mandag 11. august 2008

Friskt, vått og godt

Nok eit eksempel på Dalsfjorddekket frå Devontida på Skålefjellet (mms) Vèret var egentleg så ustabilt og ille i bygene at eg likegodt gjekk opp igjen på Skålefjellet i kveld òg. Det hølja ned oppover Gjerdedalen og heilt til topps. Der var i tillegg skodda så tjukk som graut. Men det er sjølvsagt ingen problem med vegen når vardane står så tett som no... I utgangspunktet var eg tenkt meg innatt på Driveknolten frå Rivedal. Men eg føretrekkje Skålefjellet framfor Driveknolten når det er så mykje regn og skodde som i dag. Det går fortare opp og det er lenger og meir vèrutsett innover Heileberget. Slike dagar som i dag er valet enkelt... Som nemnt i går er det sleipt oppe i brattaste bakken i Gjerdedalen. Stien er godt opptrakka, men våt mold og gjørme gjer den farleg glatt ned igjen. Eg la på plass litt stein i kveld, men det må meir til... Så obs, obs - eg ramla på rompa i kveld òg! Snublefot...:-)

Ingen kommentarer: