lørdag 18. oktober 2008

Våt-våtare-våtast...

Den store steinen på toppen er god å skjule seg bak... Det fløymde vatn - bratt utfor - over alt... Ein augneblink var fjellet skoddefritt. Skaret opp t.h. Eg bestemte meg i går kveld for å gå på Eitrenipa i dag. Men eg ombestemte meg i senga klokka 7.30 i dag tidleg. Det hadde hølja ned heile natta. Og blese. Og det gjorde det til gagns endå. Eg drog gardinene tilsides og keik ut... Fytti katta! Skodda låg langt ned i Skålefjellet, og fjorden såg blygrå ut i det sprutande regnvèret. Elvane på hi sida av fjorden gjekk drivande kvite av vatn! Eg krølla meg i hop igjen under den varme dyna. Andre fritidssysler sveiv i hovudet. Eitt og hitt... Men tankane på fjell sleppte ikkje taket. Er ein først biten, så er ein biten. Alternativet til Eitrenipa var sjølvsagt Høgeheia. Å gjere ferdig merkinga. Men det var så altfor lite... Søren òg! Eg låg og drog meg for å vente på dagsnytt og vèrmeldinga kl 8. Det var ikkje stort til nytt. Meldaren gav heller ikkje noko von om betre vèr enn det han gjorde i går kveld. Lokalt store nedbørsmengder, og med aukande vind til stiv og tildels sterk kuling. Nei, eg går ikkje seier eg til Olaug... Men 5 minutt seiare fauk eg or senga og seier eg går! Som lyn frå klår himmel! Med ei lettare lamslått frue liggjande att i senga... Eg hadde gjort alt klart i går kveld. Pakka ekstra klede i plast i den små ryggsekken. Mat tek eg ikkje med meg på slike turar lenger -når eg går åleine:-) Ein solid porsjon havregryn med banan til frukost held fint 4-5 timar. Ei ekstra banan er likevel godt å ha med... Så det tok ikkje lange tida før eg var på veg ut dørene. Fiska fram ein Clutch-cd og gav gass til Markavatnet! Eg gjekk opp same vegen som sist. På nordsida av elva, og ikkje over brua. Det var blautt. Det var grådig blautt! Det var vatn overalt. Og myrar. Skorna ville ikkje tole dette i timesvis, tenkte eg. Men det gjekk likevel heilt fint oppover. Det er fleire plassar det skulle vore rydda einer og klipt bjørk oppover. Det ligg òg nokre ròtebjørker som har falle ned over stien eit stykke oppe ved elva. Ganske ugjennomtrengelege. No er jo mesteparten av lauva falle av trea, så det gjer det jo litt betre. Men det er greitt å rydde før det grønkast igjen. Eg stod på toppen ved den vakre fossen frå nedløpet av Leknesvatna etter ein god halvtime. Turen herifrå på Eitrenipa er praktfull, som beskrive før... Foss i foss, lagunar, slipte svaberg - alt i fleire avsatsar austover. Med panoramautsikt til havs... Diverre var det ikkje dette som opptok meg spesielt i dag. For her oppe tok synnavinden mykje meir enn nede i lia. Regnet piska meg i ansiktet, og skodda låg tjukk oppe i Eitrenipa. Og terrenget var eksponert for vèret heile resten av turen. Kanskje var det litt betre opp sjølve skaret frå nord? Å snu var ikkje noko alternativ... Kleda fungerte fint. Arcteryx jakka og buksa heldt regnet ute. Men når det blir så tøffe forhold som i dag, når alle luker må teitast, slær det seg alltid etter kvart. Ja, for å nå Eitrenipa må ein jo sveitte litt, og det blir det jo væte av òg... I den blaute og bratte bakken opp mot skaret, kjende eg suget av underlaget i føtene. Terrenget krevde sin mann... Og eg måtte slakke på tempoet. Men synnavèret tok mindre her, sjølv om det framleis plaskregna. Etter som Eitrenipa er synbar heile vegen frå utløpet av Leknesvatna i vest, hadde eg sett at skodda kom og gjekk i dei voldsomme vindråsene på toppen... Det var positivt! Eg svinga nord og opp i sjølve skaret mot toppen. Snøen var vekke. Nakne og våte berget låg bratt og ugjestmildt oppover. Men dette området var litt i ly for verste vèret - første delen. For oppe mot toppen, frå omlag der det er rett utfor vestover mot Krokavatnet, slo det til for fullt igjen. Og verre enn nokon gong. I tillegg var det på hovudet inn i tjukke skodda... Nye elvar ned fjellsida overalt... Jøsses for eit uvèr! Redd var eg aldri, berre endå meir målbevisst. Ein tur for minneboka - som førre helg... I det eksponerte området i slutten av skaret, sette eg opp nokre nye vardar, trass i vèret. Fekk tankane inn på damefølgjet frå Askvoll som sikkert ville ta turen til våren...:-) Eg bikka siste bakken opp på sjølve toppen, og fekk vèret endå meir i kroppen. Det var heilt texas! Det ylte rundt øyra. Regnet plaska og fauk etter hamrane. Skodda dreiv i rekordfart nordover. Og elvane stod som eit gòv opp igjen frå fjellet i verste kasta. Fantastisk! Utruleg! Kor mektig å få vere vitne til dette. Det står ein svær stein rett nedom varden på toppen. Den var jammen kjærkommen i dag. Faktisk beste skjulet heile vegen opp frå vatna. Eg heldt meg i steinane og nesten kraup opp til varden, og fiska med meg boksen ned bak stor-steinen. Fytti rakkaren... Heldigvis var kleda som låg i plast i sekken framleis tørre. Eg vrengde av meg den tynne Devold-trøya eg hadde under, og fekk på meg den kombinerte trøye- og Brynje-fleecen. Og ei tørr og vindsikker Outdoor Research hue og hanskar! Herleg... Stimuli... Eg måtte berre ta fram kompaktapparatet òg, som låg i plast i lag med mobilen. Bere eller briste. Eg fekk knipsa eit par bilder godt i skjul under steinen. Var ikkje snakk om å gjere noko meir ut av det - var jo ingen ting å sjå likevel... Å feste uvèr på eit bilde er ikkje så lett har eg erfart...! Noko meir anledning til det mest nødvendige var det sjølvsagt ikkje på toppen. Turen var berre halvveges... Boksen på plass i varden igjen. Trygt sikra med ei svær steinhelle, og så beit eg det i meg, tok sats og heiv meg ut i uvèret igjen same vegen eg kom... Midtveis nede i skaret under skoddeheimen, var det som om "guden" på Eitrenipa vart litt lunare til sinns. Han roa seg visst etter erobringa mi, tenkte eg. Det vart faktisk såpass at eg fiska fram apparatet igjen og tok eit par nye bilder. Men det viste seg å vere heilt vekkasta, for det var berre dogg på linsa... Og alt var vått. Det var ikkje snakk om å begynne å tørke noko som helst med våte nevar. Kunne nokon sende meg eit tørt handkle, tenkte eg opprømt likevel! Væta på høgrefoten kjende eg ved vatna igjen. Det var ikkje anna å vente. Eg gjekk ikkje med gummistøvlar heller. Det skal noko til at fjellsko tåler timesvis i vatn. Det er i allefall mi erfaring. Eg hadde gode ullsokkar på meg, så det gjorde ikkje så mykje å bli våt. Var jo mange plussgrader. Venstrefoten vart òg våt nesten nede igjen, om enn ikkje så mykje som høgrefoten. Ved demningen på Markavatnet gjekk vatnet no over overløpet. På veg opp låg det rett nedom kanten. Eg var våt på føtene frå før, så eg vassa berre over steinfyllingane. Det var utruleg kor det hadde regna desse timane. Vatnet fløymde ned over Markahengenipa og frå Kvamsnipa. Nye elvar overalt. Siste delen av DNT-stien rundt vatnet, var ein einaste pøl med blaut jord og mold. Men eg var nede igjen, og vrengde av meg alt av klede og la det i bagasjerommet. Underbuksa forsvann på golvet ved passasjersetet. På med varmen i setet... Eg vart vel ikkje stoppa før eg var heime, tenkte eg, og smilte for meg sjølv ...:-)

Ingen kommentarer: