tirsdag 13. januar 2009

Leik og blod

Vi ser Heileberget t.v og Fossedalshengenipa med tidleg morgonsol. Dei tre høgste toppane med sol i vest er Dokka, Vardenova og Moldura. Bilde frå toppen av Nordskaret på Eitrenipa kl 10.11 den spesielt kalde søndagen 4/1-09. Eg har fått diverse spit etter den famøse turen i vilska i går kveld. "Folk på over 50 fær på ditta viset"... "du kjem til å ende dine dagar der oppe i fjellet"... (No har eg vel sjølv skrive om ei viss beingrind tidlegare..) Er vel akkurat som eg skulle høyrt bestemor mi... Hmmm, og no er eg bestefar sjølv... Vel, akkurat den merksemda kunne eg gjerne vore forutan. Er no måte på narcissistiske forstyrringar eg skulle lide av. Men ok, det er vel humoristisk meint, med litt alvor... Og eg ber vel gjerne om det sjølv. Det enklaste hadde jo vore og ikkje nemnt noko, eller lete vere å blogge for den del. No tykkjer eg jo det er litt kjekt å skrive. Utadvend som eg er... Og nokre sysler må ein jo ha. Men over til noko anna. Life goes on... Eg måtte le godt av Olaug i stad. Eg hadde fått dei nye broddane mine, som kan sjå ut som ein slags skruar, og lagt boksen på kjøkkenet. Ho tek opp boksen, ser på den og så på meg og seier: Er du sjuk? Skruar? Ho har jo sjølvsagt avslørt meg for lenge sidan. At eg ikkje er nokon handyman, sjølv om eg praktiserte forskjellig i huset mitt i Dale. (Handyman - uff for eit ord) Men kanskje dette er ei slags form for skalkeskjul? Ja, for å gjere andre ting eg har meir lyst til? Eg er vel egentleg av den oppfatning at ein får til det meste her i livet, berre ein er motivert nok og ikkje gir seg... Universalgeni er det vel få av uansett... Eg tok meg ein telefon til blodbanken. Og fekk tappa av meg 1 liter raude blodceller i "melkeseperatoren" i dag. Sidan dei tappar dobbel dose, og køyrer innatt all "skiten", får eg berre gje to gonger i året. Det passar jo bra, for den forbaska flåtten vi er plaga med om sommaren gjer at eg ikkje får tappe då. (Det er 1 månad "karenstid" etter siste bitt...) Så det var greitt å ta det i dag... Sidan eg har høg blodprosent og tjukt blod, og av og til ikkje får i meg nok væske, blir eg lett tung i hovudet. Dorsk og slakk... Etter ein dag eller to føler eg meg alltid kvikkare og lettare av blodtappinga. Årelating skulle jo hjelpe mot det meste i gamle dagar... Men eg fekk klar beskjed der inne på sjukehuset. Roligge. Ellers kan du møte veggen... Å møte veggen to dagar på rad - DET er iallefall i meste laget. Så i kveld blir det "Ut i naturen" på TV...

Ingen kommentarer: