mandag 7. juli 2008

Sommar i fjellet





MMS-Bilder frå Driveknolten og på veg til Skålefjellet i dag

Det passerte ein kaldfront her i går kveld. Temperaturen datt med 10grader. Og rundt midnatt slo det til med skikkeleg regn og vind. I dag tidleg var det igjen opplett og 13 grader. Men det skulle bli betre ut over dagen.

Eg opna difor dagen med ein tur på Skålefjellet. Allereie då eg parkerte bilen inne på fotballbana såg det lysare ut. Blå himmel i sør. Eg gjekk difor oppover i berre ei joggebukse og bar overkropp. Det viste seg å vere nok. Rett nok bles det kald nordaust vind på toppen, men sola var dukka opp og varma godt.

Det gjekk tungt til å begynne med. Beina var sure etter i går. Det losna faktisk ikkje før eg var nærmare toppen. I tillegg går det litt tid før eg kjem i gong no. Alderstillegg eller Slow Starter?

Alt i alt var det likevel ein heilt vanleg tur på Skålefjellet.

Tidleg på ettermiddagen avtalte eg med Olaug om å ta turen i lag på Driveknolten. Marie var heime som bakvakt for Peter som no har to gutar på same alder rundt seg her frå Bergen. Han storkosar seg med dei.

Etter nokre ærend i Askvoll, tok vi avgarde frå Rivedal i 14.30 tida. Det var for det meste skya heile vegen innover, men det gjekk greitt i bar overkropp her òg.

Frå toppen såg vi på nydelege skyformasjonar i sør, og i havet i vest. Det var sol og skugge om einannan på fjelltoppane ikring. Kjekt å få ein tur åleine med Olaug etter gamalt. Det blir som regel til at ein av oss må vere heime for Peter sin del. Han vil jo sjølvsagt ikkje gå slik som oss. Då hadde eg blitt bekymra...

Skålefjellet_Driveknolten_070708

Ingen kommentarer: