søndag 6. juli 2008

Morgonstemning på Blegja



Motiv frå Blegja i dag føremiddag

Vi var heime etter bryllaupet til eldste dotter mi, Margunn, klokka 03.00. Men eg var på plass i Rørvika før 08.00 likevel for å ynskje god morgon og takk for sist frå Blegja.

I tidleg morgonsol og kun iført shorts og lette sko gjekk turen lett og greitt oppover. Den tidlege morgonstunda med blålèt på fjord og fjell, er berre praktfull. Når fjellet framleis er pryda med litt snøflekker, og grønt gras, er kulissane praktfulle.

Nedom Nipebua gjekk eg direkte på bakken slik at eg kom meir opp under Rørviknipa. Eg gjekk difor ikkje bortom hytta. Ein sparar nokre minutt på det. Her oppe er det ikkje sol så tidleg. Temperaturen og trekken var difor direkte frisk på mitt nesten nakne legemen. Men sør ved Nipevatnet fekk eg sola igjen. Det gjorde godt...

Turen opp ura gjekk òg fint. Litt balansekunstar må ein rekne med for å halde seg på føtene. I tillegg er det ein heil del laus stein i brattaste delen, nett nedom topp-platået, som ein må vere litt obs på. Spesielt hvis ein går fleire i lag. Hald avstand må rådet vere.

På toppen vart opphaldet kort. Eit skylag drog framfor sola, og dette kombinerte med litt trekk, kjølte kroppen fort ned. Det vart likevel tid til ei banan, litt å drikke og nokre fotos. Det var varmare nede i ura.

Turen til fjords att gjekk òg flott. Litt fotografering undervegs. Nedom hytta gav eg på litt ekstra med småspringing. Det er fort gjort å trakke skeivt slik, men det går som regel over etter nokre sekund. Eg var ved fjorden i Rørvika att før kl 12.00. Veldig flott tur.

Det vart likevel rom for ein tur på Kvamsnipa i kveldinga òg. Aberet her er jo køyringa. Det er jo ganske fort gjort å klive opp bakkane. På toppen var det ein kald skoddevind frå havet. Så etter at namnet var kome i boka var opphaldet her òg over. Siste sveitte turen i dag var i boks..... Så spørste det kva vèrgudane seier i morgon...


Blegja 060708

Ingen kommentarer: