mandag 8. september 2008

Indian Summer og varme tankar

Frå herlege Staveneset. Som avslutning på ei flott helg. Det var ikkje heilt fritt for at stinga i leggen gjorde vondt i natt. Eg var faktisk opp og tok meg to paracet. Spesielt om natta når ein ligg og verkje og ikkje får sove, så kan det vere greitt å finne eit kvart smertedempande. Men paracet er no omtrent som drops å rekne når skrotten verkjer... Noko medisinskap med rikhaldig utstyr er det ikkje her i huset, sjølv om fruen er aldri så mykje legesekretær...:-) Det blir omlag som å låne pengar i banken for oss banktilsette.... Krava er sette endå høgare for oss enn "vanlege" folk... Så eg stod likegodt opp 05.15! Ja du las rett. Søndag klokka 05.15... Og det var faktisk mørkt og stjerneklårt ute. Lyset forsvann utruleg fort i år... eller er det berre det at vi ikkje merka den gradvise overgangen frå sommar til haust? Egentleg går tida berre fortare og fortare di eldre du blir. Det seier far min og det sa bestefar min. No seier eg det same. Så då må det no vere noko i det. Eg las ein gong at etter kvart som du bli eldre og rikare på erfaringar, så opplever du mindre nytt. Og at det er det som gjer at tida kjennest ut til å gå fortare enn når du er ung. Det trur eg faktisk er ein rett observasjon... sjølv om ein time og ein dag reellt sett sjølvsagt er like lange når du er 20år som når du er 50 år. Men sei meg var eg ikkje nettopp 20 og i marinen? Uffa meg... Best å ikkje sjå seg for mykje tilbake..:-) Vel, eg stod opp 05.15 og sjølvsagt hadde eg ein grunn. Den fordømte datalinja til Stongfjorden går no på halv åtte. Det vil seie at det er så mange i bygda som har fått seg nett og lastar på musikk, filmar, tunge bilde o.a. at eg ikkje lenger kjem inn på min eigen blogg om kvelden. "Dette webområdet kan ikke vises i Internet Explorer" - svarte f... Dette gjekk jo fint før! Eg kan gå i fistel av rein frustrasjon. "Får ikke kontakt med Blogger.com. Lagring og publisering kan mislykkes. Prøver på nytt ..." Det er like før eg eksploderer... eg har ikkje tid til dette, kan ikkje vente. Fytti rakkaren! Berre tull! Men om morgonen går det som ein røyk. Videoar (Blegja-videoen i går var vel på 548 mb for ca tre minutt), og bilder får eg lasta til webalbum og publisert i bloggen som ingenting. Og det er jo sjølvsagt for at vanlege folk søv klokka 5 om morgonen. Dei er iallefall ikkje så galne at dei sit framfor pcen og publiserer gårsdagens nyhende frå fjella i Askvoll! Og så er det noko med at når eg skriv "i kveld", så er det ikkje i morgon.. Men no har eg klaga. Med store bokstavar. Eg finn meg ikkje i det! Dei får pinadø fikse kapasitet på linja til oss ute i draumanes land òg... Vel tilfreds etter ei fullendt morgonøkt sovna eg ein halvtime på sofaen. Men då kom Peter stigande. "Pappa har du sove i stova i natt? Nei, eg måtte fikse bloggen", seier eg... Eg er litt i stuss kva dei trur om denne bloggen snart her i huset... Det var egentleg Olaug sine prioriteringar som skulle komme i første rekkje i dag. Eg er ikkje verre på det at eg òg må gje avkall på noko av og til...:-) Så ho stima avgarde på Skålefjellet i 9-tida. Eg var egentleg nøgd til, så fekk eg lese ei utsøkt utgåve av Bygdeavisa frå Dale og Flekke i morgonsola på altanen. Og ja, så kike på plasterlappen på leggen, der det dunka litt ekstra inni... Knakande kjekt var det å lese stykket til bror min, Sillan, om døra og ikkje minst Rolfen K. sitt frå gamle dagar. Vi vaks jo opp i lag! Og spretterten var eg med på...! Oj... det var noko med den tida då! Dette var jo som i går òg... Men, kanskje eg ikkje er vorten noko særleg eldre? Ja, det er sikkert forklaringa! Guten i meg er frameleis intakt. Det seier visst alle ekspertar skal vere så sunt... Olaug kom no igjen etter eit par, tre timar. Eg såg faktisk ikkje så nøye på klokka. Eg visste at dagen var lang uansett. Og eg hadde berre ein svipp A opp på Kvamsnipa og ein svipp B opp på Fristadfjellet, så var ei ny runde i boks... Piece of cake! Eller var det det? Eg var litt utrygg då eg køyrde opp i Skjerlia. Då eg kom opp der fekk eg eit aldri så lite sjokk. Hadde jubileumet i Stongfjorden forrige helg flytta opp hit? Det var tjukt i bilar, hengarar o.a. Eg skjønte ingenting. Det står aldri bilar her oppe. Var halve Askvoll på Kvamsnipa? Det gjekk nokre augneblink før eg skjønte samanhengen. Sauer og hundar. Og folk. Det var jo ei gjetarhund-kåring som pågjekk. Hundefløytene pistra då eg gjekk ut av bilen etter endeleg å ha funne ein plass å parkere. Eg prøvde å stiltre meg så usynleg som muleg opp i skogkanten or syne. Ikkje veit eg om det var mangel på klede som gjorde det eller ei, men ein liten kik over skuldra kunne berre konstatere at eit x-antal meir eller mindre overvektige fruer i campingstolar hadde augene heilt andre stadar enn på sau og hund. Var det ein rarietet som la til palings opp skogbrynet? Eller var det eit slags "objekt"... Vel, ikkje veit eg. Det same kan det vere. Eg er iallefall glad eg kom meg raskast mogeleg ut av syne... Eg følte meg mykje meir vel og på heimebane då eg kunne gje på opp bakkane. Kjenne pulsen jobbe som ein dieselmotor og sveitten sildre! Ohhh - så godt! Utruleg herleg å få brukt seg. Det tok ikkje lange tida opp. Men kvapp eg nede ved vegen så kvapp eg på toppen òg. Nett under varden høyrde eg prat... Dei var no vel ikkje komne opp her òg på sauedressur, nei hundedressur er det vel? Augneblinken seinare ser eg Vigdis med ektemann Arild og Audun ferdig til å forlate toppen. Vi slo av eit par ord før dei gjekk nedover. Eg lot følgjet vere for seg sjølv og sprang forbi dei litt høgare oppe i første bakken nedover. Eg hadde ikkje tid å slå følgje, for eg hadde eit oppdrag til.... Så eg sprang likegodt heile vegen ned igjen frå fjellet... Men der nede stod jo heile velkomstkommitèen klar igjen. Dei stirande auga var vel ikkje mindre kulerunde no, settande og sveitt som eg kom. Det var vel like før dei sende ein hund på meg... Eg kom meg kjappast i bilen og heldt på å spinne Toyotaen derifrå! Puh - berga! Heime, Pepsi, banan og Metallica... Livet skein og dunkinga i leggen var til å leve med... Turen gjekk så frå nord til sør i kommunen. Ved avgang Prestemarka var det x-antal bilar der nede òg. Eg kom meg raskt oppover dalen og begynte på den første bratte bakken då eg høyrer "opp med tempoet"... Det var Svein F. som sit på toppen av hammaren. Han Svein er ein særs hyggjeleg fyr. Vi vart ståande der å prate ei stund. Han hadde gitt seg god tid på toppen i dag i det nydelege vèret. Eg "spann" likevel vidare opp gjennom bakkane etter eit bèl. I joggesko og shorts og toppa ut etter nokre minuttar. Fantastisk kor klårt og stilt det var oppe i dag. Sjeldan det er vindstille her, men i dag var det blikk og ikkje ei sky! Det vart likevel ikkje til at eg sat noko særleg lenge. Eg jogga likegodt bakkane, Askdalen og Prestemarka til bilen igjen i eitt. Kjempeflott. Og leggen dunka ikkje altfor mykje heller. Det vart ein nydeleg dag.....og ein nydeleg kveld. Eg tok nemleg turen ut til Staveneset i kveld. Solnedgongen var perfekt. Blikk heilt til havs. Fantastiske Staveneset. Freden du finn her ute med utsyn til havs i solnedgong er eineståande. På Staveneset har døgnet fleire timar enn i Førde....
Fra Staveneset 070908

Ingen kommentarer: