lørdag 31. januar 2009

Vinter og påskestemning

Påskestemning under hellaren ved Krokavatnet siste dagen i januar Eg måtte gni meg i auga då eg stakk nasa ut om døra i dag tidleg. Klår himmel og 8 plussgrader siste dagen i januar! Og fønvind! Stilig... Eg køyrde opp i Markavatnet og gjekk derifrå omlag klokka 08. i grålysninga. Det høyrdest ut som det bles godt oppe i fjellet. (Seinare viste det seg at det var andre ting på gong....) Tøya og greitt hitt til vatnet. Uff og uff! Markavatnet var skremmande nedtappa av e-verket. Borte ved elva var landskapet som ein steinprega ørken. Strendene grein meg grellt i møte. Då eg kom opp til grinda til Gunnaren skjønte eg meir av duren. Det var elva! Den var kjempediger! No lurer du vel... For det var ikkje vårløysinga som gjorde det, trass i plussgradene. Nei, e-verket tappa ned Bjørnastivatnet! Køyrde vatnet ned i Leknesvatna! Og så rann det vidare av seg sjølv og utfor fossen i vest og ned i Markavatnet. Det var sjølvsagt fossen frå Leknesvatna lenger oppe som dundra og brølte... Fleire stadar opp gjennom skogen var elva gått over alle breidder. Og vatnet rann utover stadar der det ikkje pleier å vere... Det var lite med snø oppover første delen. Det gjekk difor fort opp til første hamrane. Vidare viste faktisk spora frå forrige søndag ganske godt. Det var bra, for dei var nokolunde faste. Skaren heldt nemleg ikkje utom spora. Eg var vel ikkje heilt førebudd på kva som venta meg oppe ved hammaren ved fossen. Fossen var gigantisk! Og vinden hadde sprøyta vatn ut over alt - og alt var frose... Glasert! Tre, stein og snø var dekka av eit speglblankt islag! Knall is... I svarte svingande høyrde eg stemma mi seie! Eg vart ein augneblink i stuss om eg i det heile teke kom meg opp den bratte hammaren - og den stupbratte skåra med wireen... Eg heiv av meg ryggsekken og fann fram broddane. Sjølv med nye broddar under sålane, hadde eg store problem med å fote meg. Det glaserte, bratte steinhenget var søren meg ikkje noko å spøkje med... Eg heldt meg fast i grastustar av is, islagde røter og anna av fast underlag og kom meg opp til strengen. Heldigvis hadde drevet frå fossen vore litt mindre her, slik at det ikkje var fullt så islagt. Så opp skåra på hammaren gjekk det greitt. Shit - det her var litt av ei happening... Over hammaren slo sør-aust vinden til for fullt. Det var berre å knappe igjen og finne meir hovudplagg. Som forrige søndag. Men det var eg heilt budd på. Men heile vegen oppover, så langt, hadde eg hatt i bakhovudet kva alt dette vatnet i elva hadde å seie for vasstanden på Leknesvatna. Og ikkje minst på isen på vatnet... Etter å ha komme meg over lagunane og alle dei svære fossane på avsatsane, såg eg at vatnet hadde gått opp inne ved land mange plassar. Og på den søndre breidda hadde alt vatnet laga ei råk i isen som var fylte med greiner og rusk og rask. Men det hadde frose på igjen. Eg torde meg difor ut på. Isen var tjukk nok, det visste eg frå før, men det kunne jo liggje lagvis med vatn opp igjen på den første isen. Men det var ingen problem. Snølaget på isen var ganske fast òg. Etter ein flott tur over vatnet, begynte eg på klivinga opp "grasbakken" og sjølve fjellet. Dei første, raude solstrålane for dagen spegla Fossedalshengenipa og dei høgste toppane i vest. Ålfotbreen i nord låg òg bada i raudt morgonlys... Sola var allereie komen ute i Florø og i øyane. Fantastisk lys. For ein dag! Vidare bar ikkje snøen heilt, berre stadvis. Og oppe i den første bratte skåra mot toppen, låg det eit godt lag med nysnø. Det vart difor ei bra prøve å komme seg opp. I det smale partiet, der det skrånar bratt utfor fjellet, var det forsvunne ein del snø frå forrige søndag. Og ved å klive litt oppom "stien" var det nesten tørre marka over verste stykket. Supert. Og sjølv om det var snø og stadvis is siste delen opp i vestskaret, var det ingen problem med å komme seg opp. Etter å ha gått i grålysninga, og på nordsida av fjellet opp, er det ein like stor stimuli å komme opp på toppen - i sola. Første sola for dagen og det er på toppen! Kjempegreie. Ein god varm følelse innvendig. Utvendig derimot, må det raskt klesbyte til. Iskaldt i austavinden, som får enormt tak her oppe. Av med alt sveitt på overkroppen og på med nytt. Ull, fleece og dunjakke. Ny windstopper hue, baclava og super-vottane. Perfekt! Som ei rulla og innpakka svinesteik...:-) Come what may be... For eit landskap. Ikkje ei sky på himmelen. Stein og snø i alle varianter og mønster... Forførande vakkert... Men ugjestmildt...? Eg gjekk bort på sørvarden og kikka ned til Fossedalen og Dale. Der såg det mørkt ut. Eg sette meg ned litt der ved varden i januarsola. Heit og god i den iskalde vinden som reiv i kjakane... Kongen på haugen! Eg bestemde meg for å gå austover og tok ned Eitreskaret. Eg visste at Agnar og Margrete var på Nipebu. Men det synte seg fort at det låg mykje meir snø på denne sida av fjellet. Nedover mot Krokavatnet vart det difor litt baksing, for underlaget heldt ikkje alltid. Og nedom tjørna og elva til Fossedalsvatnet var det tjukk snø (sjå bilder). Sjølv om det gradvis vart mindre snø lenger nede, avgjorde eg at det ikkje vart Nipebu-tur i dag. Det hadde kosta allereie... Så eg gjekk ned til det islagde Krokavatnet og tok nord att heile vatnet. Som første nyttårsdag. Eg ville ha meg ein pause før eg returnerte heim. Så eg gjekk bort under hellaren ved nordenden av vatnet. Utruleg kor flott det vart. Heilt vindstilt, snøfritt og bar mark under hellaren. Og sola stod nesten midt imot. Eg måtte til og med hive hua og lette på kleda i sola. Det draup til og med frå utstikket av stein. Påske i januar. Rein luksus, opptur og kva det no heiter....:-) Eg låg ein halvtime under hammaren og kroa meg i det sol- og vindtørka fjorårsgraset. Som ein katt som mol. Drakk og åt. Fossedalshengenipa låg rett der framme og det islagde Krokavatnet framfor føtene mine. For ein nydeleg plass. Eg kunne leie der resten av dagen... Finare plass ein januardag skal du leite lenge etter... Eg hadde avtalt eit nokolunde tidspunkt å komme heim på, så eg måtte ned igjen. Eg var vel snart på overtid. Mobildekning er det ikkje ved Krokavatnet. Så eg spaserte resten av vatnet ut, var ein tur oppom Krokavasstølen, før eg gjekk ned igjen DNT-løypa til Markavatnet. Suverèn tur. Nydeleg vèr. Eit fantastisk landskap. Ein kjempedag!
Fra Eitrenipa_Krokavatnet 310109

Ingen kommentarer: