mandag 11. august 2008

Sosial Søndag

Bilde frå fellestur på Skålefjellet tidlegare i sommar. Peter først... Det var tromma i hop til dugnad på "jubileumsløypa" i Stongfjorden i dag. Den går frå fotballbana opp mot Trengjeskaret og over Stongsåsen til demma. Trassèen går vidare på nedsida av overløpet ved Stongsvatnet og inn på den gruslagde vegen som SFE (Sogn og Fjordane Energi) har laga ved Likkjevatnet. Så over den regulerte "elva" og nyebrua og vestover grusvegen. Siste delen av løypa går over åsen til inntakskammeret og ned ved sida av røyra til kraftstasjonen i Stongfjorden. Eg må unekteleg innrømme at det er litt spesielt å legge ned dugnadsarbeid på turløypa i forbindelse med den gamle kraftreguleringa i Stongfjorden. Dei fleste som kjenner meg veit vel kva eg tykkjer om slikt. Men no er no dette ein gong slik. Og gjort er gjort. Turløyper får ein iallefall ikkje nok av anten dei er lange eller korte. For ungar eller eldre. Og denne turløypa kan vere flott for alle. Det er dessutan meining at stien skal gå inn som ein del av nordsjøløypa Vi var 4 stykke som stilte, Grunde (sjef), Tor Vidar, Kjell og underteikna utstyrt med sakser, økser, og raudmåling gjekk vi grundig til verks. Det var ei kjekk ykt med innlagt kaffipause halvveges. Kjell hadde fiksa kaffi og kjeks til oss alle. Bilder og tekst finn du på bloggen til Kjell. Etter middag var det kaffi hos Elsa og Einaren. Elsa hadde dag. Tove og Terje var komne på ein ferietur frå Trondheim, så vi var ein heil gjeng. To blautkaker og anna kaffi-mat freista sjølv den mest standhaftige...:-) Ei fin stund. Men noko vidare sveitt opplegg hadde det ikkje vore for meg. Etter kaffien fekk eg difor dispensasjon heime til å ta meg litt meir ut. (Olaug hadde jo vore på Blegja med Anne S. tidlegare på dagen....) Så sidan eg hadde kome så godt i gang med ryddesaksa, tok eg likegodt denne med meg på Skålefjellet. Eg gjekk opp Gjerdedalen som vanleg. Til å begynne med såg vèret brukbart ut. Men litt lenger oppe i dalen begynte det å hølje ned. Og det regna så det spruta mesteparten av vegen opp. Men tru det eller ei, så klårna det opp på toppen (som regel har det brukt å vere omvendt...:-). Frå toppen såg eg difor sola først på Holmedalsfjella. Før den nokre minuttar seinare stakk fram lenger her nord. Utruleg skiftande! Eg la frå meg saksa ved hammaren ved første elva på veg opp. Nedatt tok eg såleis føre meg å klippe einer og busker ved hammaren. Ikkje minst den bratte bakken under hammaren, og ned ved elva, heldt aldeles på å gro til med småbjørk. Eg saksa ned for fote. Diverre heldt kvelden på å ryke til for meg. Tida til stirydding strekk aldri til... Det skulle vore gjort noko med den brattaste bakken lenger nede. Stien er bra oppgådd no, men svart mold med væte er reine skøytebana. Eg hamna på ræva to gonger ned her i kveld. Og det er ikkje første gongen. Heller regelen. Litt stein/steinheller hadde gjort seg på verste plassane. For andre lokale som eventuelt les dette, så legg gjerne på plass ein stein når du likevel går opp. Det skal så lite til hvis fleire tenkjer på det!

Ingen kommentarer: