lørdag 7. februar 2009

Steinkaldt forførande

Nydeleg og bitande kaldt på Eitrenipa i dag tidleg... Eg var ikkje i form. Litt hoste, tung i hovudet og noko dett i nesen... Likevel ville eg avstad. Olaug som frå senga hadde høyrt på diverse utrenskningar tidleg på morgonen, eg var oppe 6, meinte eg var galen... Men eg kan ikkje alltid høyre på kvinnfolk heller - - ikkje heile veka - på kundesenteret i banken har vi 90% av det female.... Eg måtte stoppe oppe i Flokeneset i grålysninga. Ein praktfull oransjefarga måne hang nydeleg rett over Florø i nordvest. Den spegla seg fantastisk over Stavfjorden og aust om Svanøya. Det var berre nokre minuttar igjen før den forsvann bak horisonten. Eg gjekk frå Markavatnet omlag kl. 08. Det var godt lyst. Heime var det minus 5 grader på morgonkvisten. Her oppe var det sikkert eit par minus til. Eit par centimeter med glitrande nysnø gjorde det flott å gå bort til vatnet. Ikkje særleg glatt, truleg på grunn av kulden. For å følge opp Arild litt frå hin dagen om dyrespor, var det perfekt sporsnø i dag. Første revespora for dagen gjekk i austenden av Markavatnet. Og revespor såg eg jamnt heile vegen. Eg begynte å nynne på "Å reven raskar over isen" då den så flott hadde passert over Leknesvatna. Men reven er ein lammetjuv! Elles såg eg vel same spora som Arild så flott hadde teke bilde av. Ein ting som eg likevel merkar meg, er kor mykje meir mårspor det er no enn for nokre år sidan. Den må ha auka i antal. Artig òg med røysekattspora som eg faktisk såg godt oppe mot toppen på Eitrenipa (første skaret). Den er dessverre ein kløppar på rypekyllingar. Eg var sjølvsagt litt spent på korleis det ville fungere i dag. Sant å seie gjekk det over all forventning. Og så var det korleis det såg ut ved fossen og med all isen. Eg kom meg fort og greitt opp der. Forholda var ganske annleis enn forrige helg. Det var jo kome nokre centimeter med snø. I tillegg var det sprøyta meir vatn utover som var frose opp igjen på. Nesten alt av tre og vegetasjon låg dermed paddeflatt. Heldigvis gjorde nysnøen det mindre hardt enn forrige helg, og eg kom meg relativt greitt opp ved sidan av den hardaste isen og opp i skåra... Turen vidare opp til vatnet, over det og opp, gjekk òg fint. Men eg fekk på meg ein kald trekk oppe mot toppen. Og på sjølve topplatået, var det bitande kaldt, for å seie det mildt...!! Kald austabris og minus 10 (kanskje var det meir) gir ein kjøle-effekt på minus 20, ser eg.... Det var ikkje mange sekundane før fingrane var heilt numme... Godt då å ha skikkelege vottar! Men dei er som kjent vanskeleg å operère eit lite kompaktkamera med... Slik sett kunne eg tenkt meg å nytta litt lenger tid på toppen og fått sett ute dei flotte motiva... Men eg var i grunn litt redd for kameraet òg på grunn av all fokksnøen.... Etter at eg fekk skifta til skikkelege klede, var det ingen problem med kulden - utanom fingrane når eg ikkje hadde vottar på. Men det bar likevel ganske fort ned igjen. Og eg småluffa alle unnabakkane heilt på Leknesvatna igjen. Her nede var det mykje mindre trekk, så eg tok like godt turen bort til råka og elva mellom vatna. Elva var svær på grunn av nedtappinga av Bjørnastigvatnet lenger oppe... Det var flott då eg fekk att sola i vestenden av vatnet. Heilt annan temperatur med ein gong. Eit par fotostopp måtte til. Eg stogga litt lenger nede i "ishelvetet" og tok nokre bilder òg. Nokon kan vel kalle motiva flotte... Og eg er jo særs begeistra for fossar til vanleg, men i denne samanheng representerer dei noko menneskeskapt og unaturleg... Og i røynda dessverre tragisk... I morgon er det som kjent morsdag, og fruen i huset har allereie avtalane i boks... Eg får sjå an føremiddagen litt...:-)
Fra Eitrenipa 070209
For eit par veker sidan fekk eg med meg ein utruleg fargerik meteor over Florø. I dag tidleg kl.7.45 var det ein flott, oransjefarga måne som hang over byen... Spektakulært! Bilda er tekne frå Flokeneset

Ingen kommentarer: