lørdag 22. november 2008

Ei kraftprøve

Praktfullt, men kaldt på Eitrenipa i dag Deler av nord-skåra ned igjen. Leknesvatnet og silhuett av Eitrenipa midt i bildet. Hadde eg gått laus på Eitrenipa i dag hvis eg hadde visst for ei kraftprøve det vart? Det får eg sjølvsagt aldri svar på. Og spørsmålsstillinga er håplaus. Men tanken slo meg likevel på heimtur. Det er lite snø i Stongfjorden. Såvidt det er kvitt. Det var mykje meir i Førde då eg reiste heim frå jobb i går. Eg var difor litt i stuss korleis det såg ut på Eitrenipa i dag. Det var ein voldsom vind her i går kveld. Naboen misste silotaket, og eit naust under byggjing rasa ned inne i fjorden. Vinden viste godt igjen oppe i fjellet òg. Hamrar og berg hadde vorte piska av laussnø. Frost og snø hang igjen på loddrette fjellet. Enkelte av fonnene eg måtte gjennom, gjekk meg til livet. Det var steikje tungt. Ei manndomsprøve.. Frå toppen av fossen og rundt vatna og opp, fekk i tillegg nordaustvinden godt tak. Eg prøvde å ta det nokolunde med ro så kroppen ikkje vart heilt gjennomsveitt. For i den isande kalde vinden, og med mange minusgrader, blir du fort nedkjølt då. Ved inngangen til sjølve oppstigninga i skåra, skifta eg hovudplagg og hanskar, og tok meg ein neve rosiner for å ha noko å komme meg opp på. Det var litt problem med å komme seg gjennom fonna som hadde blese seg til her. Begynnelsen på stigninga er bratt. Snøen hadde fokka seg i hop, så den rakk meg til brystet! Men eg greidde å "grave" meg gjennom og opp. I sjølve hovudskåra gjekk det lettare. Her var det meir avblese heldigvis. Hadde det vore like gale som nede i starten, hadde eg aldri kome meg opp... No gjekk det greitt. Heilt fint utan broddar òg. Men det var skikkeleg kaldt i vinden. Eg fekk knipsa nokre bilder på toppen. Men det var så kaldt i vinden at eg ikkje ville skifte kle eingong. (Eg hadde med meg kle for endå verre forhold). Så eg returnerte ned skåra igjen etter få minuttar. Valen på nevane og ganske gjennomfrosen. Det gjekk ganske fort ned til vatnet. Lettare no då eg hadde spora å gå etter. Eg fekk i meg nokre rosiner og nøtter, litt sjokolade, ei banan og litt vatn frå elva, før eg baksa meg vidare gjennom det kuperte terrenget på nordsida av vatnet. Raske karbohydratar. Eg kvikna fort til igjen. I tillegg fekk eg den låge sola frå vestsida av Eitrenipa. Den forsvann igjen ved toppen av skåra med strengen. Rett nedom brua over elva, kom det spor ned frå Nipebu-ruta. Såg ut til å vere to personar. Det rare var at det såg ut til at dei var gått opp etter meg, og ned igjen før meg... Det stemde ikkje med Nipebu. I fjor var det mårfeller under Fossedalshengenipa... Var dette "jegrar"? Nede ved hovudvegen var det dessutan spor av bilar som hadde stått der etter at eg gjekk opp. Litt forviten er det vel lov å vere. Det er jo ikkje alle som tek til fjells slike dagar i laussnøen heller...
Fra Eitrenipa 221108

Ingen kommentarer: