tirsdag 12. august 2008

Trippel dose

MMS frå Skålefjellet i stad Det slo meg i ettermiddag at Skålefjellet blir eg ikkje lei av å gå på. Sjølv om det var tredje kvelden på rad. Dette kan vere litt variabelt med dei andre fjella eg har trakka i det siste. Det er noko spesielt med Skålefjellet. Det ruvar så flott over bygda. Det er god sikt til bygds frå toppen. Likeeins ut fjorden og til havs. Du tenar fort høgdemeter på turen oppover. Det tykkjer eg alltid er godt. Omlag som i Rørvika mot Blegja. Skålefjellet ser eg dessutan godt både frå senga og sofakroken heime. I skrivande stund ligg fjellet der oppe bada i raudt kveldslys frå solnedgangen. Vakkert...Romantisk... Som skapt for draumar... Fint var det òg å gå opp i stad. Eg gjekk like godt i gore-tex joggeskoa, sjølv om det var litt vått. Det går lettare då enn med fjellsko. Gjer jo ingen ting å bli litt våt på føtene så lenge temperaturen er som den er og turen ikkje tek meir enn maks eit par timar. Opplett og gløtt av sol undervegs. Ingen vind. Eg sat faktisk ei stund i bar overkropp på toppen og naut utsikta og roen.

Ingen kommentarer: