Facebook

lørdag 31. januar 2009

Vinter og påskestemning

Påskestemning under hellaren ved Krokavatnet siste dagen i januar Eg måtte gni meg i auga då eg stakk nasa ut om døra i dag tidleg. Klår himmel og 8 plussgrader siste dagen i januar! Og fønvind! Stilig... Eg køyrde opp i Markavatnet og gjekk derifrå omlag klokka 08. i grålysninga. Det høyrdest ut som det bles godt oppe i fjellet. (Seinare viste det seg at det var andre ting på gong....) Tøya og greitt hitt til vatnet. Uff og uff! Markavatnet var skremmande nedtappa av e-verket. Borte ved elva var landskapet som ein steinprega ørken. Strendene grein meg grellt i møte. Då eg kom opp til grinda til Gunnaren skjønte eg meir av duren. Det var elva! Den var kjempediger! No lurer du vel... For det var ikkje vårløysinga som gjorde det, trass i plussgradene. Nei, e-verket tappa ned Bjørnastivatnet! Køyrde vatnet ned i Leknesvatna! Og så rann det vidare av seg sjølv og utfor fossen i vest og ned i Markavatnet. Det var sjølvsagt fossen frå Leknesvatna lenger oppe som dundra og brølte... Fleire stadar opp gjennom skogen var elva gått over alle breidder. Og vatnet rann utover stadar der det ikkje pleier å vere... Det var lite med snø oppover første delen. Det gjekk difor fort opp til første hamrane. Vidare viste faktisk spora frå forrige søndag ganske godt. Det var bra, for dei var nokolunde faste. Skaren heldt nemleg ikkje utom spora. Eg var vel ikkje heilt førebudd på kva som venta meg oppe ved hammaren ved fossen. Fossen var gigantisk! Og vinden hadde sprøyta vatn ut over alt - og alt var frose... Glasert! Tre, stein og snø var dekka av eit speglblankt islag! Knall is... I svarte svingande høyrde eg stemma mi seie! Eg vart ein augneblink i stuss om eg i det heile teke kom meg opp den bratte hammaren - og den stupbratte skåra med wireen... Eg heiv av meg ryggsekken og fann fram broddane. Sjølv med nye broddar under sålane, hadde eg store problem med å fote meg. Det glaserte, bratte steinhenget var søren meg ikkje noko å spøkje med... Eg heldt meg fast i grastustar av is, islagde røter og anna av fast underlag og kom meg opp til strengen. Heldigvis hadde drevet frå fossen vore litt mindre her, slik at det ikkje var fullt så islagt. Så opp skåra på hammaren gjekk det greitt. Shit - det her var litt av ei happening... Over hammaren slo sør-aust vinden til for fullt. Det var berre å knappe igjen og finne meir hovudplagg. Som forrige søndag. Men det var eg heilt budd på. Men heile vegen oppover, så langt, hadde eg hatt i bakhovudet kva alt dette vatnet i elva hadde å seie for vasstanden på Leknesvatna. Og ikkje minst på isen på vatnet... Etter å ha komme meg over lagunane og alle dei svære fossane på avsatsane, såg eg at vatnet hadde gått opp inne ved land mange plassar. Og på den søndre breidda hadde alt vatnet laga ei råk i isen som var fylte med greiner og rusk og rask. Men det hadde frose på igjen. Eg torde meg difor ut på. Isen var tjukk nok, det visste eg frå før, men det kunne jo liggje lagvis med vatn opp igjen på den første isen. Men det var ingen problem. Snølaget på isen var ganske fast òg. Etter ein flott tur over vatnet, begynte eg på klivinga opp "grasbakken" og sjølve fjellet. Dei første, raude solstrålane for dagen spegla Fossedalshengenipa og dei høgste toppane i vest. Ålfotbreen i nord låg òg bada i raudt morgonlys... Sola var allereie komen ute i Florø og i øyane. Fantastisk lys. For ein dag! Vidare bar ikkje snøen heilt, berre stadvis. Og oppe i den første bratte skåra mot toppen, låg det eit godt lag med nysnø. Det vart difor ei bra prøve å komme seg opp. I det smale partiet, der det skrånar bratt utfor fjellet, var det forsvunne ein del snø frå forrige søndag. Og ved å klive litt oppom "stien" var det nesten tørre marka over verste stykket. Supert. Og sjølv om det var snø og stadvis is siste delen opp i vestskaret, var det ingen problem med å komme seg opp. Etter å ha gått i grålysninga, og på nordsida av fjellet opp, er det ein like stor stimuli å komme opp på toppen - i sola. Første sola for dagen og det er på toppen! Kjempegreie. Ein god varm følelse innvendig. Utvendig derimot, må det raskt klesbyte til. Iskaldt i austavinden, som får enormt tak her oppe. Av med alt sveitt på overkroppen og på med nytt. Ull, fleece og dunjakke. Ny windstopper hue, baclava og super-vottane. Perfekt! Som ei rulla og innpakka svinesteik...:-) Come what may be... For eit landskap. Ikkje ei sky på himmelen. Stein og snø i alle varianter og mønster... Forførande vakkert... Men ugjestmildt...? Eg gjekk bort på sørvarden og kikka ned til Fossedalen og Dale. Der såg det mørkt ut. Eg sette meg ned litt der ved varden i januarsola. Heit og god i den iskalde vinden som reiv i kjakane... Kongen på haugen! Eg bestemde meg for å gå austover og tok ned Eitreskaret. Eg visste at Agnar og Margrete var på Nipebu. Men det synte seg fort at det låg mykje meir snø på denne sida av fjellet. Nedover mot Krokavatnet vart det difor litt baksing, for underlaget heldt ikkje alltid. Og nedom tjørna og elva til Fossedalsvatnet var det tjukk snø (sjå bilder). Sjølv om det gradvis vart mindre snø lenger nede, avgjorde eg at det ikkje vart Nipebu-tur i dag. Det hadde kosta allereie... Så eg gjekk ned til det islagde Krokavatnet og tok nord att heile vatnet. Som første nyttårsdag. Eg ville ha meg ein pause før eg returnerte heim. Så eg gjekk bort under hellaren ved nordenden av vatnet. Utruleg kor flott det vart. Heilt vindstilt, snøfritt og bar mark under hellaren. Og sola stod nesten midt imot. Eg måtte til og med hive hua og lette på kleda i sola. Det draup til og med frå utstikket av stein. Påske i januar. Rein luksus, opptur og kva det no heiter....:-) Eg låg ein halvtime under hammaren og kroa meg i det sol- og vindtørka fjorårsgraset. Som ein katt som mol. Drakk og åt. Fossedalshengenipa låg rett der framme og det islagde Krokavatnet framfor føtene mine. For ein nydeleg plass. Eg kunne leie der resten av dagen... Finare plass ein januardag skal du leite lenge etter... Eg hadde avtalt eit nokolunde tidspunkt å komme heim på, så eg måtte ned igjen. Eg var vel snart på overtid. Mobildekning er det ikkje ved Krokavatnet. Så eg spaserte resten av vatnet ut, var ein tur oppom Krokavasstølen, før eg gjekk ned igjen DNT-løypa til Markavatnet. Suverèn tur. Nydeleg vèr. Eit fantastisk landskap. Ein kjempedag!
Fra Eitrenipa_Krokavatnet 310109

fredag 30. januar 2009

Nye vindkuler

Teke med mobilen frå toppen av Høgeheia i kveld kl 17.35 Søraust kuling, stjerneklårt, nymåne med Venus som næraste nabo og nydeleg oransje lys ute i havet, prega turen då eg gjekk opp på Høgeheia i stad. Kjempeflott med andre ord. Det bles skikkeleg friskt på toppen som vanleg. Litt is i bakkane gjorde at eg fann det fornuftig å bruke hovudlykta ned igjen. Småspringande. Våt av sveitte i bilen heim igjen... Godt!

torsdag 29. januar 2009

Utblåsing

Utsikt mot t.v. Høgeheia og Stavenesodden frå Toreheia 8/12-07 Oj, det gjorde godt å få sveitte skikkeleg ut på Høgeheia i stad. To dagar i ro var meir enn nok... Rastløysa brann i kroppen. Endorfinane fekk føter å gå på igjen. Raskt opp og jogg ned. Til og med halveges ned igjen før hovudlykta måtte tennast. Nytelse... Nesten vår i lufta her på kysten, mildt og fint, snøfritt og lenge lyst ute i havet! Og snart februar... Snart eller berre... Hmmm

onsdag 28. januar 2009

To dagars pause

Staveneset og Høgeheia teke frå Smørkletten 2/5-07 Det vart to dagar "landligge". Kanskje like greitt. Personalmøte og diverse anna måtte komme i første rekkje dei to siste dagane. Eg fann ein interessant artikkel med vindavkjølingsindeks på yr.no i dag. Den seier ganske mykje om den reelle temperaturen i vind. Er det minus 5 grader og liten kuling, tilsvarar det minus 15 grader. Det gir grunn til ettertanke når du er på tur i vinterfjellet...! Yr ja, det kan ein jo bli av vèrmeldingane til helga. Kaldt og fint. Då er det berre å hive seg rundt igjen...:-)

mandag 26. januar 2009

Stimuli

Det lysnar merkbart. kl.16.43 i Stongfjorden i dag med mobilkamera. Eg hadde ingen planar om fjelltur i dag. Var noko trøtt i kroppen etter helga. Eg sovna som ein stein på sofaen etter å ha ete middag og skumma gjennom Firda. Men Olaug måtte ein tur til Førde. Og Peter vart med. Så då melde mauringa seg i kroppen. Eit par timar seinare enn eg brukar, køyrde eg difor i Hollevika og tok trimruta mi. Nydeleg stjerneklår kveld med litt austavind oppe i høgda. Det ligg litt snø og is mot toppen. Rask og fin tur med jogg ned igjen i lyset frå hovudlykta.

søndag 25. januar 2009

Forførande solbada idyll

Flotte vinterforhold på Eitrenipa i dag,.... men kaldt! Endeleg klaffa det igjen! Med vèr, vind og fridag... Eg var på nippet til å ta avgarde på Eitrenipa i går, men ombestemte meg då eg såg på nettet at meldingane var betre for i dag. Lucky me! I går hadde det vorte tøft... Medan det vart ein glitrande i dag. Eg tok avgarde heime i frå ei lita stund før kl 8, og fekk med meg vèrmeldingane i bilen på veg opp til Markavatnet. Delvis skya først på dagen og seinare pent. Det stemde på ein prikk! Eg var litt i stuss om eg skulle ta det gamle kompaktkameraet eller det nye. Men eg fann ut at eg kunne no berre knipse i veg på auto på det nye, så det vart til det. Eg må nok ha nokre timar med opplæring, prøving og feiling før eg kan bruke det litt betre. Vi får ta det etterkvart... Første delen oppover gjekk lett. Eg måtte nesten halde igjen litt. Men lenger oppe ved hamrane under fossen, vart snøen stadig djupare. Det skal ikkje så store snømengdene til oppoverbakke før det blir slitsomt! Ein mår hadde nytta stien "min" heile vegen opp til under fossen. Sporet såg så ferskt ut at eg venta nesten å sjå karen framfor meg. I tussmørket. Så eg gjekk stilt. For det var ikkje skikkeleg lyst opp langs elva frå Leknesvatnet. Men sveittelukta hang sikkert som ein eim opp dalen, sjølv om eg hadde trekken imot:-) Over hamrane på kanten av fossen, fekk eg søraustvinden midt i fleisen. Og inn heile vatnet sang vinden i øyra. Heldigvis var det blese av ein del snø på vatnet, slik at det ikkje vart så tungt å traske inn her. Eg måtte halde farten oppe for ikkje å fryse. Eg var ikkje tenkt å dra fram dunjakke og tørre ullklede her nede. Men opp "grasbakken" vart det tyngre. Dei som har gått her veit at det er tungt opp til vanleg. I dag, når snøen rakk midt opp på leggen, måtte eg bite tennene ihop. Drøymde meg vekk til utsikta av raud morgonsol på kvite fjelltoppar i vest. Og ute i havet var himmel og hav etterkvart blitt knallblå. Utruleg vakkert i kontrast til alt det kvite rundt meg. Oppe i Nordskaret var snøen mange plassar blesen heilt vekk, slik at den knallharde skaren og is spegla underlaget. Fjellets blankslipte våpen skal du ikkje leike deg med... Fram med broddane. Då gjekk det betre oppover. Eg var nesten glad det var slik, istaden for djup snø som lenger nede. For her oppe er det bratt... I enden av dette skaret og opp og over i Vestskaret, er den skumle plassen som hallar rett utfor fjellet. Det er alltid eit lite spaningsmoment korleis det ser ut her. Snøen hadde lagt seg slik at det halla ganske bratt utfor, men heldigvis låg det noko snø på toppen av skaren og isen akkurat her. Så det gjekk fint å forsère over og vidare opp. Lenger oppe var det meir is, men her er det fleire val for å komme seg opp. Og du siglar ikkje utfor fjellet om du sklir. Eg skreiv meg inn i boka kl 10.20. Fekk av meg alle sveitte klede. Det var ein rivande kald austavind. Kombinert med nokre minusgrader, skal du ikkje stå lenge i bar overkropp. Og spesielt nevane blir som isjuklar på nokre augneblinkar. Eg tok meg ei runde bort på sørvarden og knipsa litt òg. Det var nydelege forhold. Blåfrose, men ganske snøfritt. Det hadde nok blese full storm tidlegare i veka ja! Hylande ugjestmildt! Men no var det fantastisk å sjå ut over snødekte fjell i alle retningar. Forførande vakkert i januarsol, herleg, herleg, men farleg, farleg... Godt å fått på seg tørre og varme klede... Eg hadde ikkje heilt bestemt meg for kva veg eg skulle ta ned igjen. Eg vog litt på sør om og nord til Markavatnet igjen den vegen. Men det vart til at eg tok ned att same vegen. Eg var redd det låg mykje snø i Eitreskaret og ned mot Krokavatnet. Og det hadde teke på å komme så langt... Turen ned igjen er i grunn ikkje så mykje å seie om anna enn at det vart aldeles nydeleg vèr. Strålande sol frå blå himmel. Reine påskestemninga nede på vatnet og mot fossen igjen. Og ja så låg eg langflat nedom skåra med wiren ved fossen. Ikkje berre ein gong, men to! På stumpen først så det sang og på magen deretter med fjeset i snøfonna. Ingen skade skjedd. Kjempeflott tur!
Fra Eitrenipa 250109

lørdag 24. januar 2009

Litt kvitt i høgda

Ved Fossedalshengenipa på veg til Nipebu frå Eitrenipa 4.juledag 08 Eg kutta ut langtur og stakk oppom Høgeheia igjen i dag tidleg. Skodde og nedbør var ikkje så freistande på Eitrenipa. Ser meldingane er betre for morgondagen, så eg får sjå det an til i morgon tidleg. Det var begynt å snøe litt oppe i bakkane i dag tidleg og ganske glatt. Eit nytt overtrakk på x-antal andre var ikkje særleg godt. Eg køyrde ned til Askvoll og kjøpte med ein Vulkan-sokk som skal hjelpe på. Men pytt, i morgon er det sikkert nokolunde bra igjen. Elles artig med ny side på Origo frå Stongfjorden. Eg la ut ein liten bunke bilder frå arkivet i dag tidleg. Vi får fylle på litt etter kvart...

fredag 23. januar 2009

Snøfri vinter

Søndre og Nordre Kringla i låg desembersol 28/12-08. Teke nord om Øvre Fossedalen. Skreiv meg inn i boka på Høgeheia i kveld kl 17.35 utan å ha tent hovudlykta. Sjølv om det var tungt i vèret, heldt det med lys opp som sist. Ok - det var mørkt siste delen, men ikkje verre enn at eg fann vegen.... Har vore mykje søraust vind i det siste. Iskaldt og opplett. Slik var det i kveld òg. I tillegg var det ganske hardt og isete mot toppen. Og omlag snøfritt. Kjem det meir snø? Godt å halde maskineriet i gong... Fin trimtur!

onsdag 21. januar 2009

Skodde - igjen

Frå den superbe turen på Eitrenipa 6/12-08. Agnar "rir inn i solnedgangen"... Eg måtte skryte litt av Olaug i kveld då ho kom inn i stova og hadde krope opp i ei brok tilhøyrande dottera på 17. No er ikkje Marie akkurat nokon stor figur å snakke om... så med 4 ungar på samvitet held fruen seg bra. Peter på sedvanleg vis var ikkje like imponert. "Du ser middelaldersk ut", sa han... Det medførte ein viss åtgaum i huset... Kor 8-åringen tek det frå må no fuglane vite. Men gullkorn har han stadig på lur...:-) Eg fekk på meg eit sørgjeleg vèr oppe på Høgeheia i stad. Iskaldt regn og sludd piskande i fjes og kropp. Og skodde tjukk som graut - igjen... Heldigvis hadde eg retta opp nokre refleksstenger og "etterfylt" med eit par stk, så eg fekk ikkje same problema som då eg gjekk meg vill. Men steike meg kor tjukt det vart. 3 meter sikt kanskje... Eg såg stort sett refleksen frå stikke til stikke. Men eit par gonger var det godt å ha spora i snøen frå turen opp å gå ned igjen etter... Ingen spøk i svarte kvelden... Jammen er det godt å hoppe i dusjen når eg kjem heim slik. Varmt rennande vatn på ein iskald kropp. Og den herlege varmen som sig inn i kroppen etterpå - både innvendig og utvendig... Med god fyr i peisen i tillegg... Livet er herleg når eg får springe litt...:-)

mandag 19. januar 2009

Våryr i januar

Utsikt frå Høgeheia gjennom Granesundet og sør til Lutelandet i haust. Eimind t.v og Atløy t.h. Slutta jobb i Førde kl 1600 og var i Hollevika kl 1706, ferdigskifta i fjellklede. Og jammen nådde eg toppen på Høgeheia utan å tenne hovudlykta! Utruleg kor det lysnar... OK - eg gav på litt ekstra oppover for å sjå om eg greidde det... Det er jo utruleg kor lenge du klarar å gå på berre nattsynet òg, når du ikkje får det forstyrra av anna lys. Ein veldig stor meteor gjekk gjennom atmosfæren rett vest av Florø då eg nærma meg toppen. Ein så stor ein kan eg ikkje hugsa å ha sett før. Ei diger rosa og grøn eldkule fòr over himmelen i rasande fart... Og med ein utruleg lang eldflamme til hale bak seg! Det var eit fantastisk syn. Fyrverkeria nyttårsafta var småtteri i forhold! (Ser no etterpå at meteoren er registrert mange stadar. Spørsmålet er om nokon hadde betre utsiktsplass enn eg, der i mørket på fjellet...he he..) Hovudlykta måtte sjølvsagt på ned igjen. Men eg vart så spretten og yr likevel. Kanskje det var kjensla av lysare dagar som virka inn? For det vart liksom litt ekstra tjo og hei over fjellrabbane, frosne myrar og gamal lyng til havs igjen. Lett på foten. Over stokk og stein. Nesten som i joggesko sommarsdagen. Vårkåt i januar er farlege greier...:-)

søndag 18. januar 2009

Rutine

Utsikt mot Blåeggga, Rørviknipa og Blegja frå toppen av Eitreskaret 1/1-09 Eg tok same opplegget i dag tidleg som i går. Var faktisk heime igjen før klokka 10.30... og rakk frukosten med dei andre i huset! Og steike, det blåste i dag òg! Eg tok med meg fantombrillene. Det hjelper godt på å sleppe og få vinden i auga (dei renn heile tida då...). Elles var vinden minst like sterk som i går, men meir søraustleg. Noko som gjorde at eg fekk den midt imot meir mot toppen. Og omvendt ned igjen.... Men vind er vi vande med etter kvart...:-) Det gjekk såleis fort opp - og ned igjen sprang eg heile vegen... God morgontrim!

lørdag 17. januar 2009

Frisk og salt havluft

Utsikt mot vest 14/10-08 Det måtte halde med ein tidleg morgontur på Høgeheia igjen i dag. Eg var jo omlag nett komen ned igjen, men... Eg køyrde ut på Staveneset rett etter at det var lyst nok til å gå frå Hollevika. Vi fekk besøk frå Åsane i går kveld, så det var best å halde seg i "bakgarden". Kunne vel nett ikkje stikke av i timesvis heller. Men Olaug ordna med frukosten, og eg var tilbake på "no time"...:-) Det var opplett, ganske mildt, men bles skikkeleg i øvre delen mot toppen. Så eg sjangla oppover i motavinden. Når eg har litt frekvens i fråsparket, er det moro når eg blir ståande på same flekken og trakke fordi motavinden og kasta er så sterke at eg ikkje klarar å flytte meg... Eg måtte le høgt eit par gonger...:-) Det var som eg stod rett opp og ned og trakka druer i ein stamp...:-) På toppen var det action! I eit voldsomt vindkast fauk heile den store boksen, som den små boksen og boka ligg opp i, utfor hammaren mot nord og mot Stavfjorden. Og eg etter! Altså - EG fauk ikkje utfor då...:-) Men heldigvis tok ikkje vinden så sterkt nede på nordsida, så eg fekk tak i begge delane til boksen lenger nede på ein avsats! Og hadde mi fulle hyre med å komme meg i skjul bak varden igjen opp mot platået i motavinden ! Du vil ikkje tru kor det bles her oppe i fjellet ute mot havet før du har opplevd det...! Eg drog pusten djupt då eg bestemte meg for å hoppe fram bak skjulet frå varden. Og vart tvinga ned på fire ganske kjapt... Men kom meg fort meir i skjul nedom toppen. I med- og sidevind ned igjen gjekk det radig. Eg småsprang på den småisete stien så fort som eg torde i vinden, og var nede igjen i Hollevika på 1-2-3! Resten av folket heime var akkurat ferdig med frukosten då eg kom meg i hus igjen. Perfekt! Eg hadde fått litt energiutløp og dei andre var kvikna til òg... Fin start på dagen med andre ord...! MMS av ei "flaksande ørn" på Høgeheia i dag tidleg (mobilen står skjult inne i varden) MMS mot aust og Stongfjorden, Størdal, Eidsfjorden og Follevåg. Vi ser frå venstre m.a. desse fjella: Indrevågefjellet, Kvamsnipa, Blegja, Skålefjellet, Svarthamrane, Fanafjellet, Størdalsstauren, Moldura og Kalderasnipane...

fredag 16. januar 2009

Syngande vindar

Tidleg haustmorgon ved Løvika. Heilevangsstaurane i midten og Blegja-platået t.h. Så var det den orren igjen... Eg kvapp så eg skvatt då han brasa opp 2 meter framfor føtene mine, i høgre kant av lysstrålen frå hovudlykta... Ganske høgt oppe ved Høgeheia i kveld. Elles tok vinden godt oppe. Eg sjangla og dansa i kasta etter ranen. Og på toppen hylte vinden i varden. Men det var fint å gå, frosten i bakken var begynt å tine. Stimulerande trim - igjen!

torsdag 15. januar 2009

Grå og fruktbar

Åleine står ho - på kanten av stupet. Sommar som vinter. Gamal og grå, vindskeiv og krokut - prega av tidens tann. Enno fertil... Dei er hardføre etterkomarane... Fin trimtur på Høgeheia igjen. Det gjekk lettare i kveld enn i går. Kroppen produserer vel raude blodceller på løpande band etter blodgjevinga. Nye og friske. Gode for kroppen. Eg trur det er sunt å gje blod, spesielt for mannfolk som ikkje får fornya blodet på same måte som damer. Og så er kroppen trena til å produsere nye celler hvis du kjem ut for alvorlege ulukker og blodtap. Men det viktigaste er sjølvsagt at du hjelper andre, og kan vere med på å redde liv. Bli blodgjevar. Det er fornuftig... Eg retta og flytta eit par, tre av stengene i kveld. Med skoddeturen friskt i minne. Elles var det ein nydeleg og stjerneklår kveld. Eit par, tre kuldegrader gjorde den friske sønnavinden ganske kvass i kantane. Myrane og stien var stort sett beinfrosne. Måtte vere litt obs på frosne berg, men fint å gje på opp og springe ned... No er det visst nedbør og vind på gang igjen. Typisk til helga. Vi får sjå det an. Kan ikkje gro fast i sofaen heller...

onsdag 14. januar 2009

Ny forsikring

Midt i Eitreskaret 28/12-08 kl 10.25. Botnatjerna nederst, og ein flik av Fossedalsvatnet mot midten. Heileberget i øvre delen. Eg tok med meg to nye refleksstenger på Høgeheia i kveld. Og plasserte ut ei mellom dei to stengene der eg gjekk meg vill hin kvelden. Den andre sette eg opp nærare toppen. For dei som tykkjer dette ser mykje ut, kan eg forsikre om at i mørket med snødrev og skodde treng du kvart haldepunkt som er! Hvis ikkje du trur meg, kan du prøve sjølv...:-) Veldig fin tur opp der i kveld, sjølv om eg merka årelatinga i går...! Blikkstille hav og stjerneklårt. I tillegg har det lysna veldig rundt kl 17 om ettermiddagane no, så det var faktisk ikkje heilt mørkt då eg runda Staveneset. Det var difor ein praktfull rosa himmel som spegla seg og kvarv ute i havet. Utruleg vakkert! Elles var det frose på oppover. Spesielt steinane var glatte. Så eg heldt igjen litt ned igjen... Men det gjekk greitt utan broddar. Dei nye skoa er godt mønster i - endå...:-) Eg tykte Peter var god seinare på kvelden heime, då han fekk skru ut dei gamle broddane på Vibramsålane og skru inn dei nye. Han seier då: Det er godt å gjere litt mannfolkarbeid - eg får trene musklane...:-)

tirsdag 13. januar 2009

Leik og blod

Vi ser Heileberget t.v og Fossedalshengenipa med tidleg morgonsol. Dei tre høgste toppane med sol i vest er Dokka, Vardenova og Moldura. Bilde frå toppen av Nordskaret på Eitrenipa kl 10.11 den spesielt kalde søndagen 4/1-09. Eg har fått diverse spit etter den famøse turen i vilska i går kveld. "Folk på over 50 fær på ditta viset"... "du kjem til å ende dine dagar der oppe i fjellet"... (No har eg vel sjølv skrive om ei viss beingrind tidlegare..) Er vel akkurat som eg skulle høyrt bestemor mi... Hmmm, og no er eg bestefar sjølv... Vel, akkurat den merksemda kunne eg gjerne vore forutan. Er no måte på narcissistiske forstyrringar eg skulle lide av. Men ok, det er vel humoristisk meint, med litt alvor... Og eg ber vel gjerne om det sjølv. Det enklaste hadde jo vore og ikkje nemnt noko, eller lete vere å blogge for den del. No tykkjer eg jo det er litt kjekt å skrive. Utadvend som eg er... Og nokre sysler må ein jo ha. Men over til noko anna. Life goes on... Eg måtte le godt av Olaug i stad. Eg hadde fått dei nye broddane mine, som kan sjå ut som ein slags skruar, og lagt boksen på kjøkkenet. Ho tek opp boksen, ser på den og så på meg og seier: Er du sjuk? Skruar? Ho har jo sjølvsagt avslørt meg for lenge sidan. At eg ikkje er nokon handyman, sjølv om eg praktiserte forskjellig i huset mitt i Dale. (Handyman - uff for eit ord) Men kanskje dette er ei slags form for skalkeskjul? Ja, for å gjere andre ting eg har meir lyst til? Eg er vel egentleg av den oppfatning at ein får til det meste her i livet, berre ein er motivert nok og ikkje gir seg... Universalgeni er det vel få av uansett... Eg tok meg ein telefon til blodbanken. Og fekk tappa av meg 1 liter raude blodceller i "melkeseperatoren" i dag. Sidan dei tappar dobbel dose, og køyrer innatt all "skiten", får eg berre gje to gonger i året. Det passar jo bra, for den forbaska flåtten vi er plaga med om sommaren gjer at eg ikkje får tappe då. (Det er 1 månad "karenstid" etter siste bitt...) Så det var greitt å ta det i dag... Sidan eg har høg blodprosent og tjukt blod, og av og til ikkje får i meg nok væske, blir eg lett tung i hovudet. Dorsk og slakk... Etter ein dag eller to føler eg meg alltid kvikkare og lettare av blodtappinga. Årelating skulle jo hjelpe mot det meste i gamle dagar... Men eg fekk klar beskjed der inne på sjukehuset. Roligge. Ellers kan du møte veggen... Å møte veggen to dagar på rad - DET er iallefall i meste laget. Så i kveld blir det "Ut i naturen" på TV...

mandag 12. januar 2009

På vidotta

Minus 15 grader og frisk austavind på Eitrenipa 4/1-09 Eg trudde rett og slett ikkje det var mogeleg å gå seg så vill som eg gjorde oppe på Høgeheia i kveld. Eg har jo vore der fleire titals gonger sidan fjelltrimposten vart lagt ut i oktober. Og dei fleste gongene i mørket med hovudlykt. Eg har i tillegg plassert ut refleks-stenger på øverste delen av ruta. På lyse dagen ser det faktisk litt komisk ut med all merkinga synest eg... Men eg må innrømme at eg ikkje lo mykje der oppe i kveld. Det var faktisk ramme alvor... Skodda låg så tett at eg kunne skore ho med kniv. Det tjukna til ved den eksponerte ranen mot sør, og på 1-2-3 var det heilt tett. Her oppe er det i tillegg dårleg sti, og eg bomma på stanga som står i slukta før den nest siste oppstigninga. Og såg ikkje stanga bak meg igjen heller. Eg tok antakeleg for langt og for tidleg til høgre, og rota meg bort i nokre hamrar og store steinar eg aldri hadde sett før. Over ei myr og eit par små elvar, og var fullstendig på bærtur... Eg såg ingen ting eg kjende! Største problemet var jo at skodda reflekterte alt lys frå hovudlykta. Ei lykt eg tykte var begynt å lyse dårlegare... Eg måtte snakke eit par alvorsord med meg sjølv... Og sidan det var så pass mildt og opplett, og eg var godt kledd, tenkte eg at i verste fall skulle eg tole ei natt under open himmel. Problemet var vel at dei fekk fnatt heime... Eg trur eg rota på minst eit kvarter der i mørket og skoddeheimen, før eg såg att refleksen på ei av stengene. Eg pusta letta ut. Men kva stang det var, hadde eg ikkje peiling på då eg kom fram. Det var iallefall ikkje stanga i slukta. Eg bestemte meg for å gå så langt vekk frå denne som eg kunne for å sjå etter neste, men utan at eg miste den første av syne. Slik fekk eg auge på refleksen på ei til. I ein heilt annan retning enn eg trudde. Og eg visst framleis ikkje kvar eg var, anna enn at eg var på veg ned igjen. Trudde eg. Eg gjorde det same med denne stanga som den førre eg fann, og såg etter eit bèl ein refleks til. Då fekk eg hakeslepp... DET var stanga i slukta!! Eg hadde gått ein heil ring rundt denne og begynt opp igjen på der eg var komen frå! Eg hadde vore totalt på vidotta.... Og klarte ikkje å la vere og le (av lettelse?)... (At eg ikkje kjende meg igjen må skuldast at hjernen var på veg ned, medan kroppen var på veg opp...:-)) No var det ikkje så langt igjen til toppen. Stengene står litt tettare siste biten, så eg gjekk vidare opp. Eg var veldig offensiv og klar i hovudet ned igjen. Ikkje eitt feilsteg, og fann greitt stanga nede i søkket. Problemet var den neste som står noko høgare i vest. (Her må eg ha opp ei stang til!) Men no var eg så sikker på retningen at eg gjekk rett på. Det funka. Og vidare vest og nedover, gjekk det rimeleg greitt til skodda forsvann nedom ranen. Puh! Dette var leik og spel i kveld altså. Antydning til fuglar i magen og litt lette etterpå. Vill åleine på fjellet i mørke og skodde, er vel ein tilstand ingen ynskjer... Fjellvand eller ei... Det er berre så viktig å ikkje få panikk!

søndag 11. januar 2009

Skrål og bad

Utsikt mot Svanøya og Grimelia frå Høgeheia i går Eg hugsar ikkje sist eg ikkje var på fjellet ein sundag, i ei eller anna form. Men i dag passa det så godt å late vere... Vèret var mildt sagt elendig i dag òg. Regn i bøtter og spann, skodde og hylande vindar oppe i fjellet. Dette, og at vi har hatt liggjande ein gevinst på 10 klipp badedagar på Hauglandssenteret sidan i fjor sommar, gjorde at vi heller tok badetimane inne...:-) Og sidan Åsta Johanne, minstejente til Mildrid og Sigmund i Dale, hadde gebursdag, passa det så utmerka å nytte noko av premien... I tillegg vart Håvard, Miriam og Tora med frå Stongfjorden òg... Mange fluer i ein smekk! Som bestilt på ein uvèrsdag... Det var eit yrande liv på Haugland. Ikkje ein ledig knagg i herregarderoben. Og symjinga måtte eg vente med. Det var for mykje armar og bein i vegen i 25 meters bassenget. I staden vart det eit køyr i sklia ilag med Peter. Om han kosa seg...? Tora på knappe året, hadde òg ein stor dag i det varme bassenget ilag med foreldra og bestemora. Ho elska vatnet og skein som ei sol... Noko seinare, då det minka på ungar og folk, fekk eg symje med eg ville. 50 gonger 25 meter gjorde meg skikkeleg andpusten. Så i morgon er eg vel stiv og lemster i muskelgrupper eg til vanleg ikkje brukar... Då eg budde i Dale var eg på Haugland eit par gonger i veke, men no blir det med symjinga i fjorden om sommaren. Symjing er god trening, kanskje eg skulle bruke bassenget i Askvoll meir? Gebursdagen på Yksnebjør samla nesten halve slekta. Kjekt å ta turen inn og helse på folket mitt i Dale. Blir vel litt for sjeldan. Men så er det den forbaska ferja då... Anten har ein for god tid eller så har ein for dårleg tid! Håpar ferja er pensjonert før eg er...

lørdag 10. januar 2009

Heftig sønnavind

Enkelte bølgjer slo langt inn over land på Staveneset i dag. Eg slo i går frå meg å gå på Eitrenipa i dag. Garantert blaut og tung snø, overflatevatn på Leknesvatnet og truleg is oppe i skara. Agnar hadde i tillegg advara meg. Eg tok ikkje sjansen åleine. Etter ei natt der huset vart rista av vinden gong etter gong, var duren av vinden oppe i Yndestafjellet som eit evigvarande torevèr i dag òg. Sønnavinden dundra inn i høgste delen av fjellet. Eg tok difor likegodt ut att på Staveneset og Hollevika, og gjekk på Høgeheia i dag òg. Det fekk halde med halvannan time eksponert i vinden og ikkje 4-5. At det vart friskt er vel ei underdriving. For eg vart fillerista. Og fleire gonger måtte eg ned på alle fire for ikkje å bli blåst overende. Langs bergnakkane var det skummelt nok.... Hjelm var eg ikkje utstyrt med... Rart vèr egentleg. Januarsola stod opp flott i sør. Skyene dreiv i vanvittig fart over himmelen. Og vinden var av storm styrke, garantert. Likevel fekk eg teke nokre bilder der oppe. Nede på Staveneset slo havet flott innover land. Trass i rein sønnavind. Flott skue langs strendene. Det er fart og kraft i sjøen i slikt vèr. Mektige krefter. Rart ikkje fleire folk ser verdien av å oppleve naturen slik. Eg traff berre ekteparet Lien på turen. Dei er faste gjestar på Staveneset.
Fra Høgeheia 100109

fredag 9. januar 2009

Ein gledens dag

Motiv mot sør i vestskaret under toppen av Eitrenipa kl 10.14 den iskalde søndagen 4/1-09 Regjeringa har i dag oppretta Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde. Det blir difor inga kraftutbyggjing i Gjengedalen. Det er utruleg gledeleg for oss som ynskjer å ta vare på desse globalt verdifulle naturområda for ettertida. Ja, det er ein siger for heile landet og meir til! Vår felles arv må handsamast med omhu. Det er flott at vi har politikarar som skjønar dette... Eg er i kveld varm om hjarterota...:-) Vel, det er eg no egentleg ganske ofte...:-) Eg var tenkt å kule han i kveld. Og hadde ingen planar om fjelltrim. Eg var dødstrøtt og tung i hovudet etter ein kavete dag på jobb. Men etter middag og ein kvil, var alt som blåst bort... "sporløst forsvunnet"...:-) Ein omlag full måne nærast lokka på meg då eg sjekka vèr og vind ute på trappa. Og eg fekk ræva i gir! Action, action... Og eg var klar på 5 minutt, og køyrde rett i Hollevika. Det er ein del overvintrande rugde ute mot Staveneset. Dei er ganske trege når dei flyg opp ved vegkantane. Eg er levande redd for å køyre i hel nokon av sorten. I kveld stod det ei inne i halve vegbana, og nekta å ta til vingene då eg kom køyrande. Eg måtte difor nesten i grøfta med bilen for ikkje å køyre fuglen i hel. Fullmånen kom og forsvann litt bak raske skyer. Og sønnakulingen tok bra oppe på fjellet. Eg brukte berre hovudlykta på minimal styrke opp. Men i fullt firsprang ned igjen, var det greitt med litt meir guff på. Terrenget var bart, men blautt. Det er difor greitt å gå inn kjellaren når eg kjem heim, og få spylt av skiten. At eg har ei snill frue har vel dei fleste forstått etterkvart. Men her om dagen hadde ho jammen tømt sluken òg... Var ikkje nett noko annensortering eg fann i vaksen alder... Den som leitar han finn...:-)

torsdag 8. januar 2009

Vestavind

Det er nok meir enn ein fangstmann som har overnatta under hellaren like ved Krokavasstølen. Som eg. Krokavatnet ligg kloss i. Dette er eit godt og produktivt fiskevatn. Det er knytt fleire segner til den avbilda hellaren. No har vel noko av steinoppsatsane rasa ut med åra, men framleis er skjulet for vèr og vind like godt. Her er den sørvende hellaren i januarsol 1/1-09... Ein ting eg har lært meg i vaksen alder og det er å ikkje setje meg ned å vente på kvinnfolk som er på salg. Då kan du lett bli utolig... Det er som dei kjem inn i ein eigen rus når dei er på det køyret. Og det tek tid. Så etter at Peter hadde fått seg nytt spel på DS`en, og vi hadde køyrt heim frå Førde, la eg meg rett ut på sofaen og sovna... Farleg godt. Problemet er berre å kome til hektene etterpå. Og faren for at ein god fjelltrimtur går i vasken er overhengande. Men fruen kom ho - innanfor min deadline. Og eg kom meg avstad på fjelltrimposten. To timar seinare enn vanleg... Serien "Sporløst forsvunnet" hadde seriestart på NRK1 i går kveld. Den har gått på ein ein eller annan kanal tidlegare. Ein serie eg har likt godt. No har eg vel nemnt før at om eg forsvann sporlaust på Eitrenipa ein dag, fann dei vel att beingrinda til våren. Men det var i grunnen ikkje det eg fekk assosiasjonar til med denne tittelen på Høgeheia i stad. Heller snøen som fall i fjor... For den var fullstendig fordufta. På ein dag! Snø og is og heile sulamitten. Eg trur det må ha med sjølufta frå ramsalte havet å gjere... Milde vestavindar sang meg i øyra. Vårlege kjærteikn i svarte kvelden. Terrenget var gjennomblautt. Men jammen kom eg meg opp og ned utan ein einaste regndrope. Kanskje like greitt å takke fruen med ein gong...:-)

onsdag 7. januar 2009

Ein smak av honning

Nordre og Søndre Kringla og Krokavasstølen 1/1-09. Krokavasstølen ligg fint til i nordenden av Krokavatnet. Som i Fossedalen budde det folk her i gamle dagar. Det er fortalt at ein vinter vart folk i Fossedalen ottesame for menneska på Krokavasstølen, avdi dei ikkje hadde høyrt frå dei. Det var visst enorme snømengder denne vinteren. Og då Fossedalsfolket kom fram for å sjå etter om det stod til liv på Krokavasstølen, var husa nedsnøa. Til all lukke såg dei likevel at det rauk frå skorsteinen som stakk opp av snømassane... I gamle dagar var fjellovergangen frå Dalsfjorden via Fossedalen og Krokavatnet til Førdefjorden, brukt som ferdselsåre. Dette er kortaste vegen nord/sør og den ruta som ligg lågast i lende over fjellet. Det var mange frå Dale-sida som reiste denne vegen til Florø og på sildefiske på Stadhavet. Området elles er rikt på kulturminne og flott natur. Fossedalens Vener er ein aktiv interesseorganisajon med mange medlemmer. Føremålet er å ta vare på dette området for ettertida. Eg måtte le litt av meg sjølv då eg køyrde ut i Staveneset i stad. For på føtene hadde eg allereie teke på meg broddane... heime! Skulle så visst ikkje ha nokon reprise av den famøse turen på mandag (armen er framleis fiolett). Føret var nokolunde det same som då, men eg sat på som ein klegg oppover bakkane. Over isete steinar og sva, frosne myrar og fastfrosne steinar. For ei glede i forhold til hin dagen. Var berre å gje på for full musikk opp gjennom bakkane og til topps på Høgeheia. Herleg! Som om ikkje det var nok, var det så lyst i kveld. Nysnøen og ein halvveges dekka måne av skyer, gjorde det flott å gå. Ja, eg kunne slå av hovudlykta eit stykke ned igjen. Det var ein perfekt trimtur... No er det visst berre å ta vel i mot neste lågtrykk. Dei melder regn og vind i dagesvis... Ja, ja då er det fram med goretexen igjen då...:-)

mandag 5. januar 2009

Halling og samba

Modemet t Pcen gjekk visst an i dag, så dagens miniblogg blir frå mobilen. Eg fann eit gamalt bilde på den frå Yndestadfjellet mot Toreheia. Eg var ein trimtur på Høgeheia i stad. Håplaus tenking å reise opp m slitne sko på Frose underlag og 2 cm nysnø. D var glatt ja, ikkje berre d, var faktisk ikkje heilt ufarleg! Gjekk på tryne så d sang og landa på albogen og underarmen... Vondt. Og eg tenkte den var av m d samme. Slik går d når ein skal spare nye sko og broddar... Ja ja eg kom no frå min eigen dumskap denne gongen òg... (Får halde m mobiltrykking no) God kveld:)

søndag 4. januar 2009

Iskald glede

Tidleg januarsol på Fossedalshengenipa og Blegja i dag.

Sidan det var meldt betre vèr i dag enn i går, valde eg å "spare" Eitrenipa til i dag. Eg gjekk rett etter av det var lyst nok til å gå frå Markavatnet, før 8.30. Det var kaldt og skyfritt.

Eg følgde eit spor frå i går til ein kar som hadde gått same ruta som eg hadde tenkt meg. Bort til vatnet og opp ved elva nord om brua. Sporet følgde ganske så nøyaktig ruta der eg tidlegare har gått. Det gjekk vidare opp over hamrane. Eg var sikker på at det var ein kvan som hadde vore på Eitrenipa i går. Eg vart difor forbausa då spora brått snudde akkurat under fossen frå Leknesvatnet, der ein går wiren opp skåra i fjellet. Eit par spørsmål vart liksom hangande i lufta etter dette... Vel, det er ikkje alltid ein får svar på hvem, hva, hvor...

Det vart ganske tungt å vasse i den nye snøen. Ca 15 cm var komme ned. Det låg jamnt inn over vatnet til opp over anklane. Fleire plassar vidare oppover var det fòke i hop til ei høgde som rakk midt opp på leggen. I bratte bakkar er dette sjølvsagt tungt... I det smale og bratte partiet i botnen på vestskaret under toppen, var det igjen farlege forhold. Snøen låg i bratt vinkel rett ut for fjellet. Og under var det skare og is... Eg glei eit par gonger, og måtte bruke nevane... ikkje akkurat der det er mest kritisk... Men opp kom eg meg. Og blei møtt av ei nydeleg ny januarsol... Minus 15 grader og ein isande kald austavind...

Eg gjekk til klebyte med stor iver, og fekk av meg alt på overkroppen. (Av ein eller annan merkeleg grunn har det slått meg fleire gonger at akkurat når eg står slik, naken ovantil, så lurer eg på om eg hadde overlevd slik heim igjen. Kanskje ein psykolog kan gje meg svaret på kvifor denne abnorme tanken slær meg...? Det er jo absurd... for det hadde eg ikkje, garantert!) På med to nye ull Devold-trøyer, dunjakke, vottar, baclava og ny vindtett hue. Då eg så skulle pakke ned dei sveitte kleda, var dei sprø som flatbrød. Eit bal med å få dei ned i sekken... var redd dei skulle knekke...!

Ja, det var tøft der oppe i dag! Å operere lommekameraet med bare fingrar var ei liding. Eg var likevel bort på sørvarden og tok ein videosnutt og nokre bilder der òg. Sidan det var kome så pass mykje snø, var eg ikkje i tvil om å gå ned att same vegen. Å gå rundt fjellet austover, ned Eitreskaret, og vidare nord Krokavatnet, vart for tungt. Det hadde allereie kosta mykje å komme seg opp...

Eg tok meg ein liten rast ovanfor lagunane på vestsida av Leknesvatnet på returen, før siste biten ned til bilen. Her var sola komen fram. Og med mindre vind var det nydeleg i solbakken, trass i kulden. Flott utsikt i alle himmelretningar. I aust ligg Blegja, Eitrenipa og Leknesvatnet, i sør Fossedalshengenipa og i vest Skjerlia, Flokeneset, havet og øyane mot Florø. Ei fantastisk panorama-utsikt...
Fra Eitrenipa 040109
Fra Eitrenipa 040109_video

lørdag 3. januar 2009

Som ei forelsking

MMS frå Høgeheia, Hollevika og Staveneset i dag tidleg Det er så ymse ein blir funderande på, og "pratande" med seg sjølv om, på fjellturar. Eg ser stadig vekk at rundt nyttår har folk ynskje om å nytte naturen meir i det nye året, gå oftare tur, halde seg i form, finne styrke i kvardagen ved mosjon etc, etc. Klisjeane florèrer. No sist las eg at fylkesordføraren, garantisten for den nye monster-kraftlinja og all vind- og småkraftutbyggjing, skulle mosjonère meir ved turgåing... Ja, nyte naturen. Det minner meg dessverre om nyårsforsetta til dei som vil besøke si gamle og svake mor på sjukeheimen oftare i det nye året... Mange fine ord som gjer seg i avisa. Det er in med slikt på denne tid... No kan vel enkelte hevde at det har bikka over for meg på hin måten. Har ikkje du ro i ræva? Bur du der oppe på fjellet? - får eg stadig vekk høyre... No må eg av og til minne folk på at eg går i full jobb og har to timar pendling kvar dag òg... Og kva ein brukar fritida til, anten det er å realisere seg sjølv i ein bil eller ein båt, musikk, hestar, fotball og you name it, er individuelt betinga. Min elsk til naturen, fuglar, fjellet og trim i same slengen, er no ei greie, mi greie, som det heiter på fint. Interesser går litt i bølgjedalar òg - eg brukar av og til å seie, litt flåsete, at laksefeberen kosta meg første ekteskapet! Dei greiene slutta eg med då eg fekk min første oppdrettslaks på dorg i Dalsfjorden.... Det var eit sjokk. Eit menneskeskapt misfoster som høyrde heime i ein låst kum! Eg hugsar fisken like godt i dag 25 år seinare... Feberen var slutt, der og då, hjartet vart kaldt... Naturen er til låns. Til låns for etterkomarane våre. Som indianarane seier: ingen eig naturen. No vil vel bønder og SP-arar med eigne gjerder protestere høglytt. Og som vi veit - samfunnet rundt oss sel elvar og fossar og vatn, kysten og fjellet til høgstbydande for å få meir pengar i eiga lomme. Som om vi ikkje har nok frå før av. Slik er det over heile kloden. Ein klode som snart er rasert på rekordtid i historisk målestokk av klokaste skapningen som har eksistert. Eg må innrømme at eg har problem med slike tankar. Dei føl meg ofte på turane mine. Ikkje misforstå - eg trur ikkje eg har løysinga på alle naturmessige spørsmål. Men det som ofte undrar meg er kor ulikt folk er skrudde i hop. Eg på eine sida - ein innbarka naturvernar som føler ein sterk personleg identitet til naturen rundt meg (eg skulle vore indianar) og somme andre som meiner at all natur skulle vore utbygt og utnytta.... Ja, rasert meiner no eg! Livet er egentleg veldig rart.... Kvar finn ein motivasjon til det ein balar med? Kva motiverer ein? Korleis realisere seg... Eg tenkte på det òg på Høgeheia i stad. På fjelltrimmen. På nærleiken til naturen. Sjølvforsterkande er eitt ord eg kom på. Det er sjølvforsterkande når du er i ein tilstand som gjer deg glad og lukkeleg. Det er DET du vil bruke tida på. Som ei forelsking. Du kan ikkje gjere noko med det. Du blir berre riven med. Du berre MÅ ha det... . Som sjokolade. Som sukker. Som ein rus! Er DET lukke? Å vere rusa på fjell? Er eg rusa på fjell? Eller berre rett og slett forelska - i fjell? Som impulsiv, lidenskapeleg, sjølvopptatt og vel, sikkert litt sær vil nokon seie, er eg ikkje heilt uvand med det... No er vel andre rusa på russtoff som alkohol eller religion. Religionskrigen m.a. i Midt-Østen er hinsides... Eg las ein plass at det var tre former for rus: Religion, alkohol/stoff og kroppens naturlege endorfinar. Eg har ikkje prøvd førstnemnde, så den rusen kjenner eg ikkje. Men pr i dag er eg vel ikkje i tvil om at eg vel sistnemnde... Dei to første fører berre til elende! Enkelte vil vel hevde at "å stikke til fjells" er ein flukt frå kvardagen. Flukt frå problem og møye. Personlege problem. Heime og på jobb. Slik oppfatning har ikkje eg. Det har eg aldri kjent på. Eg har vel meir den oppfatninga at personlege problem fører til stillesitting og ikkje akkurat hyperaktivitet. Men at du føler deg sterkare til å løyse problem du måtte ha ved å halde deg i form, er vel ei kjend sak. Eg har likevel vanskeleg for å sjå for meg fylkesordførararen og andre utbyggjingskåte folk på natur, bli rusa på fjell. Trass i gode nyårsforsett. At tilstanden kan vere med på å løyse vanskelege politiske floker, trur eg. Men eg ser rett og slett ikkje for meg denne type menneske som noko anna enn "rusa" på å øydeleggje natur. "Rusa" på materielle goder og mammon...

torsdag 1. januar 2009

Godt Nytt Fjellår


Ein nydeleg og frisk start på det nye fjellåret i dag tidleg... 


 Eg vakna for andre gong klokka 7.30 i dag. Langt på dag.:-) Det var stjerneklårt ute, rim og mange minusgrader. Eg var såleis på plass ved Markavatnet litt før 9. For sein til soloppgangen med andre ord. Men det hadde eg heller ikkje berekna. Den var likevel festa på film for nokre dagar sidan. 

 Det var kome nokre få centimeter med nysnø frå omlag 400 meter. Men dei gamle spora var synbare første delen av klatringa mot toppen. Klårt og fint. Likevel var det ein ganske sur austavind oppe i fjellet. Ovantil gjekk eg berre i ei skalljakke og ei trøye. Så lite som mogeleg. Og måtte halde oppe dampen for ikkje å fryse. Eg sveittar alltid ganske mykje, men å bli for varm er ikkje godt. Det er ein kunst å sleppe ut varme eller å kle den inne alt etter forholda. Dette er slikt som må justerast jamnleg medan ein går opp eller ned. Og om vinteren er det viktig med nok tørre klede å kunne byte til. 

Oppe i det smalaste og bratte vestskaret var det endå brattare enn sist. Snøen hadde no lagt seg endå fleire grader. Isete under med nokre centimeter nysnø opp igjen på. Skummelt nok. Men ein kan ikkje tenkje på at ein skal gli heller, då får ein iallefall ikkje tenkt noko særleg meir...:-) 

Uendeleg vakkert på toppen med sola som nettopp var stått opp. Lange, flate skuggar og gullfarga fjell. Vilt! Snøfonner og naturens kunstverk i fleng. Men det var steinkaldt! Frisk bris frå aust med 10-12 minusgrader kjølte ned kroppen på nokre få minutt. Full utskifting av alle klede ovantil. To nye ulltrøyer. Fram og på med dunjakka, vottar, baclava og ny hue. Kjempegreie! Som eit nytt menneske. 

Eg gjekk bort på sørvarden og tok ein videosnutt med valne fingrar. Kikka bort til Dale i skuggelandet. Såg kaldt ut der i tussmørket. Og tok ein del bilder sjølvsagt. Eg vart sikkert ein halv time der oppe i dag. Herleg når ein er godt kledd! 

Eg hadde bestemt meg for å følgje same ruta som hin dagen. Ned Eitreskaret til tjørna, og vidare til Krokavatnet. Og så gå vatnet nordatt. Det fungerte perfekt. Artig var det å gå heile Krokavatnet til endes på isen. Det er jo eit stykke. Spesielt var det å sjå Kringlene, Eitrenipa og Fossedalshengenipa frå denne vinkelen. Sola følgde meg deler av vatnet. Eg stakk òg bortom den store hellaren i nordenden av vatnet. Det går mange segn om denne plassen. Om folk som har budd her. Men dei brukte plassen iallefall til å lagre høy om sommaren. Dette frakta folket vidare over isen til Fossedalen om vinteren. 

Eg var elles oppom Krokvasstølen (Svortevikstølen) heilt i nordenden av vatnet (sjå bilder). Siste delen av turen ned til Markavatnet gjekk som vanleg langs den T-merka ruta til Nipebu. Nok ein nydeleg jule/nyttårstur. Som før nemnt, det er fantastisk kor heldige vi har vore med vèret denne jula. Og for nokre nydelege forhold det er i fjellet no... I morgon er det arbeidsdag, men helg igjen...:-)) Det ser ut som dei glimrande tilhøva held fram... Eg har steikje lyst å prøve meg på ein nyttårstur på Blegja...
Fra Eitrenipa 010109
Eitrenipa_Krokavatnet 010109_video