torsdag 8. januar 2009

Vestavind

Det er nok meir enn ein fangstmann som har overnatta under hellaren like ved Krokavasstølen. Som eg. Krokavatnet ligg kloss i. Dette er eit godt og produktivt fiskevatn. Det er knytt fleire segner til den avbilda hellaren. No har vel noko av steinoppsatsane rasa ut med åra, men framleis er skjulet for vèr og vind like godt. Her er den sørvende hellaren i januarsol 1/1-09... Ein ting eg har lært meg i vaksen alder og det er å ikkje setje meg ned å vente på kvinnfolk som er på salg. Då kan du lett bli utolig... Det er som dei kjem inn i ein eigen rus når dei er på det køyret. Og det tek tid. Så etter at Peter hadde fått seg nytt spel på DS`en, og vi hadde køyrt heim frå Førde, la eg meg rett ut på sofaen og sovna... Farleg godt. Problemet er berre å kome til hektene etterpå. Og faren for at ein god fjelltrimtur går i vasken er overhengande. Men fruen kom ho - innanfor min deadline. Og eg kom meg avstad på fjelltrimposten. To timar seinare enn vanleg... Serien "Sporløst forsvunnet" hadde seriestart på NRK1 i går kveld. Den har gått på ein ein eller annan kanal tidlegare. Ein serie eg har likt godt. No har eg vel nemnt før at om eg forsvann sporlaust på Eitrenipa ein dag, fann dei vel att beingrinda til våren. Men det var i grunnen ikkje det eg fekk assosiasjonar til med denne tittelen på Høgeheia i stad. Heller snøen som fall i fjor... For den var fullstendig fordufta. På ein dag! Snø og is og heile sulamitten. Eg trur det må ha med sjølufta frå ramsalte havet å gjere... Milde vestavindar sang meg i øyra. Vårlege kjærteikn i svarte kvelden. Terrenget var gjennomblautt. Men jammen kom eg meg opp og ned utan ein einaste regndrope. Kanskje like greitt å takke fruen med ein gong...:-)

Ingen kommentarer: