søndag 26. april 2009

Einerkavar og vindmøller

Disig og lågt skydekke på Dokka i føremiddag Eg var på Stølsfjellet for første gong på fleire år i dag. Det vart eit ublidt møte med kronglete terreng og ein kamp mot einer. Eg fann sjølvsagt ikkje stien som det har blitt proklamert så fint for, så eg hamna ut i eit virrvarr med einerkavar. I verste duellane tenkte eg på Don Quijote, riddaren av den bedrøvelege skikkelse, sin kamp mot vindmøller. Eg var akkurat som han. Ein latterleg idealist, kravlande på hender og knær blant einer og stein, for å komme seg opp på nærmaste topp. Som om det stod om livet. Når ein brukar uttrykket at ein skulle hatt det på film, var dette akkurat ein slik sekvens. Vel, eg traff heller ikkje opp den skåra eg skulle heller. Og enda opp med å gå opp og inn heile dalen som om det var Nipebu eg hadde som mål. No visste eg at eg kom meg på toppen her i frå (eg var med å fange overvintrande geiter på sørsida av fjellet ein vinter). Så opp kom eg meg, sjølv om det vart ein god omveg. Men, dette var berre halve vegen. For eg traff sjølvsagt ikkje ned der eg skulle heller. Og hamna ut på loddrette stup. Ordet skårfeste dukka opp. Og tau hadde eg ikkje med. Så eg brukte nokre kilokaloriar opp og ned i fjellet, før eg fann rette skåra. (Mi erfaring er at det alltid er lettare å finne vegen opp eit fjell enn ned). Som om ikkje alt dette var nok, fann eg ikkje stien nedatt på stølen heller. Eg runda fjellet mot sør, og måtte gjennom einerbeltet og urane ein gong til. Eg skal ikkje gjenta orda eg brukte innvendig før eg kom meg ned att til elva og demninga. Toppen på audmjuking var likevel då eg traff fruen ilag med Anne nesten i Rivedal igjen. "Men du skulle ikkje gjort sånn og sånn"... Eg var heit om øyra frå før... Herleg var det då å køyre til Holmedal. Skru opp musikken, ta seg ei banan og ein skvett pepsi, for deretter å frese opp kammen på Dokka. Få einerkavane ut av tankane. Skikkeleg få ta i... Eg får seie som Odd Børretzen som hatar måker - eg hatar einer... Det einaste som hjelper når ein kjempar mot vindmøller er vel dynamitt, men mot einer kan det vel halde med fyrstikker? Ja søren, pytt, pytt, ein skogbrann til eller i frå...? Pyromanfakter er jo "in" for tida...

Ingen kommentarer: