lørdag 23. august 2008

Skoddevind på Blegja

Kalde, men framleis med humøret intakt og ved godt mot... Nydeleg utsikt mot m.a. Rørvika, Vevring og Førdefjorden Vi ser m.a. Moldura og Skålefjellet bakerst og Fossedalshengenipa og Eitrenipa framme. Blåegga utover t.v. Bildet er teke m/zoom Vèret såg veldig bra ut frå morgonen av i dag heime. Knapt ei sky på himmelen, men med mykje dogg og kun 8 varmegrader. Det såg ut til å bli ein fantastisk dag. Meldingane lova jo det òg... Men då Olaug og eg kom inn i Rørvika, låg det skodde oppe i Blegja. Eg rekna det nesten som sikkert at den fòr innan vi var komne opp der. Det gjekk greitt oppover. Flott temperatur å gå i. Og Olaug hang bra på... Men då sola glimra med sitt fråver bak eit ganske tjukt skylag oppe under Rørviknipa, vart det fort ganske kaldt. Eg hadde teke med minimalt med klede og gjekk som vanleg i berre shortsen. Så vi måtte gje bra på opp heile ura rett og slett for å halde varmen. Oppe under topp-platået låg skodda. Rett nok kom og gjekk den litt. Men den såg ikkje ut til å ville lette på ei stund som eg tidlegare hadde trudd. Det var likevel aldri eit alternativ å snu utan å ha vore på toppen... Noko langt opphald vart det likevel ikkje i dag. Til det var det som sagt altfor kaldt. Og vi såg jo ingen ting heller. Det var berre å komme seg ned under skoddelaget igjen fortare enn svint. Midt nede i ura igjen, trudde eg knapt mine eigne auger. Det kom eit par oppover og utruleg nok viste det seg å vere syster mi, Mildrid og svogeren min, Sigmund, frå Dale. Utan at vi var klar over kvarandre... Vi fekk oss ei god overrasking alle fire! Dei hadde gått frå Standnes og direkte opp på Likkjeblegja. Bratt og hardt. Vi slo av nokre ord der i ura, men det var verken tid eller stad for noko vidløftige greier...:-) Vel nede under Nipevatnet igjen, vart det mykje betre temperatur. Ura ned hadde gått heilt fint. I partiet under hytta var det enormt med blåbær. Svære bær! Olaug overdriv sjeldan, men i dag påsto ho blåbæra var store som plommer... Det var vel å ta litt hardt i.. Vi plukka opp i ein ganske stor plastpose på nokre minuttar. Litt lenger nede vart vi ståande å prate med eit par frå Solheimsdalen som var på veg oppover. Det var mindre folk på tur i dag enn dei førre gongene. Kanskje hadde det med eit visst OL-gull handballdamene cruisa inn til? Men det kunne sjølvsagt ikkje stoppe Olaug og meg...
Blegja 230808
Blegja_video_230808

Ingen kommentarer: