fredag 29. august 2008

Frisk haustluft

Motiv frå turen til Driveknolten i dag tidleg Eg hadde teke meg fri i dag i høve jubileumet i Stongfjorden, og industriseminaret som skulle vere. Eg er jo rimeleg mot ei utplassering av eventuelle vindturbinar på Staveneset. Dette vil jo rasere heile det unike historiske og naturmessige monumentet som Staveneset er for ettertida. Det var meininga at Vestavind skulle presentere eitt eller anna i denne samanhang. No vart heile sulamitten avlyst avdi føredragshaldarane og andre var reiste på oljemesse i Stavanger... Ja, ja, det gjeld å halde seg "in" med dei rette folka og møte opp der kapitalen er... Men for min del var det berre å bukke og smile for feriedagen eg hadde ordna meg med. Eg vakna 05.17 av ein dieselmotor på ein båt som dunka ut fjorden. Det var sikkert Stigen som skulle avstad å fiske reke... Eg stod like godt opp - sjekka veiret - og var klar for fjellet før 06. Men eg roa meg med ein ekstra kopp kaffi, slik at folk i huset fekk tid til å vakne før eg fòr... Og så er det noko med dei folka i kvite frakkar eg er redd skal komme å banke på døra mi...:-) Eg hadde bestemt meg for å ta ei runde til på fjelltrimmen. Alternativet var Blegja. Men der har eg vore mykje i det siste, vel, mykje har eg vel vore på fjelltrimmen òg for den del, men ein siste innspurt kan jo vere greitt. Frå mandag av jobbar eg ein halv time lenger, og det mørknar stadig tidlegare om kveldane, så då avgrensar det seg vel etterkvart kva eg rekk over medan det endå er lyst... I 07.tida var eg på plass i Rivedal. Heime var det klårt og fint. 9 pluss grader. Men på Dalsfjordsida låg det skodde. Ikkje tjukk, men heller av det slaget som det er fint å ta bilete av. Spesielt når du kjem over skoddelaget. Det var ganske kaldt òg. Det er no årstida for det etterkvart. Ei tynn Devold-trøye var i minste laget oppover dalen, spesielt med morgontrekk ned dalen i tillegg. Eg hadde ei Brynje-trøye, kombinert fleece og undertøy i eitt, rundt livet som reserve når den andre vart våt av sveitte. Eg hadde òg med buffen i lomma på joggebuksa. Den kom faktisk raskt på plass rundt øyra. Det hjelpte! Opp mot Hundeheia fekk eg sola. Det var godt. Psykologisk stimuli som alltid. Det var mektig å sjå ned på skodda som låg utetter Dalsfjorden og inn heile Flekkefjorden. Flott lys, spesielt då sola skein frå aust ned på skodda. Lange morgon-skuggar. Og den gul-oransje landskapen her oppe, i kontrast til den blå himmelen og vasspyttane, fekk tida nesten til å stå stille. Ei praktfull morgonstund... Tenk på kva folk som søv vekk morgontimane går glipp av... Eg er glad eg er A-menneske...:-) I dag var det elles tydeleg at mange av sauene ville heim igjen. Fleire stod å trykte mot grinda på austsida av elva på veg opp. Og endå fleire var trekte ned vegen til kraftverket og øverste grinda, når eg kom ned igjen. Oppe på fjellet var tydeleg fleire på veg ned òg. Men det gjekk endå sorten heilt inne ved Driveknolten. Det blir ikkje vanskeleg å sanke sauene her. Dei har blitt godt sett etter og gitt mjøl i heile sommar. Og så er dei vel vane med enkelte fjellranglarar òg...:-) Det var friskt å sitte inne på toppen. I bar overkropp var det reine avrivinga. Nydeleg utsikt mot Nipebu og kjære fjell - i alle himmelretningar. Langevatnet og Atlevatnet låg blikkstille, trolsk og svarte der i nord. Og lyset... Sol, blått morgonlys og skoddedottar som kom og gjekk, tjenn og vasspyttar som skimra som sølv i den låge sola. Magisk. På veg ut igjen måtte trøya av. Sola varma bra i ryggen. Flotte haustfargar prega landskapen i den herlege haustlufta. Fotoapparatet måtte jamnleg fram. Heiloen er reist sin veg. Steinskvetten og ringtrasta likeeins. Men heipiplerkene held framleis stand, no i ganske store flokkar. Eit par dvergfalkar har eg jamnleg sett i lia mot Vagstaddalen ute om Høgknolten. Stadig på jakt etter mus. Då eg så kom til Rivedal igjen, køyrde eg rett til Askvoll og gjekk på Fristadfjellet. Eg skifta til joggesko og shorts. Og la att fotoapparatet. Hurtig gange opp Prestegardsmarka, Askdalen og til topps. Jogg ned igjen. Det er unnagjort på ein god time. Piano! Deretter var det ein tur på Coop`en å handle bananer, pepsi og eit par pizzabollar. Så gjekk turen nordatt mot Skjerlia som neste mål. Det var skya til igjen. Ganske kjølig der oppe. Kom det regn mon tru? Nei, det trudde eg ikkje. Men eg tok på meg ei ny tynn trøye og begynte på bakkane på nordsida av fjellet. Her oppe går det mykje geiter. Det ser ein på landskapen. Ope og fint. Lett å gå. Nokre bukkar held til ovanfor vegen og oppetter. Ein umiskjenneleg eim av bukkepiss heng no i bakkane. Den er noko så vanvittig stram at det er heilt ubeskriveleg. Du trur det ikkje før du har lukta det... Eg er sikker på at får du den stanken på kleda kan bu berre brenne dei opp på flekken! Du får den garantert ikkje av igjen, og den hjelper heilt sikkert ikkje på damene...:-) Turen opp på Kvamsnipa er heller ikkje allverda. Går ganske fort når du først er komen i gong. Det som er utfordringa er jo sjølvsagt å psyke seg opp til å ta til på nye bakkar. Ny pulsauke og ny sveitte...:-) Eg har funne ut at eg sikkert er ein "slow starter". Første bakken kjennest ofte litt tung. Men når oksygenopptaket kjem seg etter eit bèl, går det av seg sjølv. Kanskje ein skulle starta med oppvarming? Frå toppen er det fint å sjå bort att på Driveknolten heilt der i sør. Som eg nettopp var på. Elles er her veldig fin utsikt innatt i Blegja, Eitrenipa og Kringa. Og ikkje minst til Leknesvatna og ned til Markavatnet. Ikkje så mykje å fortelje frå turen på Kvamsnipa elles. Opp, kort opphald på toppen og retur same vegen. Eg var inne på tanken om å ta Skålefjellet òg, men eg gav meg på det. Skal jo vere guide opp der i morgon føremiddag...:-)
Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 290808

Ingen kommentarer: