Facebook

torsdag 31. juli 2008

Ein kjapp ein



Motiv ved Driveknolten tidlegare i sommar

Etter seinvakt i dag vart det Kvamsnipa igjen. Tykte eg nett var der, men det er visst eit par dagar sidan... Ikkje akkurat den største utfordringa, men så går ikkje heile kvelden med heller.

Vèret var fint og utan vind. Det gjekk fort opp og ned. Varmen fekk sveitten til å sile... Diverre har eg eit par gnagsår opp under knuane på anklane og ei blå storetå etter dei nye gore-tex joggeskoa. Ein hoven ankel i tillegg, etter diverse overtrakk, gjer det ikkje betre. Men men, kan ikkje la seg stoppe av småtteri heller.... Har fått tips om ekstra såle bak på hælen som skal løyse problemet....

Fin tur - klar for helga...!

Det er alltid bra fiske når regnet igjen kjem etter ein lang godvèrsperiode med høge temperaturar... Ser at det truleg blir slik på lørdag utan at det blir direkte kaldt. Då er Nipebu i tankane...

onsdag 30. juli 2008

Koselege kveldstimar




MMS bilder frå Fristadfjellet og Størdal i kveld

Kjekk tur på Fristadfjellet med Olaug og Peter i kveld. Eg går mykje åleine. Men det er flott å få med seg fruen og katen av og til når det passar seg slik. Som i kveld. Ein liten bestikkelse måtte til då - is på Esso`en i Askvoll etter turen...

Det var varmt og fint, delvis skya og heilt blikk stilt oppover. Eg kan ikkje hugse å ha sett Peter sveitte noko særleg før. Men i kveld rann det faktisk nedover kjakane på han. Han var i vigør. Ein liten drikkepause måtte til. Elles var det masse tyting og lite klaging. Og nokon pingletur var det slettes ikkje... For når guten er i det lune går det unna. Berre han får leie an og bli først til toppen... Tykkjer eg kjenner meg litt igjen - frå gamle dagar då...:-)


Fristadfjellet 300708

tirsdag 29. juli 2008

Der himmel og hav møtest





Flott og varm kveld på Staveneset. Kveldsbad i solnedgong. Sjelefred og ro. Livet i perspektiv. Staveneset - du perla av perler.

Det er slike kveldar ein kan leve på heile året.

Staveneset 290708


PS. Eg var oppom Kvamsnipa på veg heim frå jobb òg...

Fjell og hav




Var ein rask tur opp på Kvamsnipa i går etter jobb. Litt trekk gjorde det heilt greitt å gå. Sveitt vart det, men ikkje altfor trykkjande på skallen... Utstyr: Gåstavar, shorts og joggesko.:-)

Det er veldig tørt i terrenget igjen no, omlag som tidlegare i sommar. Mange av dei faste drikkeplassane er uttørka. Skal du fylle vassflaska er desse plassane i høgste grad usikre. Og no treng ein jo påfyll av væske i ein heilt annan grad enn ved lægre temperaturar. Dette bør ein vere litt obs på. Eg merka det godt på den lengre turen lørdag kor vanskeleg det var å finne væske... Heilt frå Blegja til elva i Øvre Fossedalen var litt for langt å gå på berre 1 liter i steikjande sol og høg temperatur.

Les kor viktig vatn er her.

Det er dessutan viktig å tilføre kroppen salt i varmen. Eit tips er å ha salttablettar i sekken på litt lengre turar.

I kveld blir det kanskje ein tur på Staveneset for å kikke på solnedgongen igjen. Herleg med ein symjetur ute i havet når sola går ned...

søndag 27. juli 2008

Kjensla av ein rangel


Utsikt frå Eitrenipa i går.

Varden på kanten av sørvestskaret på Blegja. Dale og Dalsfjorden i bakgrunnen.

Det var som å vakne etter ein utagerande fest og ei sein natt på byn i dag. Tung og svimmel i hovudet og ilt i skrotten. Tydeleg at fjellturen i går hadde kravd sin mann. Godt då at all form for fjellrangling var lagt på is... Det var kjølebagen som heller vart pakka med rikeleg av drikke (les:Pepsi) for ein dag på stranda.

Det er for så vidt kjekt nok strandlivet. Bading og soling, litt sosialt liv og mykje fint å sjå på.... Men etter 9 timar vandring i sola i går, var det ikkje akkurat sol eg sakna mest i dag tidleg då eg vakna. Eg må dessutan innrømme at å ligge på stranda med nesten 30 grader i skuggen og utan eit vindpust på den stille fjorden, begrensar seg til eit par, tre timar i det lengste for mitt vedkommande. Å ligge pal i sola i den varmen er nesten vorte ein liten lidelse - iallefall i lengda. Er det eit teikn på alder? Det var lettare før.. Men då var det jo så viktig å vere brun og deilig... No er det så mange andre skavankar og aldringsteikn som har sett sitt preg på kroppen at brunfargen kjem i andre rekkje. Og dessutan, får ein ikkje endå meir aldrande hud og rynker av solinga....?

Nei, då var det meir behageleg under ein solparasoll på altanen heime med litt lett litteratur. Vår Fuglefauna og National Geographic. Det var iallefall ikkje så lett å få panikk av overoppheting og sveittetokt som inne i fjæra. Men du verden for ei helg det har vore - og nåde den som klagar over at det er for varmt...!

lørdag 26. juli 2008

Tøft og varmt


Kringla, Søndre og Nordre på ruta frå Massbu til Nipebu

Blegja og Storehesten frå Likkjeblegja i dag

Todagars-turen eg skreiv om på bloggen hin dagen vart ikkje heilt som tenkt. Den vart litt forkorta, til ein lang eindags-tur. Det vart inga overnatting på Nipebu denne gongen og Skålefjellet vart kutta ut.

Eg starta i Rørvika ca kl 08 og gjekk på Blegja. Eit lite skylag låg perfekt framfor sola heilt opp til hytta. Akkurat som sist eller gongen før. Det gjekk kjapt og fint heile vegen til topps. Og eg trur knapt eg har nådd toppen på kortare tid. Godt før kl 10 toppa eg ut i berre shortsen og joggesko og ei rumpetaske, i strålande sol og ein liten kjølande bris. Nydeleg!

Eg gjekk så sørover platået og ned sørvestkanten til skaret mellom Blegja og Likkjeblegja, og opp på sistnemnde. Det er veldig bra utsikt til Dalsfjorden og Dale her i frå. Blåegga-massivet tronar vestover.

Turen utover til Eitrenipa er tøffare enn du trur, hvis ikkje du er noko kjend. I luftlinje er det ikkje så langt kanskje. Du har Eitrenipa i sikte det meste av vegen. Men opp og ned, og fleire forkastningar mot gåretningen vestover, tek tid og krev innsats. No har vi varda utover slik at det er lettare å finne "hola" opp og ned forkastningane. Det sparer ein tid på. Eg tok ca tida i dag frå Blegja til Eitrenipa, og det gjekk faktisk lenger tid ut på Eitrenipa enn det gjorde frå Rørvika til Blegja. Det er såleis ein grei målestokk hvis du tek turen. Eg toppa ut Eitrenipa litt før 12.30.

Det hadde vore veldig behagelege forhold heile vegen hit. Ein litt kjølande vind hadde gjort det heilt topp å gå. Det vart annleis vidare vestover i lågare lende.

Eg gjekk ned skåra som vender sørover på framsida (her er ei skår som nesten går identisk ned på nordsida mot Leknesvatna òg. Går du ned her kan du gå til Markavatnet som eg gjorde sist). Og vidare ned Eitreskaret og tok den merka løypa mot Nipebu.

Det vart frykteleg varmt. Det steikte i bakken ned skaret. Lufta stod stille. Og sveitten sila... Eg var for alvor begynt å kjenne kva eg hadde gitt meg i kast med. Heldigvis er det ganske mykje unnabakke til du står på kloppa ved sørenden av Krokavatnet. I elva her stakk eg heile hovudet under i det halvlunka vatnet fleire gonger, og drakk grådig gong etter gong. Eg var tung i hovudet, svimmel og sliten i beina. Eg tenkte på dehydrering...

Heldigvis hadde eg teke med meg nokre XL1 tablettar (druesukker) og rosiner i ein pose. Eg heiv inn på eit par nevar med rosiner og saug i meg eit par tablettar. I tillegg fann eg ut at buffen eg hadde med meg kunne vætast og brukast til å kjøle ned hovudet med. Det var faktisk ein god idè. Resten av stykket mot Nipebu gjekk difor bra.

Eg hadde tenkt gjennom ein alternativ plan når eg kom fram til Nipebu. I stadenfor å overnatte og bruke søndagen på Driveknolten og ut att på Skålefjellet, kutta eg overnattinga og sistnemnde fjell. Det ville bli like varmt i morgon. Og eg var ikkje heilt innstilt på ein slik dag til, sjølv om det var kortare søndagen til Stongfjorden. Når det så viste seg at det var litt opptatt på hytta òg, bestemte eg meg for å ta Driveknolten og gå til Rivedal etterpå.

Eg hadde informert Olaug på førehand. Ho hadde visst lege i fjæra heile dagen, så det gjekk greitt å få henne til å hente meg.

Turen sørover frå Nipebu til Svartetjønna gjekk for så vidt greitt. Her er jo litt opp og ned her òg. Men sola steikte mitt i fleisen og det var vindstille. Eg var glad for kvart minste skuggeparti eg fann. Det var visst sauene i området òg...dei var ikkje vanskelege å finne!

Frå Svartetjønna og opp dei krevjande bakkane på Driveknolten gjekk det seint. Eg var trøtt i føtene og hovudet etter ein lang og særs varm tur. Eit par tre mindre stogg og nokre munnfullar blåbær halvveges opp hjelpte faktisk bra på. Og eg fann nye krefter opp dei siste, bratte svaberga. Varden nådde eg kvarteret før 16. Flott! Høgare opp skulle eg iallefall ikkje fleire gonger i dag!

Eg åt opp resten av rosinene og drakk opp siste resten av vatn, før eg gav meg i kast med vegen vestover til Rivedal. Sola steikte ubarmhjertig på den oppheta kroppen min. Men no var jo enden i sikte innen ein times tid. Eller det vil seie - det gjekk vel nærare 1,5 time før eg var i Rivedal igjen. Det var blytungt siste stykket. Føtene brann i joggeskoa. Då er det heller ikkje moro å gå nedover bakke. Heldigvis låg heile vegen til kraftverket i skugge ned til Rivedal. Det var ei lette... Etter 9 timars gange, utan pausar å snakke om, var det nok både fjell og sol i dag...

Det var ein tøff tur, spesielt siste delen. Første halvparten var rein nytelse i kjølande vind høgt oppe. Deler av den siste, reine styrkeprøva og ganske slitsomt... Og i kveld kjennest det ikkje ut som eg ville ha gjort turen opp igjen - iallefall ikkje i morgon....:-)


Blegja_Eitrenipa_Driveknolten 260708

fredag 25. juli 2008

Havbad




Herleg badetur på Staveneset og i Hollevika. Ein sommarkveld som kjennest så utruleg god etter ferien. Det er fantastisk å bade i det salte vatnet i ytste havgapet om kvelden... Ei eiga kjensle å symje inn i solnedgongen....
Staveneset_Hollevika_240708

torsdag 24. juli 2008

Ærlege tankar


Kveldsstemning frå Driveknolten

Nydeleg kveldstur på Driveknolten. Varmt og fint i berre shortsen. Kveldar som eg nyt i fulle drag. Som står som bautasteinar i minneboka til hausten, når sønnekulingen og regnet piskar rutene. "Livet blir til mens du går" tenkjer eg då! Akkurat no er livet - kjenn på det - nyt det! Det er no eg lever - ikkje om eit halvt år eller til våren igjen. Augneblinkens gleder...

Det var så stilt og fint inne på toppen. Nokre sauebjøller nede i lia mot Svartetjønna var einaste lydane i stilla. Lufta var klår som krystall. Dei knall blå vatna låg spegla i kveldssola. Ikkje ei krusing på yta var det ein gong.

Vandringa utatt fjellet kunne godt vore brukt i ein romantisk film. Kulissar med stille bygder der nede, solnedgong, vatn, øyar og hav. Og varme fargar på fjell og mark, må jo få eit kvart hjarte til å smelte. Det bivrar i sjela. Filosofens time. Sannhetens øyeblikk. Kor godt er det ikkje å vere til...

onsdag 23. juli 2008

Draumar og lyst


Utsikt frå Blegja teke 8/7 i år mot det meste av fjell på Askvoll-halvøya

Det var ganske tjukk skodde på Skålefjellet i ettermiddag. Gjekk opp normalruta i Gjerdedalen. Vått i lendet og lufta var fuktig. Eg blir både sveitt og klam i slikt klima. Sveittar ganske mykje frå før, men på slike turar renn det. No gjekk eg berre i shortsen, så det hjelpte litt...

Er det nokon som meg som lurer litt på veirmeldingane for tida? Her melder dei kjempeveir lenge før det kjem, for så å melde at det ikkje kjem likevel når det skulle komme. I kveld skal det visst bli flott - igjen... Eg synest nesten det var lettare før når vi fekk eit langtidsvarsel. Når vi no får timesvarsel og langtidsvarsel fleire gonger for dagen er det nesten umogeleg å planlegge, for dei endrar seg jo heile tida... Morsomt egentleg. Hvis du gidd å følgje med lenger i det heile teke då... Greitt - vi nordmenn er opptekne av veiret, spesielt om sommaren, men det er no grenser for kor mykje det skal styre livet òg då...

Eg har ein plan til helga. For å snu litt på flisa. Det er å gå frå Rørvika på Blegja lørdagsmorgonen, ned sørsida og utatt Likkjeblegja og Blåegga. Deretter ta turløypa frå Eitreskaret til Nipebu. Solnedgong på terassen der med overnatting. Søndag går turen så vidare til Driveknolten og vestover, kryssar Vagstaddalen og går opp skaret på sørsida av Smørskornova til Langevatnet. Så går turen nordatt på Skålefjellet med retur ned i Stongfjorden.

(Klikk og forstørr bildet ser du det meste av nemnde rute)

Dette blir jo ein bra tur. I shorts og lett oppakning. Fjellrangling de Luxe. I høge temperaturar er det ingen ting som å gå på toppane. Brennande sol! Og frisk fjelluft på naken hud. Herleg! Dette blir eitt av høgdepunkta i sommar...

I kveld er all skodde vekke igjen. Ikkje ei sky på himmelen... Skålefjellet ligg bada i raud kveldssol. Fantastisk. Måtte det vare - til over helga iallefall...

tirsdag 22. juli 2008

I minste laget


Parti ved Hundeheia i Rivedal. Skålefjellet med solstrålar i nordvest. Røyrbotnholten t.h.

Det var opplett, litt skodde og bra temperatur heime då eg bestemte meg for å gå på Fristadfjellet i stad. Eg rekna difor med det var greitt å ta ein kjapp ein opp i shorts og singlet.
Men allereie nede i Eidsfjorden plaska det ned. Ikkje at det betydde allverda - det var berre å innstille seg på å bli våt. Sommarsdagen er det jo nesten berre forfriskande, så lenge ein slepp å gå våt i timesvis.

Turen opp gjekk i lett regn og skodde. Ganske tjukt oppover mot toppen. Men kva gjer vel det når stien ser ut som reine europavegen av alt trakket. Ein må jo vere blind for ikkje å sjå den. Greitt såleis for aldrande folk....:-)

Enkel og kjapp tur, men litt kort... Rein kvile med andre ord.

mandag 21. juli 2008

Nokon kjem og nokon går


Det regulerte Markavatn ligg der vakkert og fullt med vatn i ettermiddag. Kjekt for turistar som nyttar seg av DNT-ruta til Nipebu. Estetisk sett er skilnaden til Svelivatna i går formidabel. Diverre er det så at skinnet bedreg. Den biologisk rike strandsona er død pga. reguleringa.

Overgangen frå ferie til jobb i dag gjekk som eit skudd. Alltid like artig å sjå kven som er i banken når ein sjølv kjem tilbake frå ferie. Kollegaer som kjem att og dei som tok ut før helga. Og er det ikkje så at ferietida går fortare og fortare for kvart år? Det kjennest iallefall slik.

Eg fekk tid til ein tur oppom Kvamsnipa på veg heim. Det avgrensa seg til det. Har jo ikkje same anledning til fjellrangling i tida framover som i den utagerande perioden som var. Godt då å ha lagt eit godt grunnlag medan ein kunne.

Ikkje så mykje å seie om sjølve turen. Kjapt opp og ned i lette "småsko" og shorts. Som natt og dag i forhold til slitet eg opplevde i går. Lett å puste i frisk nordvest luft. Og sola skein frå skyfri himmel. Lufta var krystallklar, og sikta langt til havs super. Flott tur, men det kjennest faktisk litt i kortaste laget turen opp på Kvamsnipa no... Men det er forsåvidt ein grei følelse. Det er jo skummelt å gå for langt ned i kjellaren for ofte òg.

lørdag 19. juli 2008

Lidenskap og kamp




Miljøvennleg grøn energi? Fleip eller fakta?

Søndag

Eg bestemte meg i senga for å prøve fiskestanga i Svelivatna i dag. Men eg tok like godt turen over Skålefjellet og poenga der, sidan det går å ta denne vegen inn dit òg. Dette er sjølvsagt lenger enn å gå frå Oslandsbotnen som ein pleier...

Det gjekk utruleg tungt opp på Skålefjellet i dag. Eg var heilt pumpa og tom for krefter. Ser ut som køyret i det siste har teke på. Væskebalansen var sikkert ikkje intakt etter gårsdagen heller. Noko var det iallefall, for kroppen var heilt dau. Litt skremmande egentleg når ein er van med å ause på oppover. Rett nok hadde eg ein forholdvis lett sekk på ryggen, men det skulle ikkje bety allverda. Ser ut som det er tid for litt restitusjon...

Eg åt noko melkesjokolade på toppen. Det hjelpte litt sørover fjella. Eg tok austover ned i Svædalen på den vanlege ruta som går vestover til Siklabergvatna.

Det var skremmande å sjå kor mykje SFE (Sogn og Fjordane Energi) hadde tappa ned vatna. 11 meter stod målet på i hin enden. Fullstendig ørkensone ved vatna. Eroderte jordmassar og fullstendig livlaust langs strendene og i vatnet. Leire og slam låg å skvulpa i vatnet mot land. Og fisken... skremmande... stort hovud og utruleg mager. Og i elendig form.

Sinnet mitt svinga mellom depresjon, fortvilese og forbannelse der eg vandra langs vatnet eit par timars tid i ettermiddag. Korleis denne utbyggjinga kunne komme i stand i si tid går over min forstand....

Eg hadde i grunn tenkt å bruke litt tid her i dag. Men fekk tilslutt nok av heile greia. Eg vart reint lei meg tilslutt. Resultatet av dette vart at eg måtte gå frå Oslandsbotnen til Osland og ned hovudvegen og opp igjen på bana der bilen stod. Olaug var på Skjærgårdstreffet. Det var ein kamp å måtte gå asfalten ned med dei tunge fjellskoa. Hadde jo trakka i fjellet i timesvis.

Etter dei fleste fjellturar er eg i god form og humør når eg kjem heim. I dag var det eit unntak. Ørkenlandskapet i Svædalen brenn endå i sinnet. Og føtene brenn òg... Eg får berre prøve å riste laust alt i hop i kveld, for i morgon er det på jobb igjen...



Motiv frå Kvamsnipa og Fristadfjellet på lørdag

Lørdag

Det vart Kvamsnipa, Fristadfjellet og Driveknolten på fjelltrimmen på lørdag. Omvendt rekkefølgje frå fredag. Eg var egentleg tenkt berre å ta dei to første. Men livet vart litt stressande då heile huset skulle på festen på Skjærgårdstreffet, og eg ikkje skulle, at eg like godt forlet den oppstyla og feststemte huslyden. Eg har ikkje så veldig sansen for slikt lenger. I tillegg blir folk så rare ut på kvelden.

Det var litt regn i lufta innover mot Driveknolten lørdagskvelden. I tillegg tok sørausten ganske bra oppe på fjellet. Men heldigvis gav regnet seg etterkvart. Berga var ganske glatte etter regnet og eg heldt på å tryne fleire gonger. Men elles gjekk det fort og greitt inn.

På toppen greidde eg å misse mobilen i dammen ved varden for andre gong i sommar. Den vart heilt rabiat etterpå. Men utruleg nok virka den seinare på kvelden då eg kom heim. Mobil og vatn er noko herk. Ser Sony Ericsson har ein ny no som skal tole det meste. Spørst om det er ein slik det må investerast i.

På veg ut igjen såg eg nytt regn på veg frå Stølsheimen og fjella mot Bergen. Men eg kom meg akkurat ut igjen før det sette inn. Det kjendest i kroppen no. Svolten og tørst. Snart leggetid...

Tidlegare på dagen hadde eg som sagt vore på Kvamsnipa om morgonen og direkte på Fristadfjellet etterpå. På desse turane gjekk eg berre i shortsen og heldt akkurat varmen. Ikkje så mykje å seie herifrå som ikkje er sagt før. Men det gjorde godt å få unnagjort ei ny runde på fjelltrimmen. Og grunnlaget for ei ny vart jo skapt seinare på kvelden (Eg har så mange turar på Skylefjellet og Skålefjellet at desse reknar eg ikkje med.... Det blir i tilfelle litt for variasjonen sin del inn att i mellom - hvis det er mulig å snakke om det...:-))

fredag 18. juli 2008

Nipebu 1607-1807



Motiv ved utløpet av Atlevatnet på veg til Nipebu 16/7

Onsdag 16/7

Eg gjekk på Nipebu onsdag i 10-tida frå Rivedal. Det var eit sørgjeleg veir. Maken til regn kan eg ikkje hugse. Iallefall når eg har vore på tur. Regnet fossa ned på veg opp dalen. Og brått slo eit toreskrall så eg kvapp så eg rista. Det var overløp ved demningen på kraftstasjonen, så det var ikkje sjanse å komme over elva lenger nede.

Vagstaddalen var nesten ei einaste stor elv innover. Det fløymde ned over fjellsidene. Og regnet plaska ned heile vegen innover. Utanom eit fall der eg brått låg langflat å symde i ei elv, gjekk det likvel greitt. Eg stoppa ved brua over elva ved utløpet av Atlevatnet og knipsa eit par bilder.

Eit problemområde ved vegen vidare er akkurat her rundt hammaren når vatnet er høgt. Det kan ein trygt seie det var denne dagen. Det var berre å bite i det sure eplet og vasse rundt. Det var liten hjelp i gamasjane eg hadde teke på for vatnet gjekk meg til knea rundt hammaren. Det var ikkje langt igjen til hytta så det var ikkje noko problem med å gå gjennomblaut opp.

Når eg kom opp til hytta, var det to karar frå Førde der som hadde overnatta. Dei var i ferd med å gå ned igjen til Markavatnet.

Etter litt mat og ein strekk på nyoppreidd seng, tok eg til på dagens første fiskeøkt. Ca 3 timar seinare hadde eg fått 7 flotte og feite fjellkjø på 3-4 hg. Ikkje verdens beste bet, men det kan ein jo ikkje forvente på slik type fisk.

Stor var mi undring då eg kom opp igjen i hytta og registrerte at det var komne to par frå Stryn med to gutar for natta. Det hadde eg nesten ikkje trudd i styggeveiret. Ekstra hyggjeleg var det at eg hadde snakka med eine karen i telefonen nokre dagar tidlegare om forholda i fjellet her ute (var visst kommunen som hadde henvist til meg...) Det er elles tradisjon for å stifte gode bekjentskap på Nipebu. Dette var ikkje noko unntak i så måte...

Meir forundra vart eg likevel då endå ein familie dukka opp. Ein kjenning innan turlaget med sambuar og tre gutar. På værste regndagen eg kunne hugse. Det vart reint folksamt oppe denne kvelden. 12 stk for overnatting, og masse klede til tørk. Men det gjekk utruleg greitt og stilt føre seg. Eg sovna tidleg til fine og vàre gitartonar frå Stryn.



Utsikt austover frå vest på Langevatnet

Torsdag 17/7

Eg vakna i 7-tida etter ei god natts søvn. (Eg hadde teke med meg skikkelege sengklede, då eg søv dårleg i lakenpose. Eg føler meg som ei surra svinesteik i den). Det var ikkje ein lyd i hytta. Etter ein kik ut gjennom glaset kunne eg konstatere at skodda var nesten vekke på Driveknolten. Eg åt ei banan og drakk to glas vatn, kledde på meg og la i veg på morgonturen dit. Utruleg nok fekk eg berre på meg ei regnbyge - heilt til å begynne med. Skodda helt seg vekke til eg var komen nedatt frå toppen. Flaks! For seinare på dagen låg den som eit lok der oppe (god utsikt både frå hytta og vatnet).

Når eg kom ned att i hytta eit par timar seinare, var det begynt å bli liv i folket. Det var klart dagen før at alle dei andre skulle vidare. Eg hadde forklart Stryne-fylgjet vegen opp Eitreskaret, inn Blåegga og til Blåvatnet. Dei skulle ligge i telt der, for så å prøve Blegja dagen etter. Etter frukost var dei snart på farten (er litt spent på korleis det gjekk i det dårlege veiret innover der). Friske folk iallefall.

Eg sjølv tok til på dagens første fiskeøkt. Det viste seg fort at torsdagen vart dårlegare enn onsdagen. Det var bikkjekaldt i nordvesten og regnbygene på vatnet. Og med elendig bet (3 fine fiskar) på 3 timar var eg gjennomfrosen. Godt då at det var varmt og godt i hytta.

Familien frå Førde gjekk ei lita stund etter. Då var eg åleine att. Eg åt ein durabeleg middag med dessert, og putta meg under dyna. Himmelsk. Ikkje ein lyd. Berre min eigen pust og puls... Eg sovna som ein stein og vakne ein time seinare litt i ørska...! Men to krus med kaffi og ei øskje med rosiner, fekk kroppen i sving igjen...

Eg tok meg så ei ny økt på vatnet. Men no var det heldigvis lenger mellom bygene. Og vatnet stilna heilt av. Nydeleg. Fantastisk kveldsstemning. Det var som om eg var på ein annan planet. Ikkje ein lyd. Fjella og landskapen låg bada i vatnet i halv skyminga. Det var som det ikkje fannst andre på jord. Ein kjem tett på seg sjølv slike kveldar når ein er åleine langt vekke frå folk. Det er slike stunder eg kallar for heilage. Som er så gode å ta med seg i minneboka for andre årstider.

Men fisket var av det same elendige slaget. Resultat som i stad. Det var likevel heilt underordna når naturen slo på stortromma og viste fram si prakt på denne måten. Så eg gav meg med heile fiskinga. Og tok meg heller nokre ilandstigningar frå båten lenger ute og fotograferte litt. Tok det med ro og filosoferte over livet frå ein stein på ei øy vest i vatnet.

Tilbake i hytta var det på ny påfyll av næring frå heimelaga skiver (noko anna duger ikkje i fjellet). Men det tok ikkje så lang tid før eg putta meg til køys i den stille hytta.



Frå Driveknolten i dag. Nipebu bak ryggen.

Fredag 18/7

Eg vakna tidleg i dag òg. Dagen for heimreise. Det var tjukk skodde. Men eg var klar over meldingane som melde flottare veir utover dagen. Eg låg ei stund å drøsa i senga, men svolten gnog i tarmane. Utruleg kor hungrig ein blir av fjell-lufta. Eg stod difor opp og åt frukost, pakka sekken og shina hytta. Når dette var gjort var skodda nesten heilt letta. Og islett av blå himmel inn i mellom to regnbyger. Sitjande ved hytteglaset og ein kopp kaffi seinare, var veiret heilt klart betre. Eg gjorde meg difor ferdig, og sette kursen mot Driveknolten - igjen. Litt maniac med den tunge sekken med bl.a fjellkjø, men eg ville berre ha med meg poenga og turen dit.

Veiret var skiftande frå brennande sol til isande vind. Eg kunne fleire gonger tenkt meg shortsen til tjukkast gore-tex buksa på same minuttet... Artig! Men det gjekk likevel over all forventning. For formen er bra... Eg var i Rivedal i 13-tida etter å ha toppa ut i dag òg.

Nipebu 1607_1807

Framhald fredag 18/7



Frå Fristadfjellet i ettermiddag

Etter at eg kom heim igjen og det framleis var tidleg på dag, bestemte eg meg for å gjere ferdig ei runde til på fjelltrimmen. Lisensen heime var i orden... Eg køyrde difor i Skjerlia og gjekk på Kvamsnipa. I berre shortsen i den kalde nordvesten. Men sola skein. Og eg heldt akkurat varmen ved å gå raskt opp og småspringe ned igjen.

Så var det biltur til Askvoll og Fristadfjellet. Same procedure! Men då var eg svolten - ikkje på fleire fjell, men mat... Og det var egentleg meir enn nok fjell for dagen. Siste feriedagen...

tirsdag 15. juli 2008

Sommarbløyte


Markavatnet er igjen smekkfullt. Det renn overalt... Eitrenipa i midten bak. Markahengenipa og Fossedalshengenipa t.h bak

Det var såvidt eg torde ta fram mobilen bak varden

Olaug nyt augneblinken i opphaldsvèr på Fristadfjellet i dag

Vèret var egentleg for gale til å gå nokon plass i føremiddag. Lågtrykket som passerte var av den haustlege sorten. Kuling, skodde og regn. Fjorden gjekk kvit få vest. Men etter å ha site med noko småputl heime, hadde eg ikkje ro i ræva lenger. Eg måtte berre ta same ruta som i går med Kvamsnipa og Fristadfjellet. Dette for å vege opp for turane på Driveknolten i helga, og dermed ny runde på fjelltrimmen.

Det var som reine syndefloda. Frå Indrevågefjellet og Porten og ned på Osland, rann elvane så store som eg nesten aldri har sett dei før. Det velta ned vatn alle stadar. Det same var tilfellet oppe ved Markavatnet og Skjerlia. Det fløymde overalt.

Men det gjekk greitt oppover på Kvamsnipa. Blautt var det. Sug i bakken òg. Og på toppen var det tjukk skodde, stiv kuling og silregn. Litt macho, men ingen problem egentleg. Men det var ikkje akkurat dagen til å sette seg ned, ete niste og nyte utsikta, kan eg forsikre om. Eg torde såvidt å stikke mobilen fram under ein stein på baksida av varden. Noko anna var bye, bye mobile...(engelsk)..

Ned igjen bar det same vegen. Men ved den flotte bjørka letta det rimeleg bra opp eit bèl, så eg knipsa eit bilde til austover.

Vel heime igjen hadde eg avtalt med Olaug at ho vart med på Fristadfjellet. Så vi køyrde ned til Askvoll med det same.

Her nede letta det veldig bra opp. Til og med sola stakk fram innatt i mellom. Så vi fekk ein flott tur opp på Fristadfjellet. Rett nok bles det skikkeleg på toppen. Men det heldt seg opplett. Og sett i forhold til korleis det var på Kvamsnipa timen før, var dette reine koseturen... Veldig skiftande med andre ord.

I morgon tek eg turen åleine til Nipebu. Det er godt fiskevèr. Oppløfta etter forrige helg vil eg prøve litt intensivt eit par, tre dagar til. Og Driveknolten ser eg jo frå altanen der oppe..:-)

mandag 14. juli 2008

Kuling, skodde og silregn



Motiv frå Nipebu i helga

Eg fullførte ei runde på fjelltrimmen i dag tidleg ved å gå på Kvamsnipa og Fristadfjellet. Starta i 08. tida. Eg hustra på toppane i kald kuling, skodde og regn. Det vart berre verre og verre utover føremiddagen.

Eg har kjøpt meg ei lett, vasstett og vindtett bukse frå Mountain Gear. Buksa veg 205 gram og du kan pakke ho i innerlomma på jakka. Den fekk køyrt seg på jomfruturane i dag. Men den fungerte heilt topp. Lett og fin å gå i, men sjølvsagt ikkje noko varme i. Då må ein til med tyngre bukser eller stillongs under.

Kroppen fungerte fint etter helga. Turane gjekk fort og greitt, trass i litt tøffe forhold. Eg var heime igjen i 11.tida.

søndag 13. juli 2008

Praktfulle Nipebu




Kjende motiv frå Nipebu teke denne helga med Samsung NV20 kompaktkamera som du kan ha i skjortelommen...

Peter hadde eitt ynskje for sommarferie i år. Det var å gå på Nipebu. Det er jo som søt musikk i foreldra sine øyrer. Ein treng jo ikkje reise halve verda rundt for å trivast og ha det kjekt i lag heller. Det hugsar eg veldig godt frå min eigen barndom, då nesten alle sommarferiane våre var på hytta på Boge i Holmedal.

Peter er jo nærast for einebarn å rekne. Han trivst heilt klart best i lag med andre gutar - eller yngre jenter han kan vere "storebror" for... Vi inviterte difor klassekamerat og beste kompis Andreas T. i Grimelia til å vere med på turen i helga. Det var ein klar suksessfaktor. For begge to.

Eg går som oftast frå Markavatnet til Nipebu. Men for gutane sin del, som bar kvar sin sekk òg, valde eg at vi skulle gå frå Rivedal denne gongen. Vegen inn gjennom Vagstaddalen er jamnare på stigning. Tyngste stykket er faktisk vegen opp mot kraftverket til å begynne med. Sidan er det ganske flatt innover, før ein får ein bakke opp mot Atlevatnet. I andre enden av vatnet er det ei ganske kort stigning opp til Langevatnet. Nipebu ligg omlag midt på Langevatnet.

Turen innover dalen gjekk veldig greitt. Gutane heldt kvarandre med selskap. Ein periode det vart litt tungt, føreslo Olaug at dei talde stega sine. Det brukte ho å gjere når det var tøft å gå. Det slo bra an. Dei gløymde såleis fort trøtte bein. Olaug er flink i sin overtalande stil - eg blir litt meir macho...:-)

I enden av dalen, og på toppen av hamrane i vestlege delen av Atlevatnet, går det ei bru over elva. Her er det fint å ta ein liten pause. Elva var berre ein liten sildrebekk etter minimalt med nedbør i det siste. Vi tok ein kort rast med litt påfyll av søtstoff for gutane. Det er alltid litt trekk på denne plassen. Litt ekstra klede måtte på i det delvis skya veiret.

Vidare inn nordsida av Atlevatnet, og opp til Langevatnet, gjekk det fort og greitt. Gutane var litt gira på å komme fram. Uttrykket nesten framme betyr neppe det same for dei som for oss vaksne! At vi er nesten framme over neste bakketopp, trur eg dei tolkar som framme... Men noko surmulinga vart det ikkje. Dei var faktisk utruleg flinke til å gå. Og når vi då (endeleg) var framme, vart det stor glede. Vi haddde gått inn på to timar. Det er bra med ryggsekk på alle saman...

Hytta var låst då vi kom. Peter var litt snurten at det ikkje var folk der. Vi voksne tykte egentleg det var greitt. Iallefall at vi var først opp for helga.(No viste det seg at vi fekk heile hytta for oss sjølve heile helga. Hadde meldingane skremt nokon? Veiret vart jo mykje betre enn meldt). Vi var skrubbsvoltne og Olaug laga ei god panne graut.

Etter maten var det tid for fisketur. Vi rodde ein gong ilag rundt inste vatnet. Eg tok meg ei runde åleine etterpå. Resultat: 4 flotte kjø på 3-4 hg. Desse pakke eg inn og la i myra til middag dagen etter.

Kvelden gjekk med til kortspel, monopol, lego etc. Og snop og snacks i lange baner. Medan mor las, spankulerte far rundt i nærområdet og fotograferte. Vi fekk oss ein nydeleg fredagskveld i lag.

Lørdagsmorgonen gjekk eg på Driveknolten. Nydeleg morgonstemning. Det var litt skodde i fjella etter eit par byer i løpet av natta. (Toreveiret vi høyrde i sør og aust nådde aldri oss). Eg gjekk fort opp, og var tilbake i løpet av knappe to timar. Flott og sveitt tur. Veldig greitt å gå på Driveknolten frå Nipebu.

Eg tenkte ut ein ny tur medan eg var på tur. Så då eg kom igjen tok vi avgarde på "Ekspedisjon Nipe". Den bestod i kanotur med oss alle inn Langevatnet. Så drog vi kanoen med oss opp ved elva til Nipevatnet, og kanooa og fiska rundt det òg.

I enden av Langvatnet fekk eg skikkeleg tilslag på fiskestonga. Etter roleg køyring med den tynne gøtten, fekk vi opp ei flott halvkilos kjø. Vi var i hundre!

Oppe i Nipevatnet kom vi over smålomen. Begge dei vaksne var i vatnet. Reirplassen har eg ei bestemt formeining om, men dei treng ro. Lomane er veldig sky fuglar, sjølv om smålomen oppe i Nipebu-traktene no truleg er meir van med folk. Han kjem i allefall igjen kvart år, og bestanden er aukande.

Veiret var nydeleg. Mykje bedre enn meldt. Heilt i nordre enden av vatnet, fekk vi ei ny flott kjø. Eg var nesten litt imponert. På blanke dagen, i solskinn, og med 4 stykke i kanoen, fekk vi to flotte fiskar på denne solskinnsturen. Og det var ikkje pingle-fisk akkurat...

Vi returnerte til hytta same ruta. Då var det mat igjen. Ungane ville helst ha spaghetti på boks, medan vi vaksne sjølvsagt tok grilla kjø i folie... Eit herremåltid! Og vi vaksne gjekk i koma etterpå, med ein time middagssøvn, medan ungane putla mette og nøgde på i hytta. Luksus!

Etter at vi vakna til liv igjen til kaffi, var vi ein ny tur, denne gong med robåten, inn i ytste enden av vatnet. No måtte Olaug ro. Det var ein nydeleg kveld. Ganske varmt. Flotte skyeformasjonar på himmelen. Og fantastisk flott landskap langs vatnet. Vi fekk to flotte fiskar til på denne turen, før vi tok kvelden.

Det vart nok ein nydeleg kveld. Flott solnedgong og vi storkosa oss. Ungane sovna i 22.30 tida. Og det vart stilt, så stilt... eit og anna fiskeslups på vatnet, og nokre sauebjøller langt vekke, var einaste lydane. Og kvelden mørkna jamnt inn... Fantastisk. Eit eldorado for ungar og vaksne...

Vi vakna tidleg i dag. Eller det vil seie - eg var no oppe ein tur i 3-tida òg. Det var skodde. Men vi bestemte oss for å gå tidleg (det var ei rett avgjerd, for skodda vart berre tjukkare, og det kom regn utover dagen). Så allereie 7.30 var frukosten fortært. Eg saga ekstra med ved, og la ny tennved i omnen, henta vatn, og sjekka hundehus, utedo og båt/kano. Olaug vaska opp, rydda hytta og vaska golvet etter oss. Perfekt! Velkommen etter...

Vi trong egentleg ikkje å overtale ungane til å gå over Driveknolten heim igjen. Men fann ut at dei skulle sleppe sekkane, sidan vi hadde plass i våre etter at mat, snop og anna var oppete. Det vart ikkje enkle bører likevel (eg hadde eit par fiskemåltid med meg òg)! Men det gjekk egentleg veldig greitt opp på toppen likevel (fruen i huset er sterk og seig, og måtte tole eit skli på magen ned etter eit berg med påfylgjande risp...).

På toppen låg det ein del skodde. I tillegg var det litt skoddevind. Temmeleg rufsete forhold med andre ord. Og utatt Heileberget låg skodda tjukk som graut. Eg var likevel aldri i noko stuss om vegen, då eg har gått mykje her i det siste. Det er ikkje sti utetter berga, men eg har sett opp nokre vardar. Så det gjekk heilt fint.

Vi nådde Rivedal og bilen etter 3 timar frå Nipebu. Det må vere flott etter ekstraturen opp om fjelltrimposten med tunge bører... Vi var endå friskt til mote, sjølv om fruen i huset nok bar eit visst preg av dagen. Ho er eit tøft skinn...! Og eg må nok innrømme at eg la meg ned på litt sjølv, etter ein velfortent dusj...

Vi hadde ei minnerik helg alle. Peter og Andreas var særs flinke, og storkosa seg. Turen gav sjølvsagt meirsmak. Vi får sjå kor tid det passar med ny tur seinare i haust... Og for andre som les dette - det er berre å pakke sekken. Luksushytta Nipebu ligg der og ventar på deg i praktfulle omgjevnader...



Nøgd gjeng på Driveknolten i rufsete forhold i dag (mms),
f.v Andreas, Peter, Olaug og Gustav


Helgetur til Nipebu 1107_130708

fredag 11. juli 2008

Helgefri






Einmannsredaksjonen tek helgefri og reiser på Nipebu med Peter, Andreas (kompis til Peter) og fruen. Det er meldt godt fiskeveir.

Ynskjer God helg til faste lesarar.