tirsdag 25. november 2008

Gone are the days

Frå Toreheia, Stongfjorden, 8/12-07 Eg var faktisk litt nervøs då eg gjekk opp skaret frå Hollevika i mørket igjen i kveld. Ikkje for mørket i seg sjølv. Mørket er ein venn. Eller som Ulf Lundell seier på siste plata «Lär dej älska mörkret, för ni skal umgås mycket sen»... Nei, heller ikkje for troll eller andre farlege vesen. Eg har eit realistisk forhold til naturen rundt meg, for det meste. I farten trur eg det berre er damer med lange bein som får auga til å gå litt rundt i skallen på meg, eller sagt på ein annan måte - ut på glattisen... For det var is som var stikkordet. Svære isklumpar og isblokker var rasa ned i stien frå fjellsida som går opp skaret. Og stien går rett nedunder. Og ikkje kunne eg sjå kva som hang igjen der oppe i mørket.. Eg gav naturlegvis på litt ekstra både opp og ned der i dag. Ein isklump i hovudet, av storleik på dei som låg strødd utover, og eg hadde køyrt med Karlsvogna og Lundell inn i det evige mørket... Ja, for det nydelege vintervèret med snø og minusgrader var ein saga blott. Retningen på vinden var snudd tvert om frå dei siste dagane, og då veit ein jo kva som skjer. Mildvèr og bløyte. Som vanleg. Snø og vinter er snart ein saga blott. Det er betre å investere i isbroddar og stegjern eller ski, hvis vil nyte fjellet om vinteren...ved kysten iallefall. For her blir det fort is og skare av den snøen som blir liggjande igjen etter lågtrykk frå sørvest... Som ute på tunet i kveld (håpar Helse Førde har auka beredskapen for lårhalsbrot komande døgn). Så slik var det. Det var berre å finne fram Goretexen igjen på turen i kveld. Og der eg i det siste har blitt boren opp bakkane på englevengjer av nordvesten, med stjernene som smilande kulissar, måtte eg i kveld trasse ein våt og seig vegg frå sør. Motgang gjer ein sterk! Slik er det. It`s the name of the game, boy... Og eg har valt alt saman sjølv... Og egentleg er det berre steikje godt... Fri som fuglen - for ei stund...

Ingen kommentarer: