mandag 4. august 2008

Ei lita markering



Lettskya på Fristadfjellet i ettermiddag. MMS.

Eg hadde meg ei lita tankemessig markering av den fullførte runda på Fristadfjellet i ettermiddag. Eit lite og nytt personleg mål var nådd. Men eg skjønar at eg snart må dedikere nokon av desse rundene til Olaug. Ho fungerer både som husmor og legen si høgrehand, medan underteikna flyg fjelltoppane og ikkje er heilt ned på.... Heime er nok saldoen på minussida etter fjellracet siste månadane! Men mottoet mitt blir likevel som "So ist dass Leben, kurz aber so heftig"... Det må vere trasig å svinne bort i ein stressless....

Noko anna er at eg no ser fram til hausten. Flotte fargar, klar luft, så inderleg fri fluger, klegg og flått, frisk temperatur som er lett å puste i, borte er tunge, sveitte og dunkande hovud... eg kunne ramse opp i det uendelege.... Men ikkje å forgløyme nye fjell på fjelltrimmen. Det går litt på motivasjonen laust no, må eg innrømme. Egentleg har eg berre eit mål igjen på sesongens fjelltrim. Det er òg innan rekkevidde, hvis ikkje noko uforutsett skjer...

I morgon og torsdag blir det fjellføring på Blåfjellet i Askvoll under Tall Ship Races. Eg ser føre meg nokre fine seglskip-bilder der i frå...

Ingen kommentarer: