onsdag 9. juli 2008

Morgontrim



Motiv frå Kvamsnipa i dag tidleg

Hadde to fine turar i dag tidleg på fjelltrimpostane på Kvamsnipa og Fristadfjellet. Olaug vart med på førstnemnde. Føtene var skikkeleg sure etter gårsdagen, så det var godt å få gått dei ut igjen...

Sola brende formeleg inn i dei nord- og austvende bakkane på Kvamsnipa allereie rett etter klokka 08. Bakkane og myrane er heilt tørka ut igjen, og vegetasjonen skrik etter vatn som før i sommar. Det vart fort varmt, sjølv i berre shortsen, og sveitten sila. Nydeleg utsikt frå toppen mot Førdefjorden, Florø, Blegja og dei andre fjella i aust på ein stille sommarmorgon.

Eg reiste ned på Fristadfjellet etterpå, då det var dette fjellet som stod for tur for å få ei ekstra runde på fjelltrimmen. Eg gjekk opp normal vegen gjennom Askdalen. Turen gjekk greitt og flott. Men der nede er det ein heil del klegg no. Den er irriterande for du merkar ikkje develen får han stikk. Og spesielt baksida på kroppen har ein dårleg kontroll på. Flott og klår utsikt mot Dalsfjorden og Askvoll. Rask og fin tur.

Dagen er endå lang. Men det spørst om det blir noko meir i dag enn altanliv med aviser og god musikk. Kroppen skrik etter kvile...og feriedagane minkar. Sesongen er endå lang, så batteria må ladast...


Kveldstrim



MMS frå Skålefjellet i kveld

Ja, kor lenge hadde eg ro i ræva? Det heldt jo nokre timar...

Det vart berre for pirrande å sitte på altanen og sjå opp på Skålefjellet. Ruvande over Stongfjorden. Og bada i ettermiddagssol. Eg måtte opp. Eg gav etter for freistinga. Dei andre var stad å bada i nordavinden...

Men eg var effektiv. Fort opp og ned i lette sko og shorts. Tørt og godt i bakken. Sola varma godt i vestkanten opp. Men nordatrekken gjorde det lett å puste. Sikta til havs var klar som krystall. Og bygda låg der stille nede i enden av den knallblå fjorden. Nok ein nydeleg sommarkveld. Det har vorte mange slike i det siste...

Ingen kommentarer: