onsdag 27. august 2008

Haust i fjellet

MMS frå Skålefjellet 10/8. Mobilen låg att heime pga. pøsregnet i kveld... Eg måtte i kjellaren å finne gore-tex jakke, bukse og fjellsko til turen på Skålefjellet i kveld. Sett i forhold til turen i går i shorts og joggesko, vart det heilt klart tyngre i kveld. No sat rett nok 3 utsøkte, steikte fjellkjø frå Nipebu i mageregionen, så ilag med smør, poteter, agurk og rømme, regulerte det egentleg heilt automatisk farten opp gjennom Gjerdedalen. Kjøa frå Nipebu er berre fantastisk. Sjølvfiska, eventyrleg. Skrapar du skinnet, er det ein delikatesse steikt. Eg et rubbel og bit... Men eg er litt meir forsiktig no, for hitt året måtte eg inn på sjukehuset å plukke ut eit mjukt fjellkjø-bein frå Svædalen som sat fast i halsen... Frå Bulandet er det fortalt at når dei et brosme så dett beina ut frå eine munnvika medan dei gumlar fisken! Skinnet på brosma er òg godt på flatbrød med smør på. Delikatesse frå Bulandet. Men eg må innrømme at då må eg vere bra svolten for at dette går ned... Spesielt hvis fisken ikkje lenger er heilt kvit i kjøtet:-) Men tilbake til turen... Ovanfor hammaren ved elva låg skodda ganske tjukk. Det silregna. Men det gav seg litt inn i mellom. Det er greitt med vardane mot toppen. Difor er det aldri noko problem å gå opp uansett kor tjukk skodda er. Fint å vere så trygg på det når eg ikkje ser fjellet heime i frå. På toppen var det i kveld null sikt. På returen nett nedom toppen kom det brått ein kald vind frå nordvest som feia skodda vekk som ved eit trylleslag. Utruleg kor fort det skjedde. Som å slå på ein brytar! Fjorden nede låg spegla i sølvskimrande lys. Den såg islagd ut. Og langt ute i havet var himmelen heilt klår. Lys rosa i lèten i kveldslyset. Idyllisk. Det vart nok ein fin kveldstur. Og herleg trening! Fjellturar gjer det ung og blid:-)Godkjensla sit att i kroppen...

Ingen kommentarer: