torsdag 10. juli 2008

Double header


Fotballpositur på Driveknolten i dag

Vèret var nydeleg, men vinden isande kald på Driveknolten i dag. Turen inn frå Rivedal gjekk akkurat i berre shortsen ved å halde god fart. Men der vinden ikkje fekk tak var det reint hyggjeleg varmt. Som opp skaret på Høgholten. Elles er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Utsikta er jo enorm der inne i frå.

Etter at eg kom ned igjen til Rivedal, køyrde eg ned til Askvoll og tok med meg Fristadfjellet òg. For å få fullført runda. Det er litt bal å køyre ned der berre for denne posten sin del. Greitt å ta i same snuren som Driveknolten.

Det gjekk greitt opp på framsida. Sola stod varmt inne i dei bratte bakkane og berga oppover, men trekken gjorde det lett å puste. Frå fjellet og ned igjen Askdalen til bilen, er det fint å jogge. Passeleg langt og fin slutt på turane. Nok ein nydeleg turdag med god poengfangst...:-)

Ingen kommentarer: