onsdag 6. august 2008

Siste dans

"Hytte-varden" ved toppen av Skålefjellet Etter at Olaug, Marie og Peter reiste på den lenge planlagde og forlenga helgeturen på hytta til Kirsten og Arnt, tok eg opp på Skålefjellet. Framleis enkelt kledd i shorts og joggesko... Det går litt lettare då på alle måtar. Det er jo vorte ein standardtur dette òg, ilag med dei andre toppane i fjelltrimmen. Som tidlegare nemnt skal det snart bli greitt å få skifte fokus... Nytt positivt fokus! Men som trim er turen veldig bra... Og målsettinga mi er endå ikkje heilt oppfylt.

Ingen kommentarer: