mandag 19. januar 2009

Våryr i januar

Utsikt frå Høgeheia gjennom Granesundet og sør til Lutelandet i haust. Eimind t.v og Atløy t.h. Slutta jobb i Førde kl 1600 og var i Hollevika kl 1706, ferdigskifta i fjellklede. Og jammen nådde eg toppen på Høgeheia utan å tenne hovudlykta! Utruleg kor det lysnar... OK - eg gav på litt ekstra oppover for å sjå om eg greidde det... Det er jo utruleg kor lenge du klarar å gå på berre nattsynet òg, når du ikkje får det forstyrra av anna lys. Ein veldig stor meteor gjekk gjennom atmosfæren rett vest av Florø då eg nærma meg toppen. Ein så stor ein kan eg ikkje hugsa å ha sett før. Ei diger rosa og grøn eldkule fòr over himmelen i rasande fart... Og med ein utruleg lang eldflamme til hale bak seg! Det var eit fantastisk syn. Fyrverkeria nyttårsafta var småtteri i forhold! (Ser no etterpå at meteoren er registrert mange stadar. Spørsmålet er om nokon hadde betre utsiktsplass enn eg, der i mørket på fjellet...he he..) Hovudlykta måtte sjølvsagt på ned igjen. Men eg vart så spretten og yr likevel. Kanskje det var kjensla av lysare dagar som virka inn? For det vart liksom litt ekstra tjo og hei over fjellrabbane, frosne myrar og gamal lyng til havs igjen. Lett på foten. Over stokk og stein. Nesten som i joggesko sommarsdagen. Vårkåt i januar er farlege greier...:-)

Ingen kommentarer: