fredag 19. september 2008

Det var den tida ja...

Frå Staveneset 7/9 Eg har tidlegare nemnt at hausten liksom kjem snikande inn på oss. Før vi brått oppdagar mørket både morgon og kveld. Veit no ikkje heilt kor rett denne kjensla er. Men i dag kan eg vel trygt seie det motsette - at det vart haust brått og brutalt i ordets rette forstand. 10 grader, silregn og skodde i fjorden møtte meg då eg kom heim frå arbeid. Småmørkt i 19-tida. Tanken på god bjørkeved i peisen, stearinlys på bordet og god-teppet mitt svirra meir i hovudet enn fjelltur. Er eg kanskje litt mett? For etter å ha jobba til 17 i går, og difor ikkje heime att før 18, og med fruen på første haust-øving i hornmusikken i Askvoll kl 20, gjekk kvelden med innandørs... Som mandagen. Haust i luften ja. Eit liv innanfor veggene igjen. "Ro ræv heime", som faderen seie... Har vel ikkje heilt vore min stil siste månadane. Men slik er det. Er nok like greitt å innstille seg på nokre månader meir i ro. Då kan eg jo skrive litt når eg finn motivasjonen. I tur og orden har eg dessutan fått siste nummer av "National Geographic", "Fjell og Vidde" og "Vår Fuglefauna" denne veka... kunne ikkje passa betre...! No har eg ikkje tenkt å gå i hi hvis nokon trudde det. Sjølv om dei nye toppane i fjelltrimmen gjeldande frå første helga i oktober vart ein skuffelse (lite tilgjengelege frå Stongfjorden medfører mykje køyring og vekkasta tid), så prøver eg å planlegge litt framover. Supplering av vinterutstyr må til. Har bestilt meg ny Mountain Hardwear Downhill Parka og nye vottar frå USA - viktig for sårbare pc-fingrar...:-) (Eg skulle ofte ynskt at eg hadde dei hardføre nevane til fiskarane i Bulandet..:-)) Ein vott av det førre paret bles jo på Førdefjorden i halvmørket i vinter.. Som ein rakett bortetter skaren på Skylefjllet. Frå øverste hylle fann eg desse og bestilte dei rett på nettet. Enkelt, kjapt og greitt! Og det var veldig viktig med "idiot-strikk" slik at dei ikkje bles vekk på fjellet igjen.. Nettet er til god hjelp for å lese om erfaringar ikring produkt ein lurer på, og som du ser ligg her fleire.... Eg er jo sjølvsagt av den oppfatning at ein i størst mogeleg grad må støtte lokale forretningar. Men av og til er det ikkje bønn om noko anna enn å nytte nettet for å få tak i akkurat det ein vil ha. Eg innrømmer gjerne at eg er litt kresen når det gjeld friluftsutstyr. Som med så mykje anna får ein det ein betalar for. Kvalitet kostar. Men det er ofte nokre kroner å hente ved å handle frå utlandet. Kjappare er det òg. Det kan ein jo like eller ei. Men å springe rundt i ein masse sportsforretningar for å få tak i det ein vil ha, tek tid. Og det er jo noko ein aldri får nok av. Spesielt for oss som pendlar nesten to timar for dagen òg... I morgon ser veiret betre ut enn i dag. Då får vi avstad å halde formen vedlike. Kvar turen går får vi sjå. Det hamnar sikkert på nettet det òg...:-)

Ingen kommentarer: