att skara etter å ha skrive namnet i boka. Turen heim er i grunn ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk heilt greitt. Men eg var bra køyrd då eg kom ned til bilen igjen...
Fra Eitrenipa 070409

Ingen kommentarer: