onsdag 2. juli 2008

Endeleg sommar igjen




Motiv frå Driveknolten i strålande sol i dag

To fantastisk flotte turar på fjelltrimpostane på Driveknolten og Fristadfjellet i dag. Vigdis fekk bokført ei ny runde på alle saman etter førstnemnde i føremiddag. Medan eg fekk meg ei ny òg, etter å ha fullført sistnemnde i kveld. Kor mange får vere ei lita løynd. Men vi ligg iallefall bra an begge to. Og moro er jo det...

I morgon står Blegja for tur. Kan bli varmt opp frå Rørvika. Får starte så snart som mogeleg så ein ikkje renn heilt vekk. Sola står tidleg inn i dei bratte bakkane høgsommars. Slik veret er no, er det ikkje særleg trekk før ein kjem opp omlag til Nipebua. Hvis det er noko i det heile teke. Ura opp er jo ei utfordring i så måte... Noko særleg med klede blir difor unødvendig. Det blir heilt sikkert ein fabelaktig tur... Herleg å ha ferie når sommaren slår til slik. No får vi berre håpe det varer..leeenge...

Driveknolten_Fristadfjellet 020708

Ingen kommentarer: