torsdag 26. februar 2009

Ropet frå Blegja

Frå Blegja i mai i fjor. Lystene stig... Fjellet kallar... Engebøfjellet i Vevring midt i bildet på hi sida av fjorden. Det har blitt så mykje skriveri på dei ymse Origo-sonene i dag at eg knapt fekk tid til kveldens økt på Høgeheia. Men eg måtte berre få trimturen under huda òg... Og det vart jo ein nydeleg kveld. Det klårna heilt opp ute i havet. Så i morgon blir det nok ein fin dag. Dessverre ein dag for tidleg for arbeidsfolk, etter som det såg ut på vèrmeldinga. Elles er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Det gjekk fort opp og ned, men eg måtte ha hjelp av hovdlykta... Og det er ei stund sidan sist. Mobilbilde frå Høgeheia i kveld kl. 18.48

Ingen kommentarer: