tirsdag 4. november 2008

Tette kjensler

Frå tur 30/12-07 Eg tykte eg hadde mykje å gå på då eg valde og ta trimrunda på fjellet etter middag istaden for før i kveld. Har ikkje tenkt noko særleg på at det kunne spele noko rolle tidlegare. Og ikkje veit eg om det er noko i det heller. Men faktum er at det gjekk veldig fort og lett opp på Høgeheia i kveld. Kunne tenkt meg så mykje meir... Kanskje blodsukkeret etter middagen spelte inn? Utruleg fin kveld i kveld. Den var klår som krystall! Lyset frå havet gjekk i raudt og oransje. Ein enorm stjernehimmel og ein skalk av ein måne i sør, spegla seg i blikkstille hav. Eit dirrande og skimrande lys av sølv. Og eit panorama av el-lys! Frå den ytterste øy og fyrlykter ute i havet, til by og bygd i nord, sør og aust. Eg var som ein aktør i eit lyscrescendo, sjølv om det var totalt svart der eg sat! Alt kjem så utruleg tett på ein der åleine i mørket på fjellet. Som om alle sansar er spent til det ytterste. Så sterkt og levande. Så heilt i eitt med seg sjølv. Herleg!

Ingen kommentarer: