fredag 4. juli 2008

Tropevarme på Skålefjellet



Motiv frå Skålefjellet i kveld

Eg hadde meg ein flott trimtur på fjelltrimposten på Skålefjellet i kveld. Det var varmt. Men det gjekk fint og utan å få hovudverk. Småflugene er eit konstant irritasjonsmoment. I tillegg var kleggen hissig til å begynne med.

Første elva frå Skålefjellet er no uttørka. Det er ikkje smeltevatn frå snø lenger oppe, då denne no er vekke. Vatn er det difor berre i hovudelva lenger nede, og i andre elva lenger oppe, når du går ruta opp ved første elva. Kan vere greitt å vere klar over...

Kjekt å sjå i boka at det hadde vore litt besøk i det siste.

Ingen kommentarer: