tirsdag 11. november 2008

Mannen i månen

Frå Hollevika i kveld Stongfjorden ligg bada i månelys i kveld Eg har vore heime frå arbeid med ein febersjuk Peter i dag. Ei kjedeleg oppleving. Mest for han sjølvsagt. Heldigvis er det sjeldan han er sjuk. Men i dag fauk feberen som ein jojo frå over 40 til 0, etter korleis paracet`en virka eller ei. Naturlegvis trong han litt ekstra omsut og kos i dag. Så eg har ikkje kunne bevega meg så mange meterane i frå han. Etter å ha fyrt godt i omnen og lagt meg med han på sofaen, sovna vi begge to i lunsjtider. Eg vakna fullstendig i koma ein time seinare til 29,3 grader i stova. Eigenhendig mishandling av både meg sjølv og katen. Men etter ei kraftig utlufting, kaffi, knekkebrød, banan og sjokolade, kom eg meg gradvis til hektene igjen... Peter ville ikkje ein gong har sjokolade... Då er han dårleg! Stort var difor behovet for å komme seg ut og opp, då eg fekk avløysing av Olaug seint i ettermiddag. Og sein var eg ikkje om å komme meg ut gjennom dørene. Såleis kom eg meg avstad ein god halvtime tidlegare enn vanleg. Og på Høgeheia nådde eg utan bruk av hovudlykt. For ein flott tur! Fantastisk måne (full på komande torsdag), og nydeleg kveldslys ute i havet. Sjølv om det var snøfritt oppe på fjellet, vart det egentleg ikkje heilt mørkt. Så mykje lyste månen opp.. Og eg greidde til og med å ta nokre bilder, både på toppen og undervegs. Eg kunne dessutan gå ned igjen på eit minimum av lys. I tillegg hadde eg jo selskap av mannen i månen der oppe. Eg tykte han smilte i pur glede ned til meg... I eigne tankar gjekk eg truleg stilt der i månelyset, for brått brasa det opp ein større fugl rett framfor føtene mine. Du kan tru eg kvapp. På lyse dagen er det no so som so å kveppe av ei skrattande rype, men i mørket kjem gjerne overraskinga endå sterkare på... No må ingen tru at eg tok skrekken av dette. Still alive and well. Og våt vart eg heller ikkje av opplevinga...:-) Dei kvapp vel gjerne sauene òg, som låg midt i stien nesten nede i Hollevika, då eg kom. Det har gått ein liten flokk der ute i haust. Ser ikkje ut som dei har noko naud. Og katten var òg på plass inne i muren på det gule sommarhuset. Både sauene og katten avslørar seg lett på mange meter avstand, med sine skinande auger i lyset av den nye, supre Led Lenser H7 hovudlykta. Skal du ha ei lett og god lykt kan eg anbefale denne...
Fra Høgeheia 111108
Praktfulle omgjevnader rundt Stongfjorden

Ingen kommentarer: