onsdag 5. november 2008

Same old place...

...sweeet home Chicago! Eller grattis Barack... Det var den gong det... Nipebu litt t.h. Det er lenge sidan eg har vore så medriven som litt før kl 06 i dag tidleg då Barack Obama heldt sigerstalen sin. Eg kunne kjenne den historiske augneblinken krype oppetter ryggen for til slutt å sette seg fast langt framme i pannebrasken. Det var som "I have a dream" oppatt, berre omskrive til "Yes, we can"... Det var ein eineståande tale. Det var til å få frysningar av langt inn i sjela... Trur ingen kunne oppnådd betre odds enn Obama for å få landet på fote igjen. Eg var opp igjen på same gamle plassen i kveld òg. Nesten rein reprise frå i går. Men det var frose på mange plassar. Spesielt graset var sleipt. Eg var omlag ein time seinare opp i kveld enn i går. Det var bekmørkt oppover, men null problem... Supert:-)

Ingen kommentarer: