lørdag 15. november 2008

Fosselandskapet

Fossar og småfossar, lagunar og svaberg før elva frå Leknesvatna fossar ned dalen til Markavatnet. Eitrenipa kneisar i bakgrunnen av eine fossen ved utløpet av vatna. Skåra opp midt i bildet. Siste fossen (som du òg ser frå parkeringsplassen ved hovudvegen) før elva fossar vidare ned dalen til Markavatnet. I skrivande stund er det ei litt merkeleg oppleving å registrere at det tok til å brenne i eit hus i Skjerlia omlag timen etter at eg kom ned frå Eitrenipa i stad. Huset brann ned. Det vart eit forrykande torevèr... Og lynet forårsaka brannen. Etter å ha studert timevarsla på vèrmeldingane i går kveld, gjekk det akkurat som eg tenkte. Framsida av lågtrykket (sørvest) ville slå inn i går kveld og natt, det ville regne frå seg og bli bygevèr nokre timar på morgonen, før baksida av lågtrykket kom igjen med full tyngde frå vest og nordvest om ettermiddagen. Og med kaldare vèr. Det er no eingong slik lågtrykka frå sørvest fungerer. Det er vel omlag same effekten som midt i ein tropisk orkan, der det er heilt stilt i "auget". Eg let meg sjølvsagt ikkje be to gonger. Og var på plass ved Markavatnet kl 08. Eg fekk byger ja. Det kom nokre utruleg haglebyger. Svære hagl. Sidan eg gjekk utan noko på hovudet under hetta, svei hagla skikkeleg i hovudbotnen. Eg var snar om å finne hua som vern. Og det bles. Noko utruleg. Mot øverste delen av skaret kom vinden inn frå vest, og eg klarte knapt å bevege meg oppover. Eit slet. I siste slukta, som går bratt opp og austover, fekk eg vinden bakfrå... og vart blesen opp. Moro, men litt skummelt... Eg kom meg i skjul bak den store steinen på toppen. Kva ein skulle gjort utan den må no fuglane vite. Veldig eksponert her oppe. Heldigvis var det opplett. Etter å ha fått skifta og retta på litt klede, kara eg meg bort til varden i sør der ein ser ned til Dale. Måtte ha ein kik heim igjen og knipse eit par bilder der i frå. Skodda kom og gjekk, men nokre bilder vart det. Eg vart likevel fort valen på nevane, og frostig inn i margen av vinden. Eg kom meg fort tilbake og ned igjen skåra, og stansa ikkje før eg var midt nede i storskåra, der vinden var litt stillare. Fytti rakkaren! Eg var blåst i hovudet. Heldigvis hadde eg hatt brillene med... Eg gjekk raskt ned og forbi Leknesvatna til utløpet. Her tok eg meg ei lita fotorunde. Vèret var skiftande. Faktisk litt blå himmelen å sjå der oppe òg... Men det var mørkeblått ute i havet, så det var best å komme seg til bygds igjen. Eg var såleis ved bilen omlag kl 12. Turen opp og ned tek omlag fire timar utan pausar.. Det var ikkje lenge etter at eg var komen heim før vestavèret og ein sterk kuling stod inn fjorden. Den gjekk kvit. Og det første lynet tok straumen. Brannbilen frå Askvoll kom med fulle sirener på hi sida av fjorden. Var vel brann i ein trafokiosk eller noko slikt... Lite visste eg då... Nettet var i tillegg nede ei heil stund etter at straumen kom igjen. Og nokon husbrann visste eg ikkje om før seinare, då Agnar sende melding... I kveld er det rimeleg roleg ute. Så då er det morgondagen som står for tur. Vi får sjekke meldingane. Fruen er på julebord, og eg skal prøve å få to åtteringar i seng. Det blir vel til at eg sovnar først...:-)
Fra Eitrenipa 151108

Ingen kommentarer: