søndag 14. september 2008

Den store samanhengen

Motiv frå Driveknolten i dag tidleg Eg stod opp tidleg i dag og køyrde til Rivedal for å rekke oppom, ja, du tippa rett, Driveknolten for XXX gong før miniputt-tuneringa starta. Då fekk eg fullført runda eg begynte på i går! Eg hadde i grunn fått løyve til å gå på Blegja igjen. Og var tenkt å gå ut at Blåegga til Eitrenipa, men i dag hadde eg ikkje samvit til det. Eg har sluppe billeg unna eit par turneringar no, og dette var jo siste. Det går vel ei grense for egosentriske eremitt-turar for meg òg... Det vart jo ein perfekt dag. Stilt og sol då eg starta frå Rivedal kl 08. Men etter 7 plussgrader heime, valde eg ei halvtjukk Devold trøye og joggebukse. Det var nok lurt, for eit skylag dekke etterkvart sola innover og heimatt. Då var det ikkje mange varmegradene i lufta! I dag tok eg for første gong i bruk Lowa Jannu skoa. Eg bestilte dei rett nok frå USA her mest på grunn av låg dollarkurs, men og fargen. Skoa var knallgode! Lette, og sat som støpt på underlaget. Det var ein ganske stor overgang å gå frå dei mjuke sålane på joggeskoa til den harde Vibram sålen. Eg kjende det difor mykje meir i leggen i dag enn i går... Men det er no ein overgang. Det var fantastisk å gå ein ny dag imøte innover i den tidlege morgonsola. Blodet brusa i årane. Det gjekk av seg sjølv. Opp skaret som ingenting! FOR nokre flotte dagar vi har hatt i sommar og i haust. Det er nesten ikkje til å tru. Eg har ein haug med bilder frå herlege turar i år, som det skal bli kjekt å putle litt med, og ta fram på flatskjermen til vinteren. Blir jo litt anna feeling med det enn på desse små pc-skjermane. Nesten som i gamle dagar når faderen viste slides på laken på veggen i stova. Når vi sløkte lyset då var det høgtid - "familiepakken"...:-) Det blå skinet som er over fjella om morgonen er veldig vakkert. Om ikkje det nett er så romantisk som det varme lyset om kvelden i solnedgangen, så er det kjøleg og friskt. Ein ny dag. Sol og opimisme. Blanke ark og fargestiftar til..... Eg tok meg ein tur bort på den andre toppen litt sør om med utsikt over Dale. Bygda låg stille og spegla seg i fjorden denne tidlege søndagsmorgonen. Vakkert! Eg gjekk bort att på hin toppen etter på, og heldt fram med ein videosnutt. Tilfeldig? For på veg utatt, rett nedom toppen, kvapp eg godt då ei mannsstemme ropte på meg. Det var Gunnar A. som var tidleg på an som vanleg. Apropos Rørvika og Gunnar A. så veit dei fleste som kjenner oss at denne staden har prega oss for livet....ilag... Vi slo av ein god prat der oppe vi to denne flotte morgonen... Han ville vidare innover Fløien etterkvart, medan eg heller måtte skunde meg litt for å nå turneringa. Så eg småsprang ut igjen over Heileberget. Tida hadde visst gått frå meg litt. Men enkelte ting er viktigare enn andre her i livet. Miniputt-turneringar eller ei... Det vart ein god morgontur!
Fra Driveknolten 140908

Ingen kommentarer: