lørdag 30. august 2008

Jubileums-lørdag

MMS motiv frå Fristadfjellet mot Stråmen i dag Bilder frå Skålefjellet i dag Diverre vart det ingenting av guiding på Skålefjellet i dag. 1 -ein- påmeld var ikkje rare greiene. Vi bestemte likegodt å føre denne personen over til turen på søndag i staden. Det er visst nokre fleire som vil gå i morgon. No er det meininga at Dag Tore skal føre i morgon, men vi får sjå om det blir mange som melder seg. Då er det godt å vere to. Ein framme og ein bak. Og så kan det jo hende at tempoet blir ganske ujamnt i gruppa òg... Og nokre vil gå fortare. Vi får sjå an påmeldinga i kveld. Meininga mi i morgon er likevel å bli med på Fossedalens Dag. Sidan det var langt på dag avlysinga vart bestemt, tok eg turen ned på Fristadfjellet som i går. Er litt usikker på om eg mangla ein tur på ei runde der nede. Sidan det av ein eller annan merkeleg grunn ikkje er vanleg å notere opp turane der nede, har eg ikkje heilt kontroll på antal gonger. (Morsomt nok seiest det at det skal vere hemmeleg kor mange gonger ein har). Til vanleg er det jo berre å telje opp. Men når det er tredje boka som er lagt ute, så er ikkje det så enkelt. For det er mange som berre går på Fristadfjellet og ikkje dei andre fjella. Dei er såleis med på å skrive ut boka utan å få teljande resultat... Litt crazy spør du meg...! Det gjekk like greitt opp og ned som i går. Rein rutine. Men det er egentleg godt å få jogge ned Askdalen og langs elva til bilen igjen. Litt forandring i kvardagen...:-) Eg jogga mykje før på asfalt. Men det er iallefall ikkje godt for knea mine.4 Eg hadde på førehand egentleg rekna med ein tur på Skålefjellet i dag. Så med bygda full i feststemte og stivpynta folk, Olaug oppteken med matservering og Peter i lag med mange kameratar, tok eg likegodt turen opp der òg. Åleine. Nær toppen kom eg over nokre blåbær som nesten var svarte i lèten. Om det er ein annan sort blåbær enn dei vanlege veit eg ikkje. Blåbær er vel blå og ikkje svarte. Men dei var noko så utruleg søte i forhold til dei andre. Søtsmak og storleik varierer jo mykje til vanleg. Men du verden for nokre flotte og gode bær dette var. Eg saumfor terrenget etter same sorten. Eg får sjekke litt på nettet om blåbær og variasjonar kring temaet. Sola stakk gjennom på toppen. Eg tok meg ei runde å fotograferte litt i det fine lyset. Det er flotte fargar på lyng og gras der oppe. Kontrastrikt og fint mot himmel og hav. Bygda låg fint og pynta der nede ved fjorden. Aldri har det vel vore så folksomt her. Då må ein iallefall tilbake til storheitstida til bygda. Frå Skålefjellet har du godt oversyn over vatna kring Stongfjorden. Diverre ligg dei aller fleste no godt nedtappa. Ørkensoner langs land på dei alle. Ikkje akkurat noko vakkert syn. Øydelagde som fiske og rekreasjonsområde. Livlause. Daude biotopar. Økologisk ruin. Velstandens eller idiotiens pris? Kortsiktige vinstar... I dag må ein iallefall ha lov å spørje om dette var verdt prisen på det store eventyret som ein gong starta her. I dag er det vel berre minnene igjen. Sørgeleg nok. Men den ruinerte naturen - den ligg der - til evig tid! Straumen sel dei til Europa. Lite gagnar det Stongfjorden. Uttrykket om å sitje igjen med svarteper slær iallefall meg..... Som nemnt i går skal energiselskap no ta Staveneset òg. Vindturbinar så store som fjell skal dei perforere heile fjellet med. Litt blodpengar blir nok betalt ut. Kortsiktige vinstar for nokre få. Snakk om å øydeleggje eit heilt historisk og nytt eineståande naturområde. Går det an å fatte at folk finn seg i slikt? Og ikkje ser den store samanhengen i naturen? Merkelege verdivurderingar spør du meg. Som samfunn kan Stongfjorden atter ein gong bli utarma på energiens alter. I kveld sit eg heime med Peter og er i tillegg barnevakt for Tora. Då kan ungdommen og fruen kose seg på den store festen i bygda. Det går vel 100 år til neste gong her er så mykje folk.. Vel, då er det nok sikkert ingen som tenkje på å feire aluminiumen likevel..
Fristadfjellet_Skålefjellet 300808

fredag 29. august 2008

Frisk haustluft

Motiv frå turen til Driveknolten i dag tidleg Eg hadde teke meg fri i dag i høve jubileumet i Stongfjorden, og industriseminaret som skulle vere. Eg er jo rimeleg mot ei utplassering av eventuelle vindturbinar på Staveneset. Dette vil jo rasere heile det unike historiske og naturmessige monumentet som Staveneset er for ettertida. Det var meininga at Vestavind skulle presentere eitt eller anna i denne samanhang. No vart heile sulamitten avlyst avdi føredragshaldarane og andre var reiste på oljemesse i Stavanger... Ja, ja, det gjeld å halde seg "in" med dei rette folka og møte opp der kapitalen er... Men for min del var det berre å bukke og smile for feriedagen eg hadde ordna meg med. Eg vakna 05.17 av ein dieselmotor på ein båt som dunka ut fjorden. Det var sikkert Stigen som skulle avstad å fiske reke... Eg stod like godt opp - sjekka veiret - og var klar for fjellet før 06. Men eg roa meg med ein ekstra kopp kaffi, slik at folk i huset fekk tid til å vakne før eg fòr... Og så er det noko med dei folka i kvite frakkar eg er redd skal komme å banke på døra mi...:-) Eg hadde bestemt meg for å ta ei runde til på fjelltrimmen. Alternativet var Blegja. Men der har eg vore mykje i det siste, vel, mykje har eg vel vore på fjelltrimmen òg for den del, men ein siste innspurt kan jo vere greitt. Frå mandag av jobbar eg ein halv time lenger, og det mørknar stadig tidlegare om kveldane, så då avgrensar det seg vel etterkvart kva eg rekk over medan det endå er lyst... I 07.tida var eg på plass i Rivedal. Heime var det klårt og fint. 9 pluss grader. Men på Dalsfjordsida låg det skodde. Ikkje tjukk, men heller av det slaget som det er fint å ta bilete av. Spesielt når du kjem over skoddelaget. Det var ganske kaldt òg. Det er no årstida for det etterkvart. Ei tynn Devold-trøye var i minste laget oppover dalen, spesielt med morgontrekk ned dalen i tillegg. Eg hadde ei Brynje-trøye, kombinert fleece og undertøy i eitt, rundt livet som reserve når den andre vart våt av sveitte. Eg hadde òg med buffen i lomma på joggebuksa. Den kom faktisk raskt på plass rundt øyra. Det hjelpte! Opp mot Hundeheia fekk eg sola. Det var godt. Psykologisk stimuli som alltid. Det var mektig å sjå ned på skodda som låg utetter Dalsfjorden og inn heile Flekkefjorden. Flott lys, spesielt då sola skein frå aust ned på skodda. Lange morgon-skuggar. Og den gul-oransje landskapen her oppe, i kontrast til den blå himmelen og vasspyttane, fekk tida nesten til å stå stille. Ei praktfull morgonstund... Tenk på kva folk som søv vekk morgontimane går glipp av... Eg er glad eg er A-menneske...:-) I dag var det elles tydeleg at mange av sauene ville heim igjen. Fleire stod å trykte mot grinda på austsida av elva på veg opp. Og endå fleire var trekte ned vegen til kraftverket og øverste grinda, når eg kom ned igjen. Oppe på fjellet var tydeleg fleire på veg ned òg. Men det gjekk endå sorten heilt inne ved Driveknolten. Det blir ikkje vanskeleg å sanke sauene her. Dei har blitt godt sett etter og gitt mjøl i heile sommar. Og så er dei vel vane med enkelte fjellranglarar òg...:-) Det var friskt å sitte inne på toppen. I bar overkropp var det reine avrivinga. Nydeleg utsikt mot Nipebu og kjære fjell - i alle himmelretningar. Langevatnet og Atlevatnet låg blikkstille, trolsk og svarte der i nord. Og lyset... Sol, blått morgonlys og skoddedottar som kom og gjekk, tjenn og vasspyttar som skimra som sølv i den låge sola. Magisk. På veg ut igjen måtte trøya av. Sola varma bra i ryggen. Flotte haustfargar prega landskapen i den herlege haustlufta. Fotoapparatet måtte jamnleg fram. Heiloen er reist sin veg. Steinskvetten og ringtrasta likeeins. Men heipiplerkene held framleis stand, no i ganske store flokkar. Eit par dvergfalkar har eg jamnleg sett i lia mot Vagstaddalen ute om Høgknolten. Stadig på jakt etter mus. Då eg så kom til Rivedal igjen, køyrde eg rett til Askvoll og gjekk på Fristadfjellet. Eg skifta til joggesko og shorts. Og la att fotoapparatet. Hurtig gange opp Prestegardsmarka, Askdalen og til topps. Jogg ned igjen. Det er unnagjort på ein god time. Piano! Deretter var det ein tur på Coop`en å handle bananer, pepsi og eit par pizzabollar. Så gjekk turen nordatt mot Skjerlia som neste mål. Det var skya til igjen. Ganske kjølig der oppe. Kom det regn mon tru? Nei, det trudde eg ikkje. Men eg tok på meg ei ny tynn trøye og begynte på bakkane på nordsida av fjellet. Her oppe går det mykje geiter. Det ser ein på landskapen. Ope og fint. Lett å gå. Nokre bukkar held til ovanfor vegen og oppetter. Ein umiskjenneleg eim av bukkepiss heng no i bakkane. Den er noko så vanvittig stram at det er heilt ubeskriveleg. Du trur det ikkje før du har lukta det... Eg er sikker på at får du den stanken på kleda kan bu berre brenne dei opp på flekken! Du får den garantert ikkje av igjen, og den hjelper heilt sikkert ikkje på damene...:-) Turen opp på Kvamsnipa er heller ikkje allverda. Går ganske fort når du først er komen i gong. Det som er utfordringa er jo sjølvsagt å psyke seg opp til å ta til på nye bakkar. Ny pulsauke og ny sveitte...:-) Eg har funne ut at eg sikkert er ein "slow starter". Første bakken kjennest ofte litt tung. Men når oksygenopptaket kjem seg etter eit bèl, går det av seg sjølv. Kanskje ein skulle starta med oppvarming? Frå toppen er det fint å sjå bort att på Driveknolten heilt der i sør. Som eg nettopp var på. Elles er her veldig fin utsikt innatt i Blegja, Eitrenipa og Kringa. Og ikkje minst til Leknesvatna og ned til Markavatnet. Ikkje så mykje å fortelje frå turen på Kvamsnipa elles. Opp, kort opphald på toppen og retur same vegen. Eg var inne på tanken om å ta Skålefjellet òg, men eg gav meg på det. Skal jo vere guide opp der i morgon føremiddag...:-)
Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 290808

torsdag 28. august 2008

Kjensler og livskvalitet

Ein blogg kan vere så mykje. Den kan fungere som ein salskanal av produkt. Eller som ein fremjar av politiske og samfunnskritiske meiningar. Nokre fungerer nærast som ein chatte-kanal. Min blogg er i hovudsak ein turblogg med naturbilder og folk i naturen. Eg har sjølvsagt mykje bilder eg aldri legg ut på bloggen. Bilder av meir privat art. Somme har teljar innstallert på bloggen sin for å sjå antal treff frå folk som er innom sida (noko eg ikkje har) eller linkar til andre sider (som eg heller ikkje har). Enkelte har òg lagt inn mykje av privat art som kva ein les, kva ein ser på t.v. etc. etc. Eg har det synspunktet at di meir "støy" det er inne på sida, di meir druknar det eg vil ha fram. Difor prøver eg å halde ei forholdsvis "rein" side. Eg tykkjer òg at den ser betre ut då. At det er folk som les bloggen min og set pris på bilda mine, er sjølvsagt noko eg blir glad for. Det er kjekt det finnst andre som deler interessa mi for natur, trim og naturbilder. Ja, fleire og fleire får auga opp for dei gleder og overskot naturen rundt oss gir. Og det er sjølvsagt hovudgrunnen til fleire av oss vel å bu der vi bur òg. Livskvalitet er eit ord som kling godt i øyra.. Men det er sjølvsagt så lite konkret at kvar og ein lyt gje det innhald. Ein har no likevel berre dette eine livet, så då lyt ein jo prøve å gjere det beste ut av det... same kva reiskap ein har fått utlevert. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på bloggen min siste månadane. Siste dagane faktisk fleire. Udelt positive. Sjølvsagt varmar dette. Eg har knytt fleire kontaktar med folk eg aldri har møtt, eller visst om. Og kan halde kontakt med andre eg kjenner. Frå dei fjernaste stadar. I Tyskland held eg kontakt gjennom bloggen med ein tysk familie som har vore her på sommarferie fleire gonger, og som kjem att neste sommar. Ja, til og med frå Canada mailar eg med ein kvinneleg forfattar. Det viser kva kraft nettet har. Men ikkje minst kva kraft som ligg i den flotte naturen som omgir oss. Ei kraft som ikkje kan målast i pengar og KWt for den del... I dag tikka det forresten inn ein SMS òg som avslutta slik: Skal helse frå fjellet, Eg kjem med bud Det lyste så herleg der inne På floene sto myrduna brud Og vindane leika så linne Det ligg mykje i slike vektige ord. Dei som har denne kjensla i seg veit at ord heller ikkje alltid er nok...

onsdag 27. august 2008

Haust i fjellet

MMS frå Skålefjellet 10/8. Mobilen låg att heime pga. pøsregnet i kveld... Eg måtte i kjellaren å finne gore-tex jakke, bukse og fjellsko til turen på Skålefjellet i kveld. Sett i forhold til turen i går i shorts og joggesko, vart det heilt klart tyngre i kveld. No sat rett nok 3 utsøkte, steikte fjellkjø frå Nipebu i mageregionen, så ilag med smør, poteter, agurk og rømme, regulerte det egentleg heilt automatisk farten opp gjennom Gjerdedalen. Kjøa frå Nipebu er berre fantastisk. Sjølvfiska, eventyrleg. Skrapar du skinnet, er det ein delikatesse steikt. Eg et rubbel og bit... Men eg er litt meir forsiktig no, for hitt året måtte eg inn på sjukehuset å plukke ut eit mjukt fjellkjø-bein frå Svædalen som sat fast i halsen... Frå Bulandet er det fortalt at når dei et brosme så dett beina ut frå eine munnvika medan dei gumlar fisken! Skinnet på brosma er òg godt på flatbrød med smør på. Delikatesse frå Bulandet. Men eg må innrømme at då må eg vere bra svolten for at dette går ned... Spesielt hvis fisken ikkje lenger er heilt kvit i kjøtet:-) Men tilbake til turen... Ovanfor hammaren ved elva låg skodda ganske tjukk. Det silregna. Men det gav seg litt inn i mellom. Det er greitt med vardane mot toppen. Difor er det aldri noko problem å gå opp uansett kor tjukk skodda er. Fint å vere så trygg på det når eg ikkje ser fjellet heime i frå. På toppen var det i kveld null sikt. På returen nett nedom toppen kom det brått ein kald vind frå nordvest som feia skodda vekk som ved eit trylleslag. Utruleg kor fort det skjedde. Som å slå på ein brytar! Fjorden nede låg spegla i sølvskimrande lys. Den såg islagd ut. Og langt ute i havet var himmelen heilt klår. Lys rosa i lèten i kveldslyset. Idyllisk. Det vart nok ein fin kveldstur. Og herleg trening! Fjellturar gjer det ung og blid:-)Godkjensla sit att i kroppen...

tirsdag 26. august 2008

Nærkontakt

MMS: Framleis går fjellturen såvidt an i sveitt shorts:-) MMS: Den vestlege varden på Skålefjellet i kveld Etter å ha teke det med ro heime i går kveld, gjekk eg opp på Skålefjellet igjen i kveld. Opplett og sol inn i mellom. Bra temperatur. Solinnstrøyminga lågt frå vest gjorde fjellet så tindrande klårt. Var som kvar ei sprekk syntest oppover. Lyst fjell skore ut av knallblå himmel. Skuggane er heilt annleis no enn når sola står høgre på himmelen. På mange måtar er fjellet vakrare om hausten enn om sommaren. Ikkje berre på grunn av dei fantastiske fargane, men òg den klåre lufta og dei lange skuggane gjer hausten så vakker. På veg ned igjen småsprang eg. I enden av den lange og litt bratte bakken rett over hammaren ved elva, rann eg bokstaveleg tala på damegjengen frå Askvoll på veg oppover. Dei hadde sin vekentlege fjelltur. Litt moro å hamne i fanget på Connie som leia an... Dei er jo ein triveleg og munter gjeng... :-) Vi hadde oss ein liten passiar der på toppen av hammaren i sola. Triveleg. Lenger nede i dalen la eg på plass meir stein i stien. Det kan bli bra her hvis ein ordnar litt kvar gong ein går forbi. Oppfordringa om det står ved lag...

søndag 24. august 2008

Nye rutine-turar

MMS: Driveknolten i skugge med haustleg drag i lufta MMS: f.v. Dokka, Moldura og Skålefjellet i vest MMS: Mot Jarstadheia i Dale i sør Fruen i huset er snill med meg... Ingen tvil om det... Eg fekk nesten heile søndagen fri. Olaug reiste til Hyllestad med Peter på miniputturnering. Det var meininga at eg skulle følgje Marie på Skålefjellet, sidan ho mangla denne toppen på fjelltrimmen. Men etter at eg hadde lagt meg, fann ho visst ein kompis frå Atløyna, som hadde vore på Skålefjellet før, å gå med... Og då låg brått dagen open for meg. Eg bestemte meg for Driveknolten igjen, for n`te gong... (Var det 3 dagar eg heldt meg?) Blegja var jo i boks i går! Og eg gjekk nesten naken igjen. Det var i grenseland. Når sola forsvann bak skyer vart det full speed for å halde varmen. Inne på toppen vart det likevel tid til ein liten snutt... Ut igjen vart det på same måten. Men eg tok meg anledning til å knipse nokre bilder med mobilen. Ikkje eit menneske å sjå - rart - så fint som det er i fjellet no! I Rivedal traff eg likevel 3 stykke på veg oppover som var nett starta. Eg følte meg så fin at eg bestemte meg for å ta Fristadfjellet òg. Som sagt så gjort. Og det tek jo ikkje meir enn ein times tid når ein gjer på litt oppover og spring ned igjen. Etter å ha fyllt bensin og handla eit par epler, køyrde eg like godt i Skjerlia og gjekk på Kvamsnipa òg. Full runde igjen (sidan eg har så rikeleg gonger på Skylefjellet og Skålefjellet)! Det gjekk faktisk lett og greitt opp her òg... Men snunaden i vèret var no åpenbar. Tunge blygrå skyer var på veg frå sør med ganske kraftig vind. På toppen var det skikkeleg friskt.. I grunn hadde det vore godt å hatt ei god fleece-jakke rundt den nakne kroppen, må eg innrømme. Og ned igjen gjekk det bokstaveleg tala over stokk og stein Meterologen melde i går at første haust-lågtrykket er på veg... Vel, då har eg iallefall fått brukt siste sommardagen godt - 6 timar på farten - og kun i shorts..:-) No får vi berre håpe at det ikkje bankar på folk i kvite frakkar og vil hente meg:-))
Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 240808_MMS
Driveknolten_Kvamsnipa 240808_video-mobil

lørdag 23. august 2008

Skoddevind på Blegja

Kalde, men framleis med humøret intakt og ved godt mot... Nydeleg utsikt mot m.a. Rørvika, Vevring og Førdefjorden Vi ser m.a. Moldura og Skålefjellet bakerst og Fossedalshengenipa og Eitrenipa framme. Blåegga utover t.v. Bildet er teke m/zoom Vèret såg veldig bra ut frå morgonen av i dag heime. Knapt ei sky på himmelen, men med mykje dogg og kun 8 varmegrader. Det såg ut til å bli ein fantastisk dag. Meldingane lova jo det òg... Men då Olaug og eg kom inn i Rørvika, låg det skodde oppe i Blegja. Eg rekna det nesten som sikkert at den fòr innan vi var komne opp der. Det gjekk greitt oppover. Flott temperatur å gå i. Og Olaug hang bra på... Men då sola glimra med sitt fråver bak eit ganske tjukt skylag oppe under Rørviknipa, vart det fort ganske kaldt. Eg hadde teke med minimalt med klede og gjekk som vanleg i berre shortsen. Så vi måtte gje bra på opp heile ura rett og slett for å halde varmen. Oppe under topp-platået låg skodda. Rett nok kom og gjekk den litt. Men den såg ikkje ut til å ville lette på ei stund som eg tidlegare hadde trudd. Det var likevel aldri eit alternativ å snu utan å ha vore på toppen... Noko langt opphald vart det likevel ikkje i dag. Til det var det som sagt altfor kaldt. Og vi såg jo ingen ting heller. Det var berre å komme seg ned under skoddelaget igjen fortare enn svint. Midt nede i ura igjen, trudde eg knapt mine eigne auger. Det kom eit par oppover og utruleg nok viste det seg å vere syster mi, Mildrid og svogeren min, Sigmund, frå Dale. Utan at vi var klar over kvarandre... Vi fekk oss ei god overrasking alle fire! Dei hadde gått frå Standnes og direkte opp på Likkjeblegja. Bratt og hardt. Vi slo av nokre ord der i ura, men det var verken tid eller stad for noko vidløftige greier...:-) Vel nede under Nipevatnet igjen, vart det mykje betre temperatur. Ura ned hadde gått heilt fint. I partiet under hytta var det enormt med blåbær. Svære bær! Olaug overdriv sjeldan, men i dag påsto ho blåbæra var store som plommer... Det var vel å ta litt hardt i.. Vi plukka opp i ein ganske stor plastpose på nokre minuttar. Litt lenger nede vart vi ståande å prate med eit par frå Solheimsdalen som var på veg oppover. Det var mindre folk på tur i dag enn dei førre gongene. Kanskje hadde det med eit visst OL-gull handballdamene cruisa inn til? Men det kunne sjølvsagt ikkje stoppe Olaug og meg...
Blegja 230808
Blegja_video_230808

fredag 22. august 2008

Eit mål

MMS: Marka er vindtørka på Fristadfjellet. Dale t.h. bak. I jobbsamanheng er uttrykket måloppnåing eit mykje nytta omgrep. I dag kan eg overføre det til fjelltrimmen. Rundene eg hadde førestilt meg på førehand har eg oppfylt med turen på Fristadfjellet i ettermiddag. Ikkje at det er noko stor sak. Men det er no greitt likevel å greie det ein har sett seg føre - anten det gjeld dei eine eller det andre her i livet. Som sagt i går så er det over ein månad til nye fjell blir lagt ut for komande sesong. Det er sjølvsagt alt for lenge å sitte i ro:-) Så vi får stå på endå nokre hakk og halde formen ved like, sjølv om intensiteten skulle falle litt. Kanskje ikke så dumt. Kroppen er noko tappa etterkvart... Det vart ein rask og fin tur opp og jogg ned igjen. Enkelt. Og så nådde eg heim til fruen fòr på revy på Atløyna... Kanskje eit poeng å hente heime òg då...:-)

torsdag 21. august 2008

I balanse

Frå Driveknolten i kveld. I kveld vart eg ferdig med den målsettinga eg hadde sett meg med antal gonger på Driveknolten. Men endå er det over ein heil månad til dei nye postane for neste sesong blir lagt ut... Spørst om eg klarar å halde meg heilt vekke der i frå...:-) Det var litt snodig å møte Olaug og Magni på returen deira på Hundeheia, og eg skulle hin vegen... Hei og hada til fruen oppe på fjellet var litt rart...:-) Grunnen var jo at eg kom frå jobb og dei hadde fri. Ikkje verre enn det. Tørt, fint og herleg haustdrag i lufta. Lett å puste. Berre å gje på! Og det gjekk unna inn... Ei god kjensle! Eg søkte fram på sør- toppen i dag òg, fekk teke nokre bilder av Dale og Dalsfjorden, Bortheimsvika og skjeloppdrettet. Reidun på jobb ynskte det...:-) Kjekt å sjå alle sauene til Tjugen inne på Heileberget, tillitsfulle og i god stand med store lam. Ser ut som dei kjenner meg etterkvart - kanskje på lukta...? Kven veit...:-) Nok ein nydeleg og stille kveld, der fjell og landskap låg spegla i fjord og tjern. Draumekveldar i fargeprakt... som teke ut frå eventyr... Ein nytelse!

onsdag 20. august 2008

Svipptur

Frå turen til Driveknolten i går Frå Fristadfjellet i kveld. Det vart akkurat tid til ein svipptur på Fristadfjellet i ettermiddag, før fruen skulle på møte og klubb. Tørt og fint oppover. Lett i joggesko...ja, og i berre shortsen...:-) Elva gjennom Askdalen er berre ei lita sitle. Og det er stort sett slik den har vore i sommar. Det må då ha vore veldig tørt denne sommaren...? Ja, utan om rotbløytene eg fekk på Nipebu eit par gonger... Dei var jo ekstreme hin vegen... Det er allereie kome mykje haustfargar på fjellet her nede òg.. Graset er gult og vindtørka. Blåbærlyngen raud. Fristadfjellet er egentleg ganske greitt å gå. Får god tenning opp og kan jogge ned igjen. God trim!

Snart kviletid

Frå Driveknolten i går kveld Det vart ein nydeleg tur på Driveknolten på Heileberget i går kveld. Tok òg turen bort på den andre knolten der det er utsikt over Dale. Bygda låg så fredeleg nede ved den stille fjorden i kveldinga. Stille, så stille! Kun nokre sauebjøller kunne såvidt høyrast i det fjerne. Til eit sjøfly passerte på veg ut Dalsfjorden under føtene mine... og til det svinga over hovudet då eg var på veg vestover igjen. Dei fekk seg nok ei panaramautsikt dei òg. På Heileberget er det veldig som det har haustast siste tida. Det er sikkert tørkeperiodane i sommar som har gjort sitt til det. Haustfargane er i full anmarsj. I solnedgongen var det reint gyllent skjer over landskapen. Fantastisk! Så uendeleg vakkert. Men på same tid litt melankolsk. Ei grotid er over. Voksteren er slutt. No ventar det kviletid og mørke. Dei skiftande årstidene er noko av det som gjer naturen hjå oss eineståande i verdsmålestokk. Vi får sende ei takk til ein kvan som gjorde oss så heldige å få bu her....
Driveknolten 190808

mandag 18. august 2008

Bilder frå Dalsfjorden

Fristadfjellet og Dokka i midten. Blåfjellssåta stikk opp over Bakkefjellet t.h. Storehesten t.v. Jøtelshaugen og Havreheia t.h. Søndre Kringla, Blegja, Laukelandshesten og Laukelandsfossen Eitrenipa og Søndre Kringla Blegja og Laukelandsfossen. Nokre bilder frå ferjeturen Eikenes/Dale/Eikenes i går søndag. Litt artig å sjå opp på Blegja etter å ha stått på toppen lørdagen og sett ned på fjorden. Gir jo litt perspektiv...:-) I dag mandag var eg opp på Kvamsnipa igjen på veg heim etter arbeid. Nydeleg! Fantastiske augustdagar. Stilt og flott solskinn. Kun shorts og joggesko (trur eg har gjentatt dette nokre gonger no...). Men den låge sola morgon og kveld blendar no ganske mykje. Det merka eg godt opp på Blegja lørdag og i dag. Det er difor ein fordel med caps og briller.

søndag 17. august 2008

Ei flott helg

MMS frå Skålefjellet i kveld Vi kom heim frå barnedåpen i 19.tida i kveld etter ein flott dag i Førde. Eg nådde såleis oppom Skålefjellet til ein fin kveldstur. Godt å få litt sirkulasjon i alle kakene som godgjorde seg i mageregionen... Det var blikkstilt heilt til havs. Rett nok var det litt disig, men sola skein godt gjennom. Nokre låge skoddedottar leika seg ved Stavfjorden og nord for Alden. Det er elles tydeleg å sjå at sola ebbar ut meir vest i havet enn tidlegare i sommar. Då går den ned nord for Kinnaklova. Elles var det kjekt å sjå i boka at det hadde vore opp ein del folk i dag. Det har jo vore ei fantastisk helg med omsyn til vèret. Ein fin sommar og ettersommar har alltid mykje å seie når det gjeld å får lada batteria til mørketida... I år har vi vel nærast fått i pose og sekk...:-)

lørdag 16. august 2008

Det lakkar og lir mot haust...

Utsikt mot vest frå toppen av Blegja i dag Austover mot Heilevangstaurane, Likkjehesten og Storehesten i dag. Blegja, Likkjeblegja og Eitrenipa frå Kvamsnipa i dag Det vart ein fantastisk lørdag. Knallblå himmel frå morgonen av, men berre 8 grader i Stongfjorden. Det ville sjølvsagt bli varmare ut over dagen. Vi hadde fått organisert heimen slik at eg fekk gå på Blegja igjen. Det stod allereie to bilar i Rørvika då eg kom der i halv 9 tida. Den eine såg eg var Vigdis sin. Alltid tidleg ute den jenta. Den andre kjende eg ikkje. I det eg skulle til å gå, kom ein ny bil å parkerte. Folk kjende si besøkelsestid såg det ut for. Eg la godt i veg oppover bakkane. Friskt i shorts, gore-tex joggesko og ei tynn trøye. Eit stykke oppe i første bakkane høyrde eg prat og tok igjen to jenter som eg ikkje kjende. Eg fekk seinare vite av Vigdis at det var Katrine og Siv frå Gjelsvik skule.... Det var heilt klart haust i lufta lenger oppe under Rørviknipa. Friskt drag i den klåre lufta. God sikt vestover til havs og mot Eitrenipa. Lange skuggar frå ei sol som til tider var plagsomt låg og blendande for auga. Mot toppen og lenger oppe i ura, hadde det vore frost i løpet av natta. Eit fuktig lag med væte, som var smelta på morgonen, gjorde det glatt enkelte plassar der sola ikkje hadde kome til. Obs og obs! Fleire gonger glei eg på steinane. Og knærna ser i kveld ut som dei har vore angripne av ein villkatt. Det er dessutan veldig lett å trakke på kantane av stein og heller som slær opp i anklane og leggene. Har fleire småkutt av dette òg.. Dette er litt av prisen... Mot siste delen av ura mot toppen, dukka Vigdis opp på returen sin. Vi slo av nokre ord der oppe før eg gjekk opp siste biten. Klokka passerte akkurat 10 då eg kom oppe på platået. Ny pers... Det var lite vind, men litt meir skyer etterkvart. Heldigvis hadde eg ny trøye med meg. Den eg gjekk i var sjølvsagt gjennomvåt... Eg åt ei banan, skifta sokkar og tok nokre bilder, før det bar ned igjen same vegen frå vestkanten av platået. Vigdis såg eg ikkje att. Men eg traff Katrine og Siv midt nede i ura. Still going strong...! Og heile vegen til Rørvika igjen ploppa det opp med folk, som regel to og to. Blegja er visst populær om dagen. Kjekt er det! Turen ned gjekk greitt. Eg tok det relativt roleg. Hastverk ned igjen ura er litt skummelt. Eit par skrammer vart det likevel på knærna. Men det er peanuts.... Eg følte meg framleis i veldig fin form då eg kom i Rørvika igjen. Eg bestemte meg difor å stikke oppom Skjerlia og Kvamsnipa sidan eg hadde så god tid og var i traktene. Klokka var heller ikkje meir enn vel 12. Fin og grei tur opp dit òg. Som vanleg. Ikkje så mykje å skrive om den. Men litt spesielt var det å stå på toppen å skue rett austover og bort igjen på Blegja. Blegja virkar både imponerande og staseleg frå Kvamsnipa. Og eg hadde nett vore der... òg...!
Blegja og Kvamsnipa 160808

fredag 15. august 2008

Eit tvilsamt høgdehopp

Motiv vestover frå toppen av ura og kanten av topplatået på Blegja Eg hadde ei artig oppleving på veg til arbeid i dag. Og det her er mat for Arild G. For det her handlar nemleg om hjort. Akkurat det er jo ikkje så uvanleg. Eg held jo på å køyre på rasen til dagen til og frå arbeid. Og av og til slær eg likegodt av ein prat med dyr som ikkje vil flytte seg. Det virkar nesten som dei blir tamare for kvart år. På toppen av Ulveskaret, eit par hundre meter frå krysset til Kvammen, står det ein kronhjort, 6 taggar eller noko slikt, og ei kolle i dag tidleg. For dei som er litt kjende her, veit at vegen er oversikteleg. Eg ser dei difor på lang lei, der dei roleg går spaserande i vegbana. Når eg så køyrer bilen nesten heilt fram til dei, tuslar dei ut av vegen. Det går eit gjerde på venstre sida av vegen her med flate bøen på hi sida. Eg ser kolla som nesten står i ro, byks til over gjerdet. Berre med det resultat at ho trynar i toppen på gjerdet og dett som ein tomsekk ned på hi sida. Og dyret ser eg ikkje igjen. Og ho dukkar ikkje opp igjen! Eg set difor bilen i revers for å sjå korleis dette gjekk. Hjorten kunne jo ha skada seg i framføtene eller eit kvart... Men heldigvis, i det eg kjem bort og skal gå ut av bilen, har hjorten stabla seg på føtene igjen og tuslar litt slukøyrde bortetter bøen etter kronhjorten. Eg måtte nesten fline litt med meg sjølv. Hjorten virka omlag som ein høgdehoppar etter å ha rive tredje forsøket i høgde... Skuffa, såra og vonbroten, kanskje litt flau i blikket ho sende meg òg... ja øyra hang til og med...! Eg fekk nesten eit personleg forhold til stakkaren etter dei få sekunda dette stod på.. Det var ei merkeleg oppleving. Elles var eg ein rask tur oppom Kvamsnipa på veg heim igjen frå arbeid. Fekk såleis fullført ei ny runde i fjelltrimmen. Kva det blir til i morgon, er i skrivande stund ikkje heilt klarlagt. Kjempeflotte meldingar er det iallefall til helga. Det kan bli Blegja - igjen - hvis organiseringa går i orden...:-) Men søndagen går iallefall med til barnedåp i Førde på tvillingane eg er bestefar til.

torsdag 14. august 2008

Kjapp frue

Skålefjellet frå altanen kl 21.18 i kveld MMS frå Skålefjellet kl 19.00 i kveld Marie vart heime med Peter i kveld, slik at fruen i huset slo følgje med meg på Skålefjellet. For å skryte litt, så må eg seie at ho er i god form. Ja, mykje betre enn sommaren for 10 år sidan då eg traff ho. Pr. i dag kan eg vel nesten seie det same om meg sjølv... Verden går jo framover:-) Det bles ganske kald nordavind på toppen. Men det gjekk greitt i berre shortsen i dag òg. Kroppen blir vel herda av det her etterkvart:-) Olaug fraus. Så eit par knips med mobilen var alt vi gav oss tid til. Og ned igjen bar det same vegen. Fin kveldssol i Gjerdedalen. Det haustast for kvar dag oppe i fjellet. Både lyng og gras har gulna mykje i det siste. Snart er det kviletid. Vekstsesongane tek fortare og fortare slutt - eller har det heller noko med alderen min å gjere...? Vel, alt er relativt visst...