lørdag 3. januar 2009

Som ei forelsking

MMS frå Høgeheia, Hollevika og Staveneset i dag tidleg Det er så ymse ein blir funderande på, og "pratande" med seg sjølv om, på fjellturar. Eg ser stadig vekk at rundt nyttår har folk ynskje om å nytte naturen meir i det nye året, gå oftare tur, halde seg i form, finne styrke i kvardagen ved mosjon etc, etc. Klisjeane florèrer. No sist las eg at fylkesordføraren, garantisten for den nye monster-kraftlinja og all vind- og småkraftutbyggjing, skulle mosjonère meir ved turgåing... Ja, nyte naturen. Det minner meg dessverre om nyårsforsetta til dei som vil besøke si gamle og svake mor på sjukeheimen oftare i det nye året... Mange fine ord som gjer seg i avisa. Det er in med slikt på denne tid... No kan vel enkelte hevde at det har bikka over for meg på hin måten. Har ikkje du ro i ræva? Bur du der oppe på fjellet? - får eg stadig vekk høyre... No må eg av og til minne folk på at eg går i full jobb og har to timar pendling kvar dag òg... Og kva ein brukar fritida til, anten det er å realisere seg sjølv i ein bil eller ein båt, musikk, hestar, fotball og you name it, er individuelt betinga. Min elsk til naturen, fuglar, fjellet og trim i same slengen, er no ei greie, mi greie, som det heiter på fint. Interesser går litt i bølgjedalar òg - eg brukar av og til å seie, litt flåsete, at laksefeberen kosta meg første ekteskapet! Dei greiene slutta eg med då eg fekk min første oppdrettslaks på dorg i Dalsfjorden.... Det var eit sjokk. Eit menneskeskapt misfoster som høyrde heime i ein låst kum! Eg hugsar fisken like godt i dag 25 år seinare... Feberen var slutt, der og då, hjartet vart kaldt... Naturen er til låns. Til låns for etterkomarane våre. Som indianarane seier: ingen eig naturen. No vil vel bønder og SP-arar med eigne gjerder protestere høglytt. Og som vi veit - samfunnet rundt oss sel elvar og fossar og vatn, kysten og fjellet til høgstbydande for å få meir pengar i eiga lomme. Som om vi ikkje har nok frå før av. Slik er det over heile kloden. Ein klode som snart er rasert på rekordtid i historisk målestokk av klokaste skapningen som har eksistert. Eg må innrømme at eg har problem med slike tankar. Dei føl meg ofte på turane mine. Ikkje misforstå - eg trur ikkje eg har løysinga på alle naturmessige spørsmål. Men det som ofte undrar meg er kor ulikt folk er skrudde i hop. Eg på eine sida - ein innbarka naturvernar som føler ein sterk personleg identitet til naturen rundt meg (eg skulle vore indianar) og somme andre som meiner at all natur skulle vore utbygt og utnytta.... Ja, rasert meiner no eg! Livet er egentleg veldig rart.... Kvar finn ein motivasjon til det ein balar med? Kva motiverer ein? Korleis realisere seg... Eg tenkte på det òg på Høgeheia i stad. På fjelltrimmen. På nærleiken til naturen. Sjølvforsterkande er eitt ord eg kom på. Det er sjølvforsterkande når du er i ein tilstand som gjer deg glad og lukkeleg. Det er DET du vil bruke tida på. Som ei forelsking. Du kan ikkje gjere noko med det. Du blir berre riven med. Du berre MÅ ha det... . Som sjokolade. Som sukker. Som ein rus! Er DET lukke? Å vere rusa på fjell? Er eg rusa på fjell? Eller berre rett og slett forelska - i fjell? Som impulsiv, lidenskapeleg, sjølvopptatt og vel, sikkert litt sær vil nokon seie, er eg ikkje heilt uvand med det... No er vel andre rusa på russtoff som alkohol eller religion. Religionskrigen m.a. i Midt-Østen er hinsides... Eg las ein plass at det var tre former for rus: Religion, alkohol/stoff og kroppens naturlege endorfinar. Eg har ikkje prøvd førstnemnde, så den rusen kjenner eg ikkje. Men pr i dag er eg vel ikkje i tvil om at eg vel sistnemnde... Dei to første fører berre til elende! Enkelte vil vel hevde at "å stikke til fjells" er ein flukt frå kvardagen. Flukt frå problem og møye. Personlege problem. Heime og på jobb. Slik oppfatning har ikkje eg. Det har eg aldri kjent på. Eg har vel meir den oppfatninga at personlege problem fører til stillesitting og ikkje akkurat hyperaktivitet. Men at du føler deg sterkare til å løyse problem du måtte ha ved å halde deg i form, er vel ei kjend sak. Eg har likevel vanskeleg for å sjå for meg fylkesordførararen og andre utbyggjingskåte folk på natur, bli rusa på fjell. Trass i gode nyårsforsett. At tilstanden kan vere med på å løyse vanskelege politiske floker, trur eg. Men eg ser rett og slett ikkje for meg denne type menneske som noko anna enn "rusa" på å øydeleggje natur. "Rusa" på materielle goder og mammon...

Ingen kommentarer: