tirsdag 24. februar 2009

Vårkjensler

MMS mot Hollevika og Alden i kveld Eg var opprinneleg ikkje tenkt meg ut igjen på Høgeheia i kveld. Men sidan eg bestemte meg for å ta meg ein tur til Dale etter arbeid i morgon i høve dagen til far min, så vart det for lenge med to dagar pause:-) Eg var ca tre kvarter seinare ute enn vanleg. Det var ein stille, fin kveld med flott lys ute i havet. Gålyset eller rettare sagt springelyset heldt akkurat ned igjen til kl 19. Nattsynet klarar du deg jammen lenge på. Yess, då var både arbeidsdagen og trimturen i boks:-)

Ingen kommentarer: