fredag 18. juli 2008

Nipebu 1607-1807



Motiv ved utløpet av Atlevatnet på veg til Nipebu 16/7

Onsdag 16/7

Eg gjekk på Nipebu onsdag i 10-tida frå Rivedal. Det var eit sørgjeleg veir. Maken til regn kan eg ikkje hugse. Iallefall når eg har vore på tur. Regnet fossa ned på veg opp dalen. Og brått slo eit toreskrall så eg kvapp så eg rista. Det var overløp ved demningen på kraftstasjonen, så det var ikkje sjanse å komme over elva lenger nede.

Vagstaddalen var nesten ei einaste stor elv innover. Det fløymde ned over fjellsidene. Og regnet plaska ned heile vegen innover. Utanom eit fall der eg brått låg langflat å symde i ei elv, gjekk det likvel greitt. Eg stoppa ved brua over elva ved utløpet av Atlevatnet og knipsa eit par bilder.

Eit problemområde ved vegen vidare er akkurat her rundt hammaren når vatnet er høgt. Det kan ein trygt seie det var denne dagen. Det var berre å bite i det sure eplet og vasse rundt. Det var liten hjelp i gamasjane eg hadde teke på for vatnet gjekk meg til knea rundt hammaren. Det var ikkje langt igjen til hytta så det var ikkje noko problem med å gå gjennomblaut opp.

Når eg kom opp til hytta, var det to karar frå Førde der som hadde overnatta. Dei var i ferd med å gå ned igjen til Markavatnet.

Etter litt mat og ein strekk på nyoppreidd seng, tok eg til på dagens første fiskeøkt. Ca 3 timar seinare hadde eg fått 7 flotte og feite fjellkjø på 3-4 hg. Ikkje verdens beste bet, men det kan ein jo ikkje forvente på slik type fisk.

Stor var mi undring då eg kom opp igjen i hytta og registrerte at det var komne to par frå Stryn med to gutar for natta. Det hadde eg nesten ikkje trudd i styggeveiret. Ekstra hyggjeleg var det at eg hadde snakka med eine karen i telefonen nokre dagar tidlegare om forholda i fjellet her ute (var visst kommunen som hadde henvist til meg...) Det er elles tradisjon for å stifte gode bekjentskap på Nipebu. Dette var ikkje noko unntak i så måte...

Meir forundra vart eg likevel då endå ein familie dukka opp. Ein kjenning innan turlaget med sambuar og tre gutar. På værste regndagen eg kunne hugse. Det vart reint folksamt oppe denne kvelden. 12 stk for overnatting, og masse klede til tørk. Men det gjekk utruleg greitt og stilt føre seg. Eg sovna tidleg til fine og vàre gitartonar frå Stryn.



Utsikt austover frå vest på Langevatnet

Torsdag 17/7

Eg vakna i 7-tida etter ei god natts søvn. (Eg hadde teke med meg skikkelege sengklede, då eg søv dårleg i lakenpose. Eg føler meg som ei surra svinesteik i den). Det var ikkje ein lyd i hytta. Etter ein kik ut gjennom glaset kunne eg konstatere at skodda var nesten vekke på Driveknolten. Eg åt ei banan og drakk to glas vatn, kledde på meg og la i veg på morgonturen dit. Utruleg nok fekk eg berre på meg ei regnbyge - heilt til å begynne med. Skodda helt seg vekke til eg var komen nedatt frå toppen. Flaks! For seinare på dagen låg den som eit lok der oppe (god utsikt både frå hytta og vatnet).

Når eg kom ned att i hytta eit par timar seinare, var det begynt å bli liv i folket. Det var klart dagen før at alle dei andre skulle vidare. Eg hadde forklart Stryne-fylgjet vegen opp Eitreskaret, inn Blåegga og til Blåvatnet. Dei skulle ligge i telt der, for så å prøve Blegja dagen etter. Etter frukost var dei snart på farten (er litt spent på korleis det gjekk i det dårlege veiret innover der). Friske folk iallefall.

Eg sjølv tok til på dagens første fiskeøkt. Det viste seg fort at torsdagen vart dårlegare enn onsdagen. Det var bikkjekaldt i nordvesten og regnbygene på vatnet. Og med elendig bet (3 fine fiskar) på 3 timar var eg gjennomfrosen. Godt då at det var varmt og godt i hytta.

Familien frå Førde gjekk ei lita stund etter. Då var eg åleine att. Eg åt ein durabeleg middag med dessert, og putta meg under dyna. Himmelsk. Ikkje ein lyd. Berre min eigen pust og puls... Eg sovna som ein stein og vakne ein time seinare litt i ørska...! Men to krus med kaffi og ei øskje med rosiner, fekk kroppen i sving igjen...

Eg tok meg så ei ny økt på vatnet. Men no var det heldigvis lenger mellom bygene. Og vatnet stilna heilt av. Nydeleg. Fantastisk kveldsstemning. Det var som om eg var på ein annan planet. Ikkje ein lyd. Fjella og landskapen låg bada i vatnet i halv skyminga. Det var som det ikkje fannst andre på jord. Ein kjem tett på seg sjølv slike kveldar når ein er åleine langt vekke frå folk. Det er slike stunder eg kallar for heilage. Som er så gode å ta med seg i minneboka for andre årstider.

Men fisket var av det same elendige slaget. Resultat som i stad. Det var likevel heilt underordna når naturen slo på stortromma og viste fram si prakt på denne måten. Så eg gav meg med heile fiskinga. Og tok meg heller nokre ilandstigningar frå båten lenger ute og fotograferte litt. Tok det med ro og filosoferte over livet frå ein stein på ei øy vest i vatnet.

Tilbake i hytta var det på ny påfyll av næring frå heimelaga skiver (noko anna duger ikkje i fjellet). Men det tok ikkje så lang tid før eg putta meg til køys i den stille hytta.



Frå Driveknolten i dag. Nipebu bak ryggen.

Fredag 18/7

Eg vakna tidleg i dag òg. Dagen for heimreise. Det var tjukk skodde. Men eg var klar over meldingane som melde flottare veir utover dagen. Eg låg ei stund å drøsa i senga, men svolten gnog i tarmane. Utruleg kor hungrig ein blir av fjell-lufta. Eg stod difor opp og åt frukost, pakka sekken og shina hytta. Når dette var gjort var skodda nesten heilt letta. Og islett av blå himmel inn i mellom to regnbyger. Sitjande ved hytteglaset og ein kopp kaffi seinare, var veiret heilt klart betre. Eg gjorde meg difor ferdig, og sette kursen mot Driveknolten - igjen. Litt maniac med den tunge sekken med bl.a fjellkjø, men eg ville berre ha med meg poenga og turen dit.

Veiret var skiftande frå brennande sol til isande vind. Eg kunne fleire gonger tenkt meg shortsen til tjukkast gore-tex buksa på same minuttet... Artig! Men det gjekk likevel over all forventning. For formen er bra... Eg var i Rivedal i 13-tida etter å ha toppa ut i dag òg.

Nipebu 1607_1807

Framhald fredag 18/7



Frå Fristadfjellet i ettermiddag

Etter at eg kom heim igjen og det framleis var tidleg på dag, bestemte eg meg for å gjere ferdig ei runde til på fjelltrimmen. Lisensen heime var i orden... Eg køyrde difor i Skjerlia og gjekk på Kvamsnipa. I berre shortsen i den kalde nordvesten. Men sola skein. Og eg heldt akkurat varmen ved å gå raskt opp og småspringe ned igjen.

Så var det biltur til Askvoll og Fristadfjellet. Same procedure! Men då var eg svolten - ikkje på fleire fjell, men mat... Og det var egentleg meir enn nok fjell for dagen. Siste feriedagen...

Ingen kommentarer: