mandag 6. oktober 2008

Oppdagingsferd

Bilder frå Høgeheia på Stavenesodden i kveld Olaug var med Dag Tore og Anita og la ut fjelltrimposten på Høgeheia i går. Det var visst ei baksing i einerkavar og problem med å finne vegen opp ute mot Underset. Eg tenkte difor at eg skulle prøve ein annan og ny veg i ettermiddag. Eg køyrde difor ut i Hollevika og gjekk opp herifrå. Dette var heilt nytt terreng for meg. Men eg fann ei brukbar rås oppover skaret mot sør. Det gjekk egentleg veldig greitt til eg nesten var komen på toppen av skaret der dette smalnar av. Elva som renn ned dalsøkket kjem ut her. Då vart eg litt i stuss om kvar toppen egentleg var (reine amatørfaktene...). Eg hadde sett litt på kartet hin dagen, men det var visst ikkje nok då eg stod der oppe i stad. Og kartet låg sjølvsagt igjen heime. Men eg tok no peiling utover mot høgste punktet eg såg. For det stod ein stor varde der... Opp og ned eit par ganske store søkk i terrenget bar det, før eg gjekk på ein varde omlag halvveges ut til varden eg såg på toppen lenger ute. Då såg eg ein endå høgre topp lenger inne, omlag same avstanden som eg hadde gått i frå skaret, berre i motsett retning og ganske bratt opp. Eg visste at toppen eg skulle på var den høgste her ute... Så eg klarte ikkje anna enn å flire av meg sjølv... Eg skreiv visst i går at ein lærer så lenge ein lever, men enkelte lærdommar kan ein visst klare seg forutan:-) Vel, innatt bar det nesten same vegen som eg kom. Eg gjorde meg opp ei meining om lyset som minka, men det såg ut til å halde. Så peisa eg gjennom ei myr så skitkaven sto, over to dalsøkk og fram til dei bratte kneikane mot toppen. Eg såg meg så ut ein brukbar trassè oppover hamrane, opp langs ei elvesitle og ei skår med gras, og følgde den opp. Toppen med ein flott varde låg litt lenger inn på fjellet. Velkomsthelsinga eg fekk var ei sulige haglebyge... Det var suveren utsikt frå toppen i alle himmelretningar. Til Florø og øyane utanfor i nord, Stongfjorden i aust, Granesundet og Atløyna i sør og Alden, Heggøyna og Smelværet i vest. Praktfullt! Eg gav meg likevel ikkje særleg tida ved varden, då lyset minka og vèret slo seg vrangt. I tillegg var eg blaut på føtene etter all spradinga i myr, elvar og våt einer. Og joggebuksa kunne eg sikkert vrenge ut eit par liter vatn av...:-) Så eg følgde ei litt anna rute ned ryggen mot nordvest og kom tilslutt ned omlag på same plassen i skaret eg kom opp. Kva skal eg seie? Ny topp og ny rute. Personleg pionèrarbeid og fantastisk utsikt. Og egentleg lett å ta seg opp til toppen - når eg fann han...:-) Det var rimeleg vått terreng, men det regna godt i natt òg då. Turen gav absolutt meirsmak. Eit par, tre turar til no så har eg sikkert funne den optimale ruta å gå opp.
Fra Høgeheia 061008

Ingen kommentarer: