søndag 22. februar 2009

Grått er flott...òg

Morgonstemning ved Øyravatnet 27/12-08 kl 8.43 på veg til Eitrenipa midt i bildet Omlag same forholda på Høgeheia i dag tidleg som i går, men meir vestleg retning på vinden. Men kva gjer vel det? Berre å hoppe i det. Og faktum er jo at det er slike dagar ein har aller best av å komme seg ut. Berre å tilpasse utstyret til forholda, så blir jo turen heilt flott, sjølv om det er litt grått, vått og hustrig. Topp mosjon! (Og så var det jo greitt tima og nå skiskyttarstafetten i VM med norsk gull... Og snart er det bollar med krem! Kjempeherleg søndag:-))

Ingen kommentarer: