torsdag 6. november 2008

Mosjon er sunt

Haust på Staveneset. Min tanke er fri... Eg har passa meg vel for hjorten på Underset om kveldane når eg har køyrt frå Hollevika. Det er nokre trekk over vegen der ute som er ganske skumle. Men eg har i grunn vorte så vand med sorten at eg ikkje bloggar det ein gong. Då kunne bloggen bli lang. For hjorten er som nemnt tidlegare ein konstant trussel på veg til/frå Førde. Dagleg. Trefte på ei kolle med kalv nesten heilt oppe ved tunnellen på Nordheia heim igjen i stad òg. Heldigvis har eg unngått kollisjonar til denne tid. Det er sjølvsagt forskjellig anna som dukkar opp etter vegane for pendlarar som meg. Reven er ikkje så ofte å sjå, sjølv om det sprang ein over vegen inne ved Flea for litt sia. Haren derimot ser eg oftare. Og oteren... For det var den karen eg var meteren frå å køyre i hel ute på Staveneset i stad. Det var såvidt. Ein kvepp av slikt. Men eg klarte og hive bilen ut på grøftekanten, og oteren pila sin veg. Hadde han visst kor nær han var dei evige jaktmarker, hadde han nok passa labbane vel frå asfalten heretter... Dagens "jakthistorie" indikerar vel at eg var oppom trimposten i kveld òg. Eg håpar ikkje lesarane av bloggen trur eg lir av kompulsjonar eller tvangslidingar. Ja, at eg MÅ oppom før dagen er omme...:-) No er no dette ein gong mi form for trim og trening. Som andre går på Spenst eller Puls eller kva dei heiter desse sveitte og innestengde lokala. Fjellet er for meg ein lidenskap. Ein livsstil. Fridom og nye krefter. Ei realisering av meg sjølv og eigne interesser. Som kontorist og pendlar er eg dessutan avhengig av å få denne mosjonen. Men sjølvsagt ikkje kvar dag - nødvendigvis. Det er likevel utruleg kva du får tid til ved å prioritere akkurat det du har lyst til. Som andre prioriterer sine hobbiar og interesser. Uansett er det å halde seg i form veldig viktig. Det hjelpe egentleg på alt her i livet... Positivt fokus! Akkurat det veit eg ganske mykje om...!

Ingen kommentarer: