søndag 13. juli 2008

Praktfulle Nipebu




Kjende motiv frå Nipebu teke denne helga med Samsung NV20 kompaktkamera som du kan ha i skjortelommen...

Peter hadde eitt ynskje for sommarferie i år. Det var å gå på Nipebu. Det er jo som søt musikk i foreldra sine øyrer. Ein treng jo ikkje reise halve verda rundt for å trivast og ha det kjekt i lag heller. Det hugsar eg veldig godt frå min eigen barndom, då nesten alle sommarferiane våre var på hytta på Boge i Holmedal.

Peter er jo nærast for einebarn å rekne. Han trivst heilt klart best i lag med andre gutar - eller yngre jenter han kan vere "storebror" for... Vi inviterte difor klassekamerat og beste kompis Andreas T. i Grimelia til å vere med på turen i helga. Det var ein klar suksessfaktor. For begge to.

Eg går som oftast frå Markavatnet til Nipebu. Men for gutane sin del, som bar kvar sin sekk òg, valde eg at vi skulle gå frå Rivedal denne gongen. Vegen inn gjennom Vagstaddalen er jamnare på stigning. Tyngste stykket er faktisk vegen opp mot kraftverket til å begynne med. Sidan er det ganske flatt innover, før ein får ein bakke opp mot Atlevatnet. I andre enden av vatnet er det ei ganske kort stigning opp til Langevatnet. Nipebu ligg omlag midt på Langevatnet.

Turen innover dalen gjekk veldig greitt. Gutane heldt kvarandre med selskap. Ein periode det vart litt tungt, føreslo Olaug at dei talde stega sine. Det brukte ho å gjere når det var tøft å gå. Det slo bra an. Dei gløymde såleis fort trøtte bein. Olaug er flink i sin overtalande stil - eg blir litt meir macho...:-)

I enden av dalen, og på toppen av hamrane i vestlege delen av Atlevatnet, går det ei bru over elva. Her er det fint å ta ein liten pause. Elva var berre ein liten sildrebekk etter minimalt med nedbør i det siste. Vi tok ein kort rast med litt påfyll av søtstoff for gutane. Det er alltid litt trekk på denne plassen. Litt ekstra klede måtte på i det delvis skya veiret.

Vidare inn nordsida av Atlevatnet, og opp til Langevatnet, gjekk det fort og greitt. Gutane var litt gira på å komme fram. Uttrykket nesten framme betyr neppe det same for dei som for oss vaksne! At vi er nesten framme over neste bakketopp, trur eg dei tolkar som framme... Men noko surmulinga vart det ikkje. Dei var faktisk utruleg flinke til å gå. Og når vi då (endeleg) var framme, vart det stor glede. Vi haddde gått inn på to timar. Det er bra med ryggsekk på alle saman...

Hytta var låst då vi kom. Peter var litt snurten at det ikkje var folk der. Vi voksne tykte egentleg det var greitt. Iallefall at vi var først opp for helga.(No viste det seg at vi fekk heile hytta for oss sjølve heile helga. Hadde meldingane skremt nokon? Veiret vart jo mykje betre enn meldt). Vi var skrubbsvoltne og Olaug laga ei god panne graut.

Etter maten var det tid for fisketur. Vi rodde ein gong ilag rundt inste vatnet. Eg tok meg ei runde åleine etterpå. Resultat: 4 flotte kjø på 3-4 hg. Desse pakke eg inn og la i myra til middag dagen etter.

Kvelden gjekk med til kortspel, monopol, lego etc. Og snop og snacks i lange baner. Medan mor las, spankulerte far rundt i nærområdet og fotograferte. Vi fekk oss ein nydeleg fredagskveld i lag.

Lørdagsmorgonen gjekk eg på Driveknolten. Nydeleg morgonstemning. Det var litt skodde i fjella etter eit par byer i løpet av natta. (Toreveiret vi høyrde i sør og aust nådde aldri oss). Eg gjekk fort opp, og var tilbake i løpet av knappe to timar. Flott og sveitt tur. Veldig greitt å gå på Driveknolten frå Nipebu.

Eg tenkte ut ein ny tur medan eg var på tur. Så då eg kom igjen tok vi avgarde på "Ekspedisjon Nipe". Den bestod i kanotur med oss alle inn Langevatnet. Så drog vi kanoen med oss opp ved elva til Nipevatnet, og kanooa og fiska rundt det òg.

I enden av Langvatnet fekk eg skikkeleg tilslag på fiskestonga. Etter roleg køyring med den tynne gøtten, fekk vi opp ei flott halvkilos kjø. Vi var i hundre!

Oppe i Nipevatnet kom vi over smålomen. Begge dei vaksne var i vatnet. Reirplassen har eg ei bestemt formeining om, men dei treng ro. Lomane er veldig sky fuglar, sjølv om smålomen oppe i Nipebu-traktene no truleg er meir van med folk. Han kjem i allefall igjen kvart år, og bestanden er aukande.

Veiret var nydeleg. Mykje bedre enn meldt. Heilt i nordre enden av vatnet, fekk vi ei ny flott kjø. Eg var nesten litt imponert. På blanke dagen, i solskinn, og med 4 stykke i kanoen, fekk vi to flotte fiskar på denne solskinnsturen. Og det var ikkje pingle-fisk akkurat...

Vi returnerte til hytta same ruta. Då var det mat igjen. Ungane ville helst ha spaghetti på boks, medan vi vaksne sjølvsagt tok grilla kjø i folie... Eit herremåltid! Og vi vaksne gjekk i koma etterpå, med ein time middagssøvn, medan ungane putla mette og nøgde på i hytta. Luksus!

Etter at vi vakna til liv igjen til kaffi, var vi ein ny tur, denne gong med robåten, inn i ytste enden av vatnet. No måtte Olaug ro. Det var ein nydeleg kveld. Ganske varmt. Flotte skyeformasjonar på himmelen. Og fantastisk flott landskap langs vatnet. Vi fekk to flotte fiskar til på denne turen, før vi tok kvelden.

Det vart nok ein nydeleg kveld. Flott solnedgong og vi storkosa oss. Ungane sovna i 22.30 tida. Og det vart stilt, så stilt... eit og anna fiskeslups på vatnet, og nokre sauebjøller langt vekke, var einaste lydane. Og kvelden mørkna jamnt inn... Fantastisk. Eit eldorado for ungar og vaksne...

Vi vakna tidleg i dag. Eller det vil seie - eg var no oppe ein tur i 3-tida òg. Det var skodde. Men vi bestemte oss for å gå tidleg (det var ei rett avgjerd, for skodda vart berre tjukkare, og det kom regn utover dagen). Så allereie 7.30 var frukosten fortært. Eg saga ekstra med ved, og la ny tennved i omnen, henta vatn, og sjekka hundehus, utedo og båt/kano. Olaug vaska opp, rydda hytta og vaska golvet etter oss. Perfekt! Velkommen etter...

Vi trong egentleg ikkje å overtale ungane til å gå over Driveknolten heim igjen. Men fann ut at dei skulle sleppe sekkane, sidan vi hadde plass i våre etter at mat, snop og anna var oppete. Det vart ikkje enkle bører likevel (eg hadde eit par fiskemåltid med meg òg)! Men det gjekk egentleg veldig greitt opp på toppen likevel (fruen i huset er sterk og seig, og måtte tole eit skli på magen ned etter eit berg med påfylgjande risp...).

På toppen låg det ein del skodde. I tillegg var det litt skoddevind. Temmeleg rufsete forhold med andre ord. Og utatt Heileberget låg skodda tjukk som graut. Eg var likevel aldri i noko stuss om vegen, då eg har gått mykje her i det siste. Det er ikkje sti utetter berga, men eg har sett opp nokre vardar. Så det gjekk heilt fint.

Vi nådde Rivedal og bilen etter 3 timar frå Nipebu. Det må vere flott etter ekstraturen opp om fjelltrimposten med tunge bører... Vi var endå friskt til mote, sjølv om fruen i huset nok bar eit visst preg av dagen. Ho er eit tøft skinn...! Og eg må nok innrømme at eg la meg ned på litt sjølv, etter ein velfortent dusj...

Vi hadde ei minnerik helg alle. Peter og Andreas var særs flinke, og storkosa seg. Turen gav sjølvsagt meirsmak. Vi får sjå kor tid det passar med ny tur seinare i haust... Og for andre som les dette - det er berre å pakke sekken. Luksushytta Nipebu ligg der og ventar på deg i praktfulle omgjevnader...



Nøgd gjeng på Driveknolten i rufsete forhold i dag (mms),
f.v Andreas, Peter, Olaug og Gustav


Helgetur til Nipebu 1107_130708

Ingen kommentarer: