søndag 30. november 2008

Brått slutt

Medan eg endå hadde deg Det er alltid flott lys ute i havet Stongfjorden frå Høgeheia i dag tidleg Alle turrapportar står i dag i skuggen av det triste faktum at min gamle ven såg sitt snitt til å forlate meg på Høgeheia i dag tidleg. Eit kort, men heftig ekteskap tok brått slutt. Lite visste eg på førehand at dette var siste dagen vår i lag. Vi som har hatt eit så nært og kjært forhold, frå morgon til kveld, kvar dag! Aldri var eg utan deg ved mi side. Og no kjennest alt tomt, kaldt og meiningslaust.. Kva er meininga med livet no? Eg og mi einsemd. Utan deg.... Nei, no legg eg meg på sofaen og grin meg i søvn.... Nokre timar seinare Eg kan ikkje liggje slik og synest synd i meg sjølv. Då er det ute med meg. Livet må gå vidare. Sei meg, var han ikkje litt sliten i kantane den gamle venen? Som ikkje ville vere med meg meir...? Litt arr både her og der? Vårt heftige forhold hadde vel slite meir på deg enn godt var. Det var nok difor du stakk frå meg... Nei, eg må ut på markedet og finne meg ein ny ven. Ein ny ein med friskt blod og slanke linjer. Det nyttar ikkje å sjå seg tilbake... Fram, fram, vi vandrer med freidig mot...Slike gutter det vil gamle Norge ha... Alle som les dette kan likevel vere klar over at eg for tida er venelaus. Singel. Men eg håpar å kunne innleie eit nytt forhold snarast... Endå seinare... Eg fekk ikkje ro i kroppen. Eg skalv. Eg sveitta. Alt var i ulage heime. Eg såg ut gjennom fjorden. Lette yrbyger dreiv ned fjella og til fjords. Som snø lenger oppe. Så slo tanken meg... Eg går opp igjen og ser etter han. Eg har fint kapasitet til det... Så eg kledde meg for fjellet igjen. For andre gong i dag. Og køyrde i Staveneset og Hollevika. Vona var ikkje stor for å finne venen igjen. Iallefall i live etter regnet og snøen... Eg peisa opp bakkane i skaret, og var oppe ved ranen der eg først merka at han var vekke på berre nokre minuttar... Så lokka eg og kalla på han bort etter fjellsida...(Eg hadde tek med meg lokkemiddel heime i frå)... Og du store alpakka, som lektor Tørrdal ville ha sagt, trur du ikkje nokre svake, ynkelege pip nådde øyregangane mine.... Der, der borte ved nokre steinar låg han. Forkomen, kald og våt. Ja, nesten tom for stemme peip han såvidt høyrandes: eg vil heim, eg vil heim, ta meg heim, ta meg heim.... Eg tok han varsomt opp. Tørka godt av han væta. Og la han i den tørraste og varmaste lomma eg hadde.... Eg sprang bakkane ned igjen. Så lukkeleg. Så nyforelska. Over å ha funne venen min igjen. Og som attpå til hadde svart at han ville heim.... Så no sit vi begge to i sofaen igjen. I varm stove med fyr på peisen. Venen har fått nytt påfyll. Det lir mot kveld. Vi lærte oss ei lekse i dag vi to. Lukka står den kjekke bi... P.S. Det var min ven mobilen, Sony Ericsson K850i, som stakk av...og kom tilrette...

lørdag 29. november 2008

Oss fjellbukkar

Bilder frå Eitrenipa i dag Det vart ein ganske krevjande tur på fjelltrimposten på Eitrenipa denne lørdagen òg. Og det er sjølvsagt noko ein må rekne med på denne tid av året. Av alle dei tredvetals toppane som er med i fjelltrimmen (blir rokkèrt kvart sjuande år), er kanskje Eitrenipa den som er mest krevjande. Iallefall vinterstid. Både på grunn av høgda og lengda på turen, men òg oppstigninga i det nordvende skaret. Eg starta vel 8.30 frå Markavatnet. Det var bra lyst. Sludd og væte hadde frose fast i stien. Det var ikkje heilt enkelt. (Ein kan jo ikkje gå med broddar heile vegen heller. Det blir for tungt). Så det var glatt! Det tek både tid og krefter når underlaget er slik. Og sjølve demninga var farleg. Det var såpeglatt over. Vatn på eine sida og fleire meter utfor i det tørrlagde elveleiet på hi. Vidare forbi og over elva, var det likeeins. Og eg hadde allereie løyst sveitten ovanfor grinda... Men turen vidare langs nordsida av elva gjekk lettare. Det låg litt meir snø her, og denne var ikkje så frosen vidare oppover i bjørkebeltet. Hamrane under fossen gjekk òg greitt. Det låg ca 7-8 cm snø på fjellet. Eg måtte likevel vere obs, for alle veit jo korleis is med nysnø på fungerer... Vidare austover nordsida av Leknesvatnet gjekk fint. Det var heldigvis litt mindre snø å vasse i enn forrige lørdag. Heller ikkje noko vind var det å snakke om. Himmelen var blygrå, fiolett ute i havet, men det heldt seg opplett heile tida. Tyngste forholda var litt lenger inne, der den gamle snøen ikkje hadde regna vekk i mildvèret. Enkelte parti der eg gjekk gjennom både den nye og gamle snøen, var rimeleg tunge å forsere. Spesielt oppoverbakke. Men heldigvis var det ikkje så mange av dei. Få centimeter med nysnø er ypparleg sporsnø. Og av og til kunne eg ynskt at eg kunne litt meir om dyrespor. Rev, hare, hjort, røysekatt, ekorn og rype er greie. Måren òg. Men mykje av det som er mindre, er ikkje så godt å seie kva er. Samlepotten får bli mus - inntil vidare...:-) Alle desse såg eg på vandringa mi i dag. Så her er jo levande vesen rundt oss i naturen, sjølv om det er vanskeleg å få auge på dei. Sjølve skaret opp gjekk veldig greitt i dag òg. På toppen var det sjølvsagt meir vind. Eg var likevel bort til andre varden og tok nokre bilder. Bilda var ikkje så interessante i dag. Himmel og landskap gjekk jo nesten i same livlause fargane. Blindeføre i tillegg. Så nokon lang seanse vart det ikkje der oppe. Eg skifta faktisk ikkje kle i dag heller, sjølv om eg driv og dreg på dei i sekken... Eg måtte ha litt moro med å sigle på skaren og isen som låg under nysnøen ned skaret. Det er i grunn kjekt å le litt med seg sjølv av og til.... Men brått vart all idyll avbroten av geværskot ute i vest, ved Krokavatnet ein stad. To skot... Slik er livet. Nokon lyt bøte med det òg... Eg hadde sett at det stoppa ein bil etter meg ved Markavatnet. Dette er nok forklaringa frå spora forrige lørdag òg. Spora fann eg att nede ved første brua i dag som sist... Vel, eg kom meg fort ned igjen til brua over Leknesvatna og tok meg nokre slurkar vatn frå elva. Turen var liksom ikkje den same lenger. Eg tenkte på varmt, raudt blod i jomfrueleg kvit nysnø, og ein fjellbukk mindre! Eg har i grunn meir sympati for dei (av ein eller annan grunn) enn hjortane som beitar heimebøane. Dei er no så mykje enklare å jakte på frå varme bilar òg... Men turen i seg sjølv var flott. Det er likevel tungt å gå i snø i 5 timar. Så det krevst litt kondisjon, og ikkje minst viljestyrke. Men eg trøystar meg med eit uttrykk som eg har lese: "Even when you think you are dead tired you can still become much more tired...."

fredag 28. november 2008

Neil og gutta

Peter (med sjokoladetrut) og pappa på Driveknolten i sommar Eg har liggjande mykje musikk i bilen i cd-mapper. Eg trur kvar mappe har ca 50 cd-ar. Det er litt farleg å leite etter ny musikk medan eg køyrer. Så ofte dreg eg berre ut ein cd og set i spelaren. Ei slags ny form for "random play". Eg trekte ut ein ny ein i stad då eg køyrde ut i Staveneset. Det kom så passande frå høgtalarane: "I'm thankful for my country home It gives me peace of mind Somewhere I can walk alone And leave myself behind" Neil Young får sagt det. Heart of Gold. Old man... Å jøss: "Old man take a look at my life I'm a lot like you I need someone to love me the whole day through" Du får jo frysningar av mindre... Neil har vore ein av favorittane mine sidan eg lærte å plystre... Vi har vore ute ei vinternatt før vi to! Det er vel ikkje så mykje nytt å fortelje frå trimruta i kveld. Men snøen var iallefall begynt å legge seg igjen oppe i bakkane. Godt for den kvite haren... Litt vått vart det i sluddet oppover. Elles var det heilt greitt. Godt var det å få skifta batteri i hovudlykta òg... lyset var begynt å svinne litt. Har vel brukt den ca 70 timar på dei gamle batteria? I kveld held Peter og eg fortet åleine, medan fruen er på julebord med jobben. Eg skulle visst ha vore på julebord eg òg, både i dag og neste fredag. Gratis hotellopphald på Rica Sunnfjord... Men eg bryr meg egentleg ikkje så mykje om slikt lenger. Folk blir så rare ut på kvelden likevel at dei ikkje er gjenkjennande. Så eg tykkjer ikkje dette festlivet gjev meg noko særleg. Det er betre å ha vitet i behald om kvelden og kroppen klar tidleg neste morgon...:-) Klar for fest - i fjellet:-) Apropos morgondagen er eg litt spent på kor mykje snø det ligg i høgda. Det vart jo litt tungt forrige lørdag....

torsdag 27. november 2008

Overnaturleg vesen

Utsikt frå Toreheia mot Stavenesodden og Høgeheia Brått stod han der. Ein kvit engel. Jomfrueleg. I lyset frå hovudlykta. Blant visna gras og lyng, gråsvart stein og stummande mørke. Den kvitaste av dei kvite. Så sårbar i alt det svarte. Med gule auger og dirrande, spisse øyrer, stirra han tilbake på denne einauga kyklop frå outer space. Ein nyfiken og forvirra harepus. Kva tenkte haren? Kva sa instinktet hans? I møtet med dette vesenet... 4-5 meter framfor meg stod han. Nesten i ro. Virrande litt fram og tilbake i lysstrålen min. Kvifor sprang han ikkje? Som han ville gjort i dagslys! Eller det vil seie - eg hadde jo aldri kome så nær han då.. Vart han blenda? (Han kunne jo berre sprunge andre vegen...) Var han nyfiken? Som ein røysekatt? Eller berre ungdommeleg i sitt vesen..? Men truleg var det vel berre dette usannsynleg, ukjende, med eit skarpt, lysande auge midt i skallen, og to ekstra tynne føter (stavar) som totalt forvirra haren? (Vel, no er visst dei to andre føtene snart same pipestilkane som vandre-stavane...). For eg måtte vel fortone meg som ein marsboar eller det som endå rarare var... For det var jammen rart. I fleire minuttar stod vi slik, haren og eg. Ståande og sjå på kvarandre. På ville fjellet i svarte natta... Han stakk berre ikkje av.... Han snusa i lufta, virra på hovudet, øyra dirra og auga gløda. Enden på visa vart at eg måtte gå, så eg ikkje vart for sein til fruen som skulle på øving i musikken. Det var berre ei utruleg oppleving. Det er så ein blir ståande etterpå og lure på om det var sant det som nettopp hende... (Bildet frå mobilen vart berre ei kvit lysstråle). Det var heilt på toppen av Høgeheia i kveld dette spesielle møtet fann stad. I god vestavind og opplett vèr. På ein rask og flott kveldstur direkte frå jobb. Det er så små detaljar som skal til for å gjere kvardagen til ei flott oppleving. I samanlikning med tusenvis av impulsar frå folk, pc, telefon og mobil, er det møtet med haren som sit att etter dagen. Det er ei lukke å kunne ha høve til å få heva seg over den kvardagslege kvardagen...

tirsdag 25. november 2008

Gone are the days

Frå Toreheia, Stongfjorden, 8/12-07 Eg var faktisk litt nervøs då eg gjekk opp skaret frå Hollevika i mørket igjen i kveld. Ikkje for mørket i seg sjølv. Mørket er ein venn. Eller som Ulf Lundell seier på siste plata «Lär dej älska mörkret, för ni skal umgås mycket sen»... Nei, heller ikkje for troll eller andre farlege vesen. Eg har eit realistisk forhold til naturen rundt meg, for det meste. I farten trur eg det berre er damer med lange bein som får auga til å gå litt rundt i skallen på meg, eller sagt på ein annan måte - ut på glattisen... For det var is som var stikkordet. Svære isklumpar og isblokker var rasa ned i stien frå fjellsida som går opp skaret. Og stien går rett nedunder. Og ikkje kunne eg sjå kva som hang igjen der oppe i mørket.. Eg gav naturlegvis på litt ekstra både opp og ned der i dag. Ein isklump i hovudet, av storleik på dei som låg strødd utover, og eg hadde køyrt med Karlsvogna og Lundell inn i det evige mørket... Ja, for det nydelege vintervèret med snø og minusgrader var ein saga blott. Retningen på vinden var snudd tvert om frå dei siste dagane, og då veit ein jo kva som skjer. Mildvèr og bløyte. Som vanleg. Snø og vinter er snart ein saga blott. Det er betre å investere i isbroddar og stegjern eller ski, hvis vil nyte fjellet om vinteren...ved kysten iallefall. For her blir det fort is og skare av den snøen som blir liggjande igjen etter lågtrykk frå sørvest... Som ute på tunet i kveld (håpar Helse Førde har auka beredskapen for lårhalsbrot komande døgn). Så slik var det. Det var berre å finne fram Goretexen igjen på turen i kveld. Og der eg i det siste har blitt boren opp bakkane på englevengjer av nordvesten, med stjernene som smilande kulissar, måtte eg i kveld trasse ein våt og seig vegg frå sør. Motgang gjer ein sterk! Slik er det. It`s the name of the game, boy... Og eg har valt alt saman sjølv... Og egentleg er det berre steikje godt... Fri som fuglen - for ei stund...

mandag 24. november 2008

Vintertrim i havgapet

Stormen hadde piska toppen på Eitrenipa hardt natt til lørdag. Det var stor temperaturskilnad frå iskalde Førde til varme Stongfjorden i ettermiddag. I dag tidleg var skilnaden 10 minusgrader. Det var vel omlag det same då eg kom heim. På Staveneset var det truleg endå meir, for der kom første regndråpane med vinden frå nord då eg parkerte i Hollevika. Tydeleg det har blitt mørkare i 17 tida no. For ei veke sidan klarte eg faktisk å nå toppen på Høgeheia utan lys på same tid som i dag. Men no var det allereie så mørkt at hovudlykta måtte tennast ved avgang. Eg fekk på meg ei bra snøbyge og nokre kulingkast oppe under toppen. Tett snødrev med andre ord. Men det tok fort slutt. Og ved varden var det stjerneklårt. Praktfullt. Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Fin kveldstrim igjen...

søndag 23. november 2008

Sosialisert

Eit bilde for Arild G. og Gisle S. Heggøyna "deira" t.h. Olaug, Anne og Gisle på veg vestover mot Hollevika frå toppen av Høgeheia i dag Eg stod opp 6.30 i dag. Eg var ihelsvolten. Og fekk i meg ein diger porsjon havregryn med banan. Som vanleg. Søndag som mandag. Fekk fort fyr i peisen. Lukta av nytende, tørre bjørkeflisar pirra meg i nasa. Herleg lukt på denne flotte og kalde søndagsmorgonen. Nytrukken kaffi framfor peisen som brann lifleg. Stilt i huset. Alle sov. Morgonstund har gull i munn, kan vel tolkast på så mange måtar. Det er mørkt ute. Men eg kan sjå ein sigd av ein gamal halvmåne i sør over Størdalsstauren. Omrisset av Svarthamrane og Skålefjellet i søraust kjem stadig tydlegare til syne. Nokon ny tur på Eitrenipa var aldri aktuelt. Ikkje etter den tunge turen i går. Sjølvsagt var lysta der. Men kroppen trong kvile. Batteria var ganske utlada. Det kjende eg godt i går kveld òg, då eg stupte i seng kl 22. Dei andre vakne til live i 8-tida. Olaug ville gå på Høgeheia med Anne. Peter ville renne kjelke med naboungane, og Marie skulle servère i barnedåp. Og "Rein luksus" låg plassert midt på spisebordet.. Men å sette seg rett ned i sofaen og lese vidare i boka, sånn utan vidare, det klarde eg berre ikkje. Eg måtte ut denne flotte søndagsmorgonen. Så det vart berre til at eg følgde etter Olaug og Anne frå Hollevika på Høgeheia. Daglegdags. Det er jo vekesvis sidan eg har vore opp medan det har vore lys. Ein vesentleg forskjell... Nydeleg. Lett å gå i den sparsommelege snøen. I samanlikning med snømengdene og fonnene frå turen i går, var dette berre barnemat. Og sola dukka opp i sør på toppen av skaret i Hollevika. Øvst i langbakken og den vèrutsette ranen, gjekk Olaug og Anne òg. Eg måtte berre gje på litt ekstra. Mannen vakna. Og eg nådde dei faktisk akkurat igjen på toppen. Ikkje nok med det. Gisle S. kom akkurat opp frå den andre ruta. Så brått var vi 4 der på toppen. Reine fjellstemnet for ein eremitt som meg. Som sjeldan treff folk på turane. Vigdis sa ein gong til meg at eg burde tvangssosialiserast...:-) Eg tok meg ei litt anna rute vestover på returen for å ta nokre bilder. Flott lys frå den låge vintersola og haustfarga bakkar med litt snø på. Og no er det berre ein månad igjen før sola snur... Vel heime igjen, og etter å ha fått fyllt opp solsikkefrø i fuglemataren (er begynt på andre 25 kg sekken), var det tid for sjølvfiska kjø frå Nipebu. Torbjørn, Håvard, Miriam og Tora kom òg for å smake. Så i dag har eg nesten fått i meg for mykje Møller;s tran...:-)
Fra Høgeheia 231108

lørdag 22. november 2008

Ei kraftprøve

Praktfullt, men kaldt på Eitrenipa i dag Deler av nord-skåra ned igjen. Leknesvatnet og silhuett av Eitrenipa midt i bildet. Hadde eg gått laus på Eitrenipa i dag hvis eg hadde visst for ei kraftprøve det vart? Det får eg sjølvsagt aldri svar på. Og spørsmålsstillinga er håplaus. Men tanken slo meg likevel på heimtur. Det er lite snø i Stongfjorden. Såvidt det er kvitt. Det var mykje meir i Førde då eg reiste heim frå jobb i går. Eg var difor litt i stuss korleis det såg ut på Eitrenipa i dag. Det var ein voldsom vind her i går kveld. Naboen misste silotaket, og eit naust under byggjing rasa ned inne i fjorden. Vinden viste godt igjen oppe i fjellet òg. Hamrar og berg hadde vorte piska av laussnø. Frost og snø hang igjen på loddrette fjellet. Enkelte av fonnene eg måtte gjennom, gjekk meg til livet. Det var steikje tungt. Ei manndomsprøve.. Frå toppen av fossen og rundt vatna og opp, fekk i tillegg nordaustvinden godt tak. Eg prøvde å ta det nokolunde med ro så kroppen ikkje vart heilt gjennomsveitt. For i den isande kalde vinden, og med mange minusgrader, blir du fort nedkjølt då. Ved inngangen til sjølve oppstigninga i skåra, skifta eg hovudplagg og hanskar, og tok meg ein neve rosiner for å ha noko å komme meg opp på. Det var litt problem med å komme seg gjennom fonna som hadde blese seg til her. Begynnelsen på stigninga er bratt. Snøen hadde fokka seg i hop, så den rakk meg til brystet! Men eg greidde å "grave" meg gjennom og opp. I sjølve hovudskåra gjekk det lettare. Her var det meir avblese heldigvis. Hadde det vore like gale som nede i starten, hadde eg aldri kome meg opp... No gjekk det greitt. Heilt fint utan broddar òg. Men det var skikkeleg kaldt i vinden. Eg fekk knipsa nokre bilder på toppen. Men det var så kaldt i vinden at eg ikkje ville skifte kle eingong. (Eg hadde med meg kle for endå verre forhold). Så eg returnerte ned skåra igjen etter få minuttar. Valen på nevane og ganske gjennomfrosen. Det gjekk ganske fort ned til vatnet. Lettare no då eg hadde spora å gå etter. Eg fekk i meg nokre rosiner og nøtter, litt sjokolade, ei banan og litt vatn frå elva, før eg baksa meg vidare gjennom det kuperte terrenget på nordsida av vatnet. Raske karbohydratar. Eg kvikna fort til igjen. I tillegg fekk eg den låge sola frå vestsida av Eitrenipa. Den forsvann igjen ved toppen av skåra med strengen. Rett nedom brua over elva, kom det spor ned frå Nipebu-ruta. Såg ut til å vere to personar. Det rare var at det såg ut til at dei var gått opp etter meg, og ned igjen før meg... Det stemde ikkje med Nipebu. I fjor var det mårfeller under Fossedalshengenipa... Var dette "jegrar"? Nede ved hovudvegen var det dessutan spor av bilar som hadde stått der etter at eg gjekk opp. Litt forviten er det vel lov å vere. Det er jo ikkje alle som tek til fjells slike dagar i laussnøen heller...
Fra Eitrenipa 221108

fredag 21. november 2008

Eitrenipa 856 moh

Mot Eitrenipa frå vest. Frå ryggen på Markahengenipa 3/4 i fjor. Her ser vi tydeleg dei tok like skårane frå sør og nord. I tillegg der desse møtest rett under toppen midt i bildet, og går i eitt opp siste delen, der snøen ligg. Her er veldig utsett for vind. Og vinden tek sjølvsagt ulikt hva slags skår du er på veg opp eller ned i. Vinterdagen kan det vere ei utfordring i skårane, spesielt på ruta i nord frå Leknesvatnet, pga. snø og is... Blegja t.h. Teke frå omlag same plassen som ovanfor 21/4 i fjor. Storehesten mellom steinane. Ryggen på Fossedalshengenipa t.h. Vi ser skårane på framsida som ovanfor. Foto frå litt legre i lendet enn ovanfor 21/4-07. Under Fossedalshengenipa, der ruta til Nipebu frå Markavatnet går, kneisar Eitrenipa i aust. Vi ser ein del av Krokavatnet nede i dalen.

torsdag 20. november 2008

Vinter i havgapet

Mot nordvest frå ruta Toreheia-Skylefjellet 8/12 i fjor Mot Stavenesodden og Høgeheia frå Toreheia dato d.s. Eg fekk på meg ei voldsom snø- og haglebyge kombinert med sterk kuling frå nordvest rett nedom toppen på Høgeheia i kveld. Midt i fleisen på veg ned igjen! Eg såg ingen ting. Og eg var ute av kurs... Og det svei i ansiktet som tykjen sjølv. Vèret får jo skikkeleg tak her oppe. Eksponert som Stavenesodden ligg ute i havgapet. Frå nemnde retning kjem nemleg vinden direkte inn frå storhavet og over Stavfjorden. Ingen ting tek i mot før du får heile stasen i fjeset der oppe på høgste fjellet! I mørket. Du skulle prøve det. Det er ganske dramatisk. Vil du ha litt action er det berre å slå følgje... Det stod vel på som verst eit kvarters tid. Og eg tok meg inn igjen på ruta ganske raskt. Nede igjen mot Hollevika var alt over, og stjernene funkla frå klår himmel. Fantastisk kor fort det skiftar i nordabyene... I morgon kveld blir det sofaen. Ingen tur. Det er visst noko som heiter nattope innan handle terminologien. Damegreier det... Mannfolk er jo i høgrisiko-sona for hjarteinfarkt hvis dei blir dregne med på slike turar. Nei, då er det betre å sende med dei Visakortet så ein får kjøpe seg litt fred... Det er god investering det...

onsdag 19. november 2008

På englevengjer

Størdalsstauren 9/12-07. Stavenesodden og Høgeheia t.h. Det gjekk så lett som ingenting på Høgeheia i kveld. Med ein nordvest kuling i ryggen. Det var som å bli boren på englevengjer opp bakkane (ikkje hest og kusk)... Og jammen heldt det seg opplett òg. Til og med stjernene blinka ned til meg. Englar og stjerner - det er snart advent jo.. Var det på englevengjer opp bakkane, kan eg vel seie at heile himmelens hærskare var samla på toppen. Det song i varden og dura i øyra. Då eg skulle heim igjen ville sjølvsagt ikkje englane gje slepp på meg. Dei såg visst helst at eg heldt meg der eg var. Men då hadde vel kusken gjort seg klar om ikkje så brått. Heldigvis var eg godt kledd i Goretex med ull under, så eg greidde å halde dei litt på avstand. Kva som hadde hendt hadde eg vore lettare kledd eller gått slik som i sommar, kan ein no berre gjette på... Englane held vel fest på noko dei og...

tirsdag 18. november 2008

Opphavet og enden

Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir … Då sa han som sit på kongsstolen: "Sjå, eg gjer alle ting nye!" .. "Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden". Nokre ord om avslutninga på bloggen i går. Enkelte meiner visst at grått er synonymt med kjedeleg... (Grå og skamklyppt... Hmmm). Er vel i utgangspunktet kanskje ikkje den mest spenstige fargen. Og det har ein vorte påverka til å meine òg. Det er nok det som gjer at kvinnfolk må fikse på seg heile tida. Trur det må gå vekk mykje tid og krefter på den leiken, ja pengar òg for den del. Temmeleg vekkasta greier. Det er no betre å sjå ut som ein er, tykkjer eg. Ja, bli fortruleg med seg sjølv, og korleis ein blir eldre. I andre kulturar er dei vise menn og kvinner alltid grå... og gamle... Men hjå oss skal jo alle vere så unge og sexy! (Nesten kvalmt kor gjennomsyra media er av det. Stakkars jenter som veks opp seier eg - dei skal jo ha sexy look før dei har fått kjønnshår). Det er iallefall godt eg sjølv slepp å bruke tid og krefter på det... Ja, godt å få nokre år under beltet. Unngå unødig tidssøl på forsøpling! For aldringsprosessen kan ingen stanse - uansett kva ein meiner om grått eller ei. Forresten, eg tenker tilbake på barnebarnet mitt, Hanna, då ho sa for litt sidan på besøk her: "Bestefaj, du e helt gjå i håjet"... Ho hadde fått det for seg at alle med grått hår skulle dø, og var redd det skulle skje med meg no! Eg vel likevel å tru at andre som er meir opp i åra ikkje trur det same som Hanna. Verken om seg sjølv eller andre. SÅ livsfarleg er det ikkje med grått... Ein stryk vel like fort med om det er farga fiolett for den del...:-) Ja, gjerne endå fortare med ein "fiolett livsstil"... Eg høyrde for litt sia at du måtte vere klar når han kom ridande forbi og banka på. Døden altså. Det er jo ein situasjon som ikkje er så lett å dra noko erfaring ut av. Ein får liksom ikkje prøve og feile - fleire gonger - sjølv om enkelte påstår at dei har vore halvdaue av og til. Ein ting er likevel sikkert - du får ikkje ta med deg noko når du sit på hesteryggen med den kusken. Same kva gods og gull du har greidd å raske til deg. Men eg har iallefall bestemt meg for ein ting - eg føretrekkje heller å vere iført Goretex og fjellsko, enn å vere naken på den reisa... Naken er eg temmeleg usexy, hvis det skulle bety noko der eg kom... Ja, ja nok om død og begravelse i denne omgang. Det er vel eit ganske bisart tema. Tabubelagt er det òg. Så no er del sikkert endå fleire som lurer på meg, eller sagt på ein annan måte - det ringjer ei klokke for. Om ikkje akkurat kirkeklokker... Sjølv om døden er det mest naturlege her i verda. Iallefall det sikraste! Nei, eg møtte ingen på Høgeheia i kveld heller. Verken mannen med ljåen eller andre spøkelse. Saken er jo den at mørket er ein ven. Det må jo lys til for at menneska skal gjere skade på eigen rase, dyr eller natur. For det er jo menneska som er farlege her i verda. Farlegaste rasen på jord! Treff eg på andre levande vesen på mine vandringar i mørket i fjellet som mys, fuglar, hare eller rev, er det dei som er skvetne og ikkje omvendt. Ser dei berre som pilande skuggar ut frå den tynne lysstråla frå hovudlykta. Litt meir spanande er det når eg møter ein og annan fjellnisse som ikkje kjenner meg...(dei fleste gjer jo det etterkvart, og ser på meg som ein likesinna). Dei veit du aldri kor du har henne. Det er fordi dei er ekstra redde griske menneske som drep og øydelegg naturen. Og då veit du aldri kva dei kan finne på! Brent barn skyr elden...

mandag 17. november 2008

Grått er hot

Denne tette småfurua har mot alle odds bite seg fast på nordsida av Leknesvatna. Utsikt mot utløpet av Leknesvatnet, Markavatnet, Øyravatnet og vidare mot Florø. Stien går over på nedsida av grasbakken og over hammaren t.h. (Kløfta t.h. på første bildet) Og vidare ned skaret. Det er bratt utfor her... Begge bilda er tekne i går søndag. Du er bra motivert når du går opp i fjellet i svarte kvelden, regnet hamrar i skallen, dotten smell i øyra og vinden hyler og riv i skrotten så du har store problem med å fote deg. Tidvis ned på fire for ikkje å bli blåst over ende. Slik det var på Høgeheia igjen i kveld. Galskap vil sikkert mange seie. Vel, ok, så er det galskap då. Det gjer ikkje meg noko. Kjært barn har mange namn... Det er iallefall ein sunn galskap. Eg kallar det eit must, etter ein dag på rumpa på jobb. Jammen hadde ein vorte bra brei over stussen og smal over skuldrane skulle ein sette seg ned i sofaen òg, når ein kom sliten heim etter jobb... Nei, opp og ut er medisin - uansett vèr... Ein får jo ei viss erfaring etterkvart òg då. Trur neppe det er mogeleg at det kan bli verre enn eit par gonger på Skylefjellet i fjor vinter. Både med vind og sikt. Og svarte natta... Då måtte eg snakke alvorleg med meg sjølv. Du får ikkje tenkt og gjort mykje fornuftig når panikken brer seg. Det einaste saliggjerande er å sette seg rett ned og ta seg inn igjen. Eg sa til Vigdis ein gong at eg får vel hår på brystet av livet i fjellet. Dessverre har dei fjonene eg har fått no same fargen som på topplokket... Det er ikkje akkurat slik eg førestille meg hår på brystet. Det skal vere ei svart matte. Tenk deg om sommaren: knallbrun, nedkneppa kvit skjorte og gjerne litt gull dinglande. Då er du tøff! Og damene likar deg. På den annan side er det vel ikkje sikkert at det hjelper så mykje der oppe...i fjellet... Eg har høyrt at somme med hår på brystet besvimer når dei ser blod òg. Det er jo litt puslete... Nei, erfaring og evna til å tenke gjennom alternative situasjonar kjem av seg sjølv med åra. Eg trøystar meg med at grått er synonymt med erfaring. Og eg vart tidleg grå... iallefall der oppe...

søndag 16. november 2008

Ein dobbel Eitrenipa-igjen

Utsikt mot Dale frå Eitrenipa i dag. Kringla t.v. og Heileberget og Fossedalsvatnet t.h. Nokon vil vel kalle det galskap å gå inn igjen på Eitrenipa i dag, når eg var der i går. Som forrige helg... Det får no så vere. Det bryr meg ikkje stort. Eg er komen så langt her i livet at kva andre trur og meiner, er meg ganske så likegyldig... (Må vel moderère meg litt når det gjeld familien). Eg føl eige instinkt og magekjensle. Øyra er likevel framleis sånn passeleg intakt då... Men eg har ein plan for fjelltrimmen som nettopp har starta. "Burn baby burn"... Heldigvis hadde eg eit par poeng til gode på fruen, etter at eg var heime med Peter og Markus i går kveld. (Markus er ein kamerat av Peter frå Bergen som er her mykje i helgane. Familien har feriehus rett her inne). Mesteparten av folk i bygda feira julebord i Grendahuset. Greitt å ha litt til gode i heimen:-) Vi bankfolk er vel ikkje heilt ukjende med den førestillinga. Investeringar altså. På godt godt og vondt. Ekstra kreditt er bra å ha - i heimen òg. Kor mykje eg har trekt opp frå før, veit eg likevel ikkje heilt..:-) Eg sov ein halvtime lenger i dag. Eg var oppe av dyna 7.30, for andre gong, klokka 05var litt for tidleg fann eg ut. Det er jo ei stund til det blir lyst då. Fullmånen stod høgt på himmelen i vest. Og fjorden glitra. Berre nokre krusningar på yta. Fantastisk! Eit utruleg skifte frå i går morgon. Diamentralt motsett... I utgangspunktet var eg ikkje heilt sikker på kva mål eg skulle velje desse føremiddagstimane. At eg skulle på fjellet, var jo greitt. Idèen om å gå inn igjen på Eitrenipa, låg berre i bakhovudet. Men då eg såg vèret, var det ingen til. Tanken fauk med lysets fart fram i frontalsystemet i panna. Eg kom meg ut av huset utan ein lyd. Alle sov! Og var på plass ved Markavatnet før 8.30. Eg hadde sjølvsagt ikkje noko interesse av å ta branntomta litt lenger ute nærare i syne. Nedbrende hus er eitt av dei mest deprimerande syn ein kan tenkje seg... Som ung kate gløymer eg aldri då nabohuset i Dale brann, og ein mann omkom. Men eg må innrømme at eg tenkte tanken korleis det var her i går, etter at eg nett var køyrt heim, med brannbilar og ylande sirener. På smale vegar. Skjerlia må no vere ein av dei stillaste og fredlegaste plettane på jord... Tanken var rar og kontrastfylt! Snøen låg allereie i landskapet oppe ved brua. Terrenget var i tillegg gjennomblautt. Hamrane og svaberga oppe mot fossen var ganske glatte. Litt filing måtte til for å komme seg opp. Eg hadde med meg broddar, men dei trengde eg ikkje her nede. Då eg stod på toppen av fossen, var det allereie godt lyst. Dei første raude solstrålane spegla drivande kvite fjelltoppar i sørvest. Søndagsmorgon... Nydeleg! Så utruleg nydeleg. Det smelta fullstendig eit hjarte på eit halvt hundre år... Når eg ein gong ligg på heimen, skal eg betale ekstra for ei seng med utsikt til fjelltoppar med snø og raud morgonsol på... Synet set menneskelivet i perspektiv... Eg forstod det allereie heime på morgonen av at det låg is og snø i skaret opp mot toppen. I starten på sjølve oppstigninga tok eg difor på meg isbroddane. I tillegg var nordavinden isande kald i minusgradene. Eit sveitt hovud blir raskt nedkjølt under slike tilhøve. Eg fekk difor på meg buffen og vindtett hue utatt på. Eg må igjen skryte av Icer`s isbroddane eg har. Har vel blitt nokre gonger no. Men eg trur neppe eg hadde kome meg heilskinna opp og ned i dag utan. Og det hadde vore fortærande når eg var komen så langt... Rår alle som går i vinterfjellet å ha eit par slike i sekken. Dei er lette å ta på, og sit veldig godt på is og skare. Stegjern blir litt meir omstendelege, både å ta av og på. I flatare parti er isbroddane sjølvsagt mykje lettare å ta seg fram på òg. Det var mykje mindre vind på toppen i dag enn i går. Men den var dessto kaldare i kantane. Eg var likevel bort igjen på synste toppen. Det var fin utsikt til eit søndagssløvt Dale... Sikkert nokre morgontrøtte hovud etter brufesten der nede i går. Men eg var ungdommeleg og frisk til sinns...:-) Positivt fokus som ei viss dame brukar å seie...:-) Eg kunne likevel ikkje sitte her og fryse på meg alskens greie. Så etter litt filosofering og fotoshots, bar det ned igjen skaret. Då er det sjølvsagt minst like viktig å ha feste for skorna. Heilt piano for min del. Sola stakk fram vest om Eitrenipa då eg kom opp på første høgdedraget nord om Leknesvatna igjen. Kjempeflott. Vart ein heilt annan kvitfarge i snøen med ein gong. Ute i havet og mot nord, gjekk det snøbyger. Regnbogen stod som ei søyle ned i havet (fekk delvis festa det på eit bilde). Vandringa mot vest og mot Markvatnet igjen, var nydeleg. Så unnateke for eit stup ned i nokre mosefylte steinar i slutten av ein hammar, utan isbroddar under føtene, gjekk det fort og greitt. Akkurat det å stupe, og følelsen i fallet av å ikkje ha kontroll korleis det går, er ganske ubehageleg... Det er inga bønn lenger. Eg må ha nye fjellsko med skapleg mønster til vinteren... Og så går det jo an å ta det litt meir med ro òg...:-)
Fra Eitrenipa 161108

lørdag 15. november 2008

Fosselandskapet

Fossar og småfossar, lagunar og svaberg før elva frå Leknesvatna fossar ned dalen til Markavatnet. Eitrenipa kneisar i bakgrunnen av eine fossen ved utløpet av vatna. Skåra opp midt i bildet. Siste fossen (som du òg ser frå parkeringsplassen ved hovudvegen) før elva fossar vidare ned dalen til Markavatnet. I skrivande stund er det ei litt merkeleg oppleving å registrere at det tok til å brenne i eit hus i Skjerlia omlag timen etter at eg kom ned frå Eitrenipa i stad. Huset brann ned. Det vart eit forrykande torevèr... Og lynet forårsaka brannen. Etter å ha studert timevarsla på vèrmeldingane i går kveld, gjekk det akkurat som eg tenkte. Framsida av lågtrykket (sørvest) ville slå inn i går kveld og natt, det ville regne frå seg og bli bygevèr nokre timar på morgonen, før baksida av lågtrykket kom igjen med full tyngde frå vest og nordvest om ettermiddagen. Og med kaldare vèr. Det er no eingong slik lågtrykka frå sørvest fungerer. Det er vel omlag same effekten som midt i ein tropisk orkan, der det er heilt stilt i "auget". Eg let meg sjølvsagt ikkje be to gonger. Og var på plass ved Markavatnet kl 08. Eg fekk byger ja. Det kom nokre utruleg haglebyger. Svære hagl. Sidan eg gjekk utan noko på hovudet under hetta, svei hagla skikkeleg i hovudbotnen. Eg var snar om å finne hua som vern. Og det bles. Noko utruleg. Mot øverste delen av skaret kom vinden inn frå vest, og eg klarte knapt å bevege meg oppover. Eit slet. I siste slukta, som går bratt opp og austover, fekk eg vinden bakfrå... og vart blesen opp. Moro, men litt skummelt... Eg kom meg i skjul bak den store steinen på toppen. Kva ein skulle gjort utan den må no fuglane vite. Veldig eksponert her oppe. Heldigvis var det opplett. Etter å ha fått skifta og retta på litt klede, kara eg meg bort til varden i sør der ein ser ned til Dale. Måtte ha ein kik heim igjen og knipse eit par bilder der i frå. Skodda kom og gjekk, men nokre bilder vart det. Eg vart likevel fort valen på nevane, og frostig inn i margen av vinden. Eg kom meg fort tilbake og ned igjen skåra, og stansa ikkje før eg var midt nede i storskåra, der vinden var litt stillare. Fytti rakkaren! Eg var blåst i hovudet. Heldigvis hadde eg hatt brillene med... Eg gjekk raskt ned og forbi Leknesvatna til utløpet. Her tok eg meg ei lita fotorunde. Vèret var skiftande. Faktisk litt blå himmelen å sjå der oppe òg... Men det var mørkeblått ute i havet, så det var best å komme seg til bygds igjen. Eg var såleis ved bilen omlag kl 12. Turen opp og ned tek omlag fire timar utan pausar.. Det var ikkje lenge etter at eg var komen heim før vestavèret og ein sterk kuling stod inn fjorden. Den gjekk kvit. Og det første lynet tok straumen. Brannbilen frå Askvoll kom med fulle sirener på hi sida av fjorden. Var vel brann i ein trafokiosk eller noko slikt... Lite visste eg då... Nettet var i tillegg nede ei heil stund etter at straumen kom igjen. Og nokon husbrann visste eg ikkje om før seinare, då Agnar sende melding... I kveld er det rimeleg roleg ute. Så då er det morgondagen som står for tur. Vi får sjekke meldingane. Fruen er på julebord, og eg skal prøve å få to åtteringar i seng. Det blir vel til at eg sovnar først...:-)
Fra Eitrenipa 151108

fredag 14. november 2008

Blindspor

På veg mot Høgeheia. Bildet er teke frå den eksponerte ranen mot sør. På hi sida av Stongfjorden ligg Granesundet, Eimind t.v. og Atløy Det vart nesten rein reprise på Høgeheia i kveld igjen. Det regna, men bles litt mindre enn i går. Det var i tillegg noko meir skodde på toppen. Så tett var det at eg ikkje såg første refleksstanga på returen. Og eg greidde jammen å rote meg bort på feil side av den små tjørna på toppen, før eg såg kvar eg var. Det blir egentleg akkurat same effekten med hovudlykt som når du køyrer bil i skodde når det er mørkt. Skodda reflekterer og sluker veldig mykje lys. Det er ikkje godt å sjå noko... Elles var det no heilt greitt opp og ned (då eg kom meg i rett retning:-)) Eg fekk meg eit par morosame e-postar i dag som eg lo godt av. Eg tek like godt å publiserer dei. Litt humor- og eit skrått blikk på kvardagen skadar ikkje...:-)

Sporlaust forsvunnen

I området der vedkommande forsvann Sporty, kjekk, litt einspora ung mann (51) frå Sunnfjord har vore sakna sidan forrige søndag. Sist observert som lysande ildkule i fjellområdet Skylefjell - Høgeheia i Askvoll. Sikre kjenneteikn: Lykt i panna, banan i lomma og vill i blikket. Bill.mrk: Gul bok

Funnen

Attfunnen i skrint hold... Første funnstad! Smørblid, litt eplekjekk gubbe funnen i skrint hold like ved Langebrua i Førde sentrum. Skamklyppt og nattblind, men elles i fin form.. Utleverast mot kausjon. Bill. Mrk: Havregryn

torsdag 13. november 2008

Land av kontrastar

Litt andre forhold 5/10 ved Leknesvatna enn... ...på Høgeheia i kveld Etter å ha kome heim frå jobb, og møte etter jobb, klokka 20.30 i går, Peter sjuk, og Olaug ståande i døra klar for klubb, var sjølvsagt alle illusjonar om fjelltur sløkte. Det var berre å ta seg godt av katen og komme seg tidleg til sengs. Så gjort, men å sove var ein heilt annan skål. Peter var så groande tett i hals og nase at han høyrdest ut som eit godt gamalt steinknuseri der han låg å heiv etter pusten. Det var synd i guten. Kvar gong han var på nippet til å sovne, heldt han på å bli kjøvd. Eg sette han nesten rett opp i senga, og til sjuande og sist sovna han uroleg ei stund. Det vart likevel ei lang natt... Eg kom meg likevel avstad på Høgeheia etter jobb i dag. Olaug var heime med Peter. Kort oppsummert: vått, mørkt, høljande regnvèr, skodde og ein sterk kuling. Regnet stakk som nåler i fjeset, og dotten sang i øyra av piskande regndrev... På den mest utsette ranen rett nord av fjorden om Granesundet, tok vinden ekstremt, nesten som vanleg. Med fare for å bli blåst overende langs hamrane i mørket... Eg kom meg likevel heil opp og ned - keine problem! Herleg, forfriskande og litt utfordrande! Og slik går dagane... mot solsnu... snart:-)

tirsdag 11. november 2008

Mannen i månen

Frå Hollevika i kveld Stongfjorden ligg bada i månelys i kveld Eg har vore heime frå arbeid med ein febersjuk Peter i dag. Ei kjedeleg oppleving. Mest for han sjølvsagt. Heldigvis er det sjeldan han er sjuk. Men i dag fauk feberen som ein jojo frå over 40 til 0, etter korleis paracet`en virka eller ei. Naturlegvis trong han litt ekstra omsut og kos i dag. Så eg har ikkje kunne bevega meg så mange meterane i frå han. Etter å ha fyrt godt i omnen og lagt meg med han på sofaen, sovna vi begge to i lunsjtider. Eg vakna fullstendig i koma ein time seinare til 29,3 grader i stova. Eigenhendig mishandling av både meg sjølv og katen. Men etter ei kraftig utlufting, kaffi, knekkebrød, banan og sjokolade, kom eg meg gradvis til hektene igjen... Peter ville ikkje ein gong har sjokolade... Då er han dårleg! Stort var difor behovet for å komme seg ut og opp, då eg fekk avløysing av Olaug seint i ettermiddag. Og sein var eg ikkje om å komme meg ut gjennom dørene. Såleis kom eg meg avstad ein god halvtime tidlegare enn vanleg. Og på Høgeheia nådde eg utan bruk av hovudlykt. For ein flott tur! Fantastisk måne (full på komande torsdag), og nydeleg kveldslys ute i havet. Sjølv om det var snøfritt oppe på fjellet, vart det egentleg ikkje heilt mørkt. Så mykje lyste månen opp.. Og eg greidde til og med å ta nokre bilder, både på toppen og undervegs. Eg kunne dessutan gå ned igjen på eit minimum av lys. I tillegg hadde eg jo selskap av mannen i månen der oppe. Eg tykte han smilte i pur glede ned til meg... I eigne tankar gjekk eg truleg stilt der i månelyset, for brått brasa det opp ein større fugl rett framfor føtene mine. Du kan tru eg kvapp. På lyse dagen er det no so som so å kveppe av ei skrattande rype, men i mørket kjem gjerne overraskinga endå sterkare på... No må ingen tru at eg tok skrekken av dette. Still alive and well. Og våt vart eg heller ikkje av opplevinga...:-) Dei kvapp vel gjerne sauene òg, som låg midt i stien nesten nede i Hollevika, då eg kom. Det har gått ein liten flokk der ute i haust. Ser ikkje ut som dei har noko naud. Og katten var òg på plass inne i muren på det gule sommarhuset. Både sauene og katten avslørar seg lett på mange meter avstand, med sine skinande auger i lyset av den nye, supre Led Lenser H7 hovudlykta. Skal du ha ei lett og god lykt kan eg anbefale denne...
Fra Høgeheia 111108
Praktfulle omgjevnader rundt Stongfjorden

mandag 10. november 2008

Gode klær

Mot Fossedalshengenipa frå vestenden av Leknesvatna i går Mot Skjerlia, Markavatnet og til havs frå toppen av fossen frå Leknesvatna 9/11 Det vart ein ganske så ufyseleg tur på Høgeheia i kveld. Kuling og høljeregn. Og drevet midt i fleisen oppover. Eg var litt spent på om den nye hovudlykta tålte all væte som stod midt imot (eg reiser ikkje opp på fjellet i mørket åleine utan å ha med reservelykt). Det viste seg heilt problemfritt. Arcteryx jakka, som eg forresten såg vann ein test på Nettavisen i går, og buksa av same merke, heldt væta ute. Med god lufting under armane på jakka og sidene på buksa, blir det ikkje særleg kondens under, sjølv om ein sveittar godt. Men regnar det mykje, kan ein sjølvsagt ikkje gå med buksa open. Det er litt lettare med jakka. Og det er jo på overkroppen ein har mest behov for utlufting. Membranen pustar i tillegg av seg sjølv, men dette er ikkje nok ved høg aktivitet. Elles var turen heilt grei. Mørkt, kaldt og vått, men godt... iallefall framfor peisen etterpå...:-)

søndag 9. november 2008

Eventyrstund

Eventyrlege fargar ved Blegja og Eitrenipa i dag tidleg i 8-tida Sidan vinteren smelta bort på Eitrenipa, bestemte eg meg i går kveld for rett og slett å ta turen opp igjen i dag tidleg. Nytte høvet medan det var snøfritt i nordskaret. I tillegg melde meteorologane opplett tidleg på dag. Som bestilt for ein morgonfugl. Då kom eg meg opp og ned før regnet tok til. Og rakk cupfinalen òg... Knallopplegg...:-) Eg stod opp til vanleg tid klokka 6, og tok meg ein lang farsdags-frukost i fred og ro. Alle dei andre sov. Eg kom meg stilt ut av huset i 7. tida. Det var mørkt. Men visste det snart ville lysne. Eg skimta såvidt stien bort til Markavatnet før halv 8. Med nattsyn gjekk det snart heilt problemfritt. Og oppe ved grinda til Gunnaren, var det allereie bra lyst. Himmelen var klår i aust og det hjelpte bra på òg. Kjempegreie. Eg vart reint morgon-yr, og plystra fornøgd med meg sjølv oppover. Eg hadde kledd meg lettare enn i går. Stillongsen og gamasjane låg igjen heime. Og kun i Arcteryx jakke og bukse gjekk det lett. Lettare og kjappare enn i går. Eg stod på toppen ved fossen og vatna på no time! Herleg! Og for ein farge som åpenbara seg i aust ved Blegja og over Eitrenipa. Skyene prega fjella som ein gullforgylt glorie. Som om Eitrenipa ynskte meg velkommen denne tidlege søndagsmorgonen. Velkomen til kongsgarden. Det var ei fantastisk minnerik oppleving - så lenge det heldt på! Det bles godt oppe ved Leknesvatna. Ein god søraust kuling. Men det var reine fønvinden. Så sjølv om eg var lettkledd, var det ikkje kaldt. Dei bratte svaberga oppe i skaret var i dag tørre. Supert... Eg gjekk difor fort rett opp og til topps utan eit glipptak! Det var som venta meir vind på toppen. Eg kom meg delvis i livd bak ein stein. Skreiv meg inn i boka og tok nokre bilder, før eg gjekk ned igjen i skaret der vinden tok mykje mindre. Minuttane på toppen var nok til at nevane vart heilt valne, men dei kom seg fort då eg fekk opp igjen aktiviteten. Eg stoppa litt ved elva mellom vatna og fekk meg noko å drikke. Det bles skikkeleg frå aust ved det øverste vatnet. Eg heldt på å bli blesen overende, der eg balanserte på dei glatte steinane ute i elva for å ta eit par bilder. Bølgjene gjekk kvite på vatnet! Sjeldan å sjå i fjellet... Terrenget på nordsida av vatna er ganske eksponerte for vèr og vind. Vinden fekk eg stort sett i ryggen. Heilt nede ved utløpet av vatnet igjen tok eg meg ei lita runde bort ved fossen og nederste lagunen. Knipsa nokre bilder. Det er utruleg vakkert her. Men vinden fekk grassat tak... Eg kom meg difor ganske fort i livd nedom hammaren, der strengen heng ned den bratte skåra. Her var det nesten heilt stilt. Eg gjekk på litt herifrå og til Markavatnet. Vel vitande om at det no var Olaug sin tur. Eg svinga inn på tunet heime i 11 tida. Ikkje verst å vere ferdig med turen så tidleg... Men då var allereie fruen fordufta til fjells, og Peter reist på gutebesøk... Ja, ja, eg hadde allereie ordna meg sjølv med farsdagspresang...:-) I skrivande stund i ettermiddag kom møkkavèret. Vind, skodde og høljande regn... Kalkulert timing...:-)
Fra Eitrenipa 091108
Ein liten rast ved "dinosauren"...

lørdag 8. november 2008

Kong Vinter tok ferie

Profil:Mektige Eitrenipa i motlys. Frå fossen i dag tidleg. Utsyn vestover mot m.a.Markavatnet og Kvamsnipa t.v. frå toppen av skaret. Mot sørvest ligg det lange og flate Heileberget med Driveknolten t.h. Det gjekk som tenkt. Regnet frå i natt gav seg i dag tidleg. Og i staden klårna det delvis opp. Det var austleg fønvind og over 9 grader heime i dag tidleg. Eg køyrde opp i Markavatnet litt før halv 9. Det gjekk lett og greitt opp same vegen som forrige helg. All snø var fordufta. Over fossen, der mektige Eitrenipa tronar i aust, tok vinden ganske bra. Men så lenge ein ikkje får regn i tillegg, gjer ein fønaktig austleg kuling lite av seg. Eg hadde isbroddane i botnen av sekken. Men det var nesten av gamal vane. (Det er betre å ha dei med ein gong for mykje, enn at dei ligg i kjellaren når du har bruk for dei). Til og med opp skaret og på toppen var det heilt snø- og isfritt. Men sør-aust vinden tok godt på toppen..., så det var ikkje akkurat forhold for ein picnic i det fri der oppe. Opphaldet vart difor kort. Som det ofte blir på toppane på denne tid av året. Noko anna er berre tull. For det er lett å dra på seg "det ein eller det andre" under slike forhold. I langbakken under skaret dukka Edvin H. opp i lag med hunden. Vi slo av nokre ord om utstyr, veir og vind. Men noko vidare sosialisering var det verken tid eller stad for. Olaug trippa vel på trappa heime, og Edvin ville vel til topps han òg. Turen ned igjen til Markavatnet er vel ikkje så mykje å seie om. Vèret heldt seg fint. Og forma er halden vel vedlike. Fint og greitt!
Fra Eitrenipa 081108