tirsdag 9. september 2008

Lita tue...

Motiv av f.v. Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Rørviknipa og Blegja. Frå Driveknolten 5/9 Eg sa til legen min Siv T., då eg måtte ned igjen på legekontoret i går kveld, at eg ville sette opp varselsskilt inne i Rørvika på plassen der eg har tryne fleire gonger siste åra. Ein kan spøke med så mangt, men som oftast ligg det litt alvor bak òg... Faktum er at eg måtte til på ein pencellin-kur. Foten vart betent etter fallet og stinga frå siste turen ned frå Blegja. No trur eg ikkje dette er alvorlege greie. Eg ser ikkje antydning til kjøttetande vesen med utspring frå såret. Og hevinga er mindre i dag enn i går. Fargen på foten har i løpet av natta skifta karakter frå raudt til meir blått. Og i denne samanheng er vel det eit godt teikn. I andre samanhengar ser eg på det som eit teikn på degenerasjon... Eg måtte iallefall ty til ein dag i fred og ro heime. Halde foten høgt. Tenkje på minst mulig fjell - iallefall i dag - å prøve og bli glad igjen... Ja, og så få sove litt etter ei natt der svarte tankar mest har svirra ikring ein vond og dunkande legg. Lite til livets lyse sider... For dei er det jammen mest av. Tenk på korleis folk som verkeleg lir har det. Krig, svolt, vassmangel, psykisk og psykotisk sjuke, kreftpasienter, ja, kreftpasientar ja. Eg høyrde dei skulle opne ny avdeling i Helse Førde for det! Flott... Positivt.. Slike grupper har jammen krav på godt stell dei. Livets lyse sider... Tenk hvis folk med slike diagnosar kunne få det slik at dei fekk oppleve litt av det... Eg er så inderleg glad som kan vere frisk og rask... Det må jammen vere lysaste sida av livets lyse sider! Til vanleg er eg heilt sikker på at eg tenkjer for lite på det. Det burde få alle folk i godt humør når dei veit at dei er friske... Det har vore eit vanvittig race på fjelltrimmen sist månadane. Eg veit det. Det har "teke litt av"... Lysta på kroppens eige narkotikum, endorfinar, har vel spela inn òg? Kven veit? Men det er som om mosjonen har måtte komme føre alt det andre. (Legg merke til måtte.) Utruleg kva ein får tid til når ein er gira på noko. Prioriterningar! Olaug seier at når eg blir oppslukt av noko, så blir eg så grådig oppslukt av det. Anten det gjeld fjell, turstiar, fisk, fuglar, vindmøller eller vasskraft. Nesten ein slik skylapp-mentalitet, hvis du forstår kva eg meiner. Eg har litt problem med korleis eg skal tolke det. Er det kanskje negativt, men med eit lite islett av positivitet? Eller omvendt? Kanskje andre oppfattar det annleis enn eg? Livets lyse sider....!? Lykke... Er eg lykkeleg...? Eg skal ikkje begynne å drøfte det her. Får tenkje litt vidare... Ein ting er likevel sikkert - engasjement er viktig. Eitt av dei viktigaste begrepa eg veit! Det skjer ingenting utan engasjement. Skal du få til noko, anten for deg sjølv eller fellesskapet, må du stå på. Vise kven du er. Seie kva du meiner. Tòre å stå for eigne tankar og idèar. Vere deg sjølv! Men like viktig er det sjølvsagt å akseptere ei avgjerd når den er fatta. Anten i ein større sosial eller samfunnsmessig samanheng, eller innanfor husets fire vegger for den del. For demokrati er viktig... Engasjement og demokrati... Likeverdige partnarar! Livets lyse sider... Livet er kort... God bedring til alle som lir og har det vondt...

Ingen kommentarer: