torsdag 19. mars 2009

Påskekjensle

Fantastiske forhold på Eitrenipa i ettermiddag. Utsikt vestover med Langevatnet, Nipebu og Fossedalshengenipa midt i bildet. Tok å avspaserte eit par timar i dag og fekk lys nok til tur på Eitrenipa i Askvoll i ettermiddag. Dette er ein 4-5 timars tur. Det var fantastiske forhold. Snøfritt første delen gjennom blandingsskog med for det meste furu. Insekta svirra rundt solvarma einer. Ganske tørt i terrenget. Vidare oppover var det snøføre og den bar for det meste. Kun i parti med mykje solinnstråling var det blautt. Leknesvatna var ei litt spanande affære. Trakka gjennom eit sørpelag, men i botnen heldt stålisen frå i vinter framleis stand. Ein sparer ein halvtimes tid ved å gå over vatnet. Eg gjekk i kun ei tjukk Devold trøye frå start til topps med ei Arcteryx goretex bukse og stillongs under. Eg hadde fint klart meg utan stillongsen for buksa måtte eg sette på full utlufting i sidene.. Det var vår... Vidare opp skara mot toppen var nysnøen frå forrige veke endå ikkje festna heilt. Så der trakka eg gjennom øverste laget. Litt tungt. Slitet gløymer ein fort når ein står på toppen og har panoramautsikt i alle himmelretningar. Det var første turen i vinter eg ikkje trong vottar i det heile teke. Det klukka til og med vatn under snøen i skaret heilt oppe ved toppen. Fullstendig vindstille, sol og god temperatur. Fantastisk flott. Skikkeleg påskestemning! Topp motiverande til nye vårturar, frå grøne bøar ved fjorden til snødekte fjell. På eit par timar. Ingenting slår Vestlandet om våren...:-)
Fra Eitrenipa 190309

Ingen kommentarer: