fredag 13. februar 2009

Vinterleg på kysten

Frå Staveneset kl 17.20 i kveld Mot Florø frå Høgeheia kl 18.18 i kveld Mot Smelværet og Hollevika kl 18.35 i kveld Det er kome bra med snø på Høgeheia no. Det har fòke seg godt til enkelte plassar og blese meir av andre. Men på jamna ligg det sopass mykje at det var rimeleg tungt å komme seg opp der i kveld. Eg fungerte som snøplog og har laga ei god rås, så no skal det gå lettare. Elles var det ein kjempeflott kveld. Fantastisk kveldslys ute i horisonten som vanleg, etter at sola hadde gått ned. Og våren ligg der ute, og sakte, sakte sig han innover... Morgondagen? Tja, eg veit ikkje. Får sjå... Eg har iallefall slått frå meg Eitrenipa denne helga. Det blir for tungt i all laussnøen. Og der opp ligg det nok endå meir.

3 kommentarer:

AG sa...

Magnaren har vore og sett etter sauene sine seier han men ikkje funne dei, har du sett dei i det siste?

Unknown sa...

Sauene såg eg i går kveld før det mørkna i 17.30 tida ved dei øverste smågranene i skaret i Hollevika. Dei hadde rota etter mat i snøen der og truleg lege under granene.

I føremiddag såg eg dei ikkje, men går temmeleg sikkert borte på hi sida(vest) av skaret ved smågranene der.

Ser òg det er plassert ein rundball der ute no. Den bør jo fortrinnsvis opnast...!

AG sa...

Ja Magnaren sa han hadde vore ute med ein balle