søndag 15. februar 2009

Kontrastar og frisk luft

Bilder frå mobiltelefonen i føremiddag Luftig trimtur på Høgeheia i føremiddag. Var komme ein del meir snø som var blese av enkelte plassar, men låg i tjukke lag andre. Nede i den lengste bakken stod eg brått til magen i snø. Då eg prøvde å komme meg opp, seig eg endå lenger ned i... Det var som kvikkleire. Di meir eg trakka di lenger sokk eg! Med mykje møye kom eg meg laus så sveitten sila....:-) Godt å ha med slalåmbrillene for snødrevet i dag. Og klart det er tyngre under slike forhold, men det gir jo berre endå betre mosjon... Som vanleg var det spesielt lys og kontrastar. Knipsa nokre bilder med mobilen undervegs då eg ikkje tok sjansen på å ta med kameraet i dag.
Fra Høgeheia 150209

Ingen kommentarer: