onsdag 3. september 2008

Låg kveldssol i Gjerdedalen

MMS i kveld av Vardenova og Røyrbotnholten. Driveknolten (spissen) i sol midt i bildet i bakkant. Kringla bak t.v. Mot Staveneset i vest Mot Blåfjellsåta og Lihesten i sør Etter ein dag på kontorstolen er behovet for å røre seg akutt! Eg kjende nesten abstinensen rive i kroppen etter middag. Eg måtte berre rive av meg den innebygde energien. Olaug er vel van med det no. Kommentaren ho brukar er noko slikt som «kom deg avgarde og bli ferdig med det». Så eg tek ho på ordet. Det mørknar godt om kveldane. Tida for å nå over meir enn ein topp om kvelden er vel so og seie ute. Men då er det greitt å ha Skålefjellet som næraste nabo i Stongfjorden. Så slepp ein å bruke tid på køyring òg. Det bar difor opp igjen same vegen som i går. Med den store forskjellen at vèret var mykje betre. Ja, faktisk med antydning til sol inn i mellom. Men godt blautt var det. Det var nydelege fargar på skyer, vegetasjon, stein og vatn i kveld. No hadde eg ikkje med meg fotoapparatet, men mobilen fungerer jo greitt som eit verkty til å formidle stemning med den òg. Sjølv om kvaliteten sjølvsagt ikkje er heilt topp. Men alt er jo relativt – slik er det vel med eit bilde òg... Elles var det tydeleg å sjå i kveld at hausten hadde krope godt nedover Gjerdedalen. Vakre fargar på lyng, mose og gras i den låge kveldssola. Dalen er flott med sitt urskogpreg. Om kvelden er her nydeleg solinnstrøyming som gir spesielt flotte fargar og glans på vegetasjonen... Eg blir ikkje lei av å gå på Skålefjellet og opp Gjerdedalen. Her kan eg gå kvar dag...og det er vel snart slik det er òg...:-) Godt å bu i slike omgjevnader...!
Fra Skålefjellet 030908

Ingen kommentarer: