søndag 16. november 2008

Ein dobbel Eitrenipa-igjen

Utsikt mot Dale frå Eitrenipa i dag. Kringla t.v. og Heileberget og Fossedalsvatnet t.h. Nokon vil vel kalle det galskap å gå inn igjen på Eitrenipa i dag, når eg var der i går. Som forrige helg... Det får no så vere. Det bryr meg ikkje stort. Eg er komen så langt her i livet at kva andre trur og meiner, er meg ganske så likegyldig... (Må vel moderère meg litt når det gjeld familien). Eg føl eige instinkt og magekjensle. Øyra er likevel framleis sånn passeleg intakt då... Men eg har ein plan for fjelltrimmen som nettopp har starta. "Burn baby burn"... Heldigvis hadde eg eit par poeng til gode på fruen, etter at eg var heime med Peter og Markus i går kveld. (Markus er ein kamerat av Peter frå Bergen som er her mykje i helgane. Familien har feriehus rett her inne). Mesteparten av folk i bygda feira julebord i Grendahuset. Greitt å ha litt til gode i heimen:-) Vi bankfolk er vel ikkje heilt ukjende med den førestillinga. Investeringar altså. På godt godt og vondt. Ekstra kreditt er bra å ha - i heimen òg. Kor mykje eg har trekt opp frå før, veit eg likevel ikkje heilt..:-) Eg sov ein halvtime lenger i dag. Eg var oppe av dyna 7.30, for andre gong, klokka 05var litt for tidleg fann eg ut. Det er jo ei stund til det blir lyst då. Fullmånen stod høgt på himmelen i vest. Og fjorden glitra. Berre nokre krusningar på yta. Fantastisk! Eit utruleg skifte frå i går morgon. Diamentralt motsett... I utgangspunktet var eg ikkje heilt sikker på kva mål eg skulle velje desse føremiddagstimane. At eg skulle på fjellet, var jo greitt. Idèen om å gå inn igjen på Eitrenipa, låg berre i bakhovudet. Men då eg såg vèret, var det ingen til. Tanken fauk med lysets fart fram i frontalsystemet i panna. Eg kom meg ut av huset utan ein lyd. Alle sov! Og var på plass ved Markavatnet før 8.30. Eg hadde sjølvsagt ikkje noko interesse av å ta branntomta litt lenger ute nærare i syne. Nedbrende hus er eitt av dei mest deprimerande syn ein kan tenkje seg... Som ung kate gløymer eg aldri då nabohuset i Dale brann, og ein mann omkom. Men eg må innrømme at eg tenkte tanken korleis det var her i går, etter at eg nett var køyrt heim, med brannbilar og ylande sirener. På smale vegar. Skjerlia må no vere ein av dei stillaste og fredlegaste plettane på jord... Tanken var rar og kontrastfylt! Snøen låg allereie i landskapet oppe ved brua. Terrenget var i tillegg gjennomblautt. Hamrane og svaberga oppe mot fossen var ganske glatte. Litt filing måtte til for å komme seg opp. Eg hadde med meg broddar, men dei trengde eg ikkje her nede. Då eg stod på toppen av fossen, var det allereie godt lyst. Dei første raude solstrålane spegla drivande kvite fjelltoppar i sørvest. Søndagsmorgon... Nydeleg! Så utruleg nydeleg. Det smelta fullstendig eit hjarte på eit halvt hundre år... Når eg ein gong ligg på heimen, skal eg betale ekstra for ei seng med utsikt til fjelltoppar med snø og raud morgonsol på... Synet set menneskelivet i perspektiv... Eg forstod det allereie heime på morgonen av at det låg is og snø i skaret opp mot toppen. I starten på sjølve oppstigninga tok eg difor på meg isbroddane. I tillegg var nordavinden isande kald i minusgradene. Eit sveitt hovud blir raskt nedkjølt under slike tilhøve. Eg fekk difor på meg buffen og vindtett hue utatt på. Eg må igjen skryte av Icer`s isbroddane eg har. Har vel blitt nokre gonger no. Men eg trur neppe eg hadde kome meg heilskinna opp og ned i dag utan. Og det hadde vore fortærande når eg var komen så langt... Rår alle som går i vinterfjellet å ha eit par slike i sekken. Dei er lette å ta på, og sit veldig godt på is og skare. Stegjern blir litt meir omstendelege, både å ta av og på. I flatare parti er isbroddane sjølvsagt mykje lettare å ta seg fram på òg. Det var mykje mindre vind på toppen i dag enn i går. Men den var dessto kaldare i kantane. Eg var likevel bort igjen på synste toppen. Det var fin utsikt til eit søndagssløvt Dale... Sikkert nokre morgontrøtte hovud etter brufesten der nede i går. Men eg var ungdommeleg og frisk til sinns...:-) Positivt fokus som ei viss dame brukar å seie...:-) Eg kunne likevel ikkje sitte her og fryse på meg alskens greie. Så etter litt filosofering og fotoshots, bar det ned igjen skaret. Då er det sjølvsagt minst like viktig å ha feste for skorna. Heilt piano for min del. Sola stakk fram vest om Eitrenipa då eg kom opp på første høgdedraget nord om Leknesvatna igjen. Kjempeflott. Vart ein heilt annan kvitfarge i snøen med ein gong. Ute i havet og mot nord, gjekk det snøbyger. Regnbogen stod som ei søyle ned i havet (fekk delvis festa det på eit bilde). Vandringa mot vest og mot Markvatnet igjen, var nydeleg. Så unnateke for eit stup ned i nokre mosefylte steinar i slutten av ein hammar, utan isbroddar under føtene, gjekk det fort og greitt. Akkurat det å stupe, og følelsen i fallet av å ikkje ha kontroll korleis det går, er ganske ubehageleg... Det er inga bønn lenger. Eg må ha nye fjellsko med skapleg mønster til vinteren... Og så går det jo an å ta det litt meir med ro òg...:-)
Fra Eitrenipa 161108

Ingen kommentarer: