lørdag 7. juni 2008

Varmt på Driveknolten


Driveknolten i sikte

Dalsfjorden er ein nydeleg fjord

Olaug og Peter vart med Sven og Janne i båten til Værlandet i dag for ei kulturmønstring for ungane. Men eg kjende meg betre i kneet i dag enn i går. Og far fekk igjen fri. Så etter litt fram og tilbake m.a. ordne med bensin på båten til Marie og Camilla, reiste eg til Rivedal for å gå på Driveknolten.

Det var varmt i Rivedal i 10-tida. Veldig varmt. Og lufta stod nesten stille. Eg løyste sveitten med ein gong oppover mot demninga. Eg kjende dessutan fort både på kneet og varmen at det var best å avpasse farten etter forholda. Men eg hadde jo heile dagen på meg, så det var ingen grunn til hast.

Til å begynne med var det som om ein stakk med kniv i sida på kneet for kvart steg. Eg prøvde å tenke på fuglar! Men humøret steig egentleg i takt med høgdemeterane. Kneet var ikkje så hakkande gale likevel. Sjølv om det er hove og gult, raudt og svart, er det sikkert berre eit slag.

Jammen var det fluger på denne toppen òg no. I hopetal. Det gjekk ned ei i dag òg. Verre var det at mange av bilda vart øydelagde då det var svarte dottar av fluger både på linsa og rett framfor. Irriterande beist!

Ved den små tjønna inne på fjellet, i kokande solvarme myra, gjekk eg inn i ein nyklekt sverm på tusenvis av knott. Eit reint bakhaldsangrep. Panikken tok meg nesten! Min gjennomvåte, sveitte kropp var dekt av knotten. Eg måtte berre springe derifrå og få bada meg i ei sitle som rann frå ein snøklatt like ved. Fy flate til ekkelt. Eg fekk heldigvis bada meg skikkeleg lenger inne på fjellet.

Det gjekk elles heilt fint inn på toppen. Visst var det varmt, men det var litt meir fjelltrekk innover frå Hundeheia.

Eg tok meg ein tur bort på toppen litt lenger sør for Driveknolten for å få utsikt til Dale og fjorden. Det er nydeleg å så sjå bygda her frå. Ligg veldig fint til.

På veg vestover att stakk eg bortom "hytta" eller kva ein skal kalle det, som står tjora fast til fjellet ved tjønna sørvest om Driveknolten. I det eg kjende på døra som såg ut til å stå open, høyrde eg rabalder. Eg skvatt til. Kom det innanfrå? Eg stod der som eit spørsmålsteikn. Eg tok i døra ein gong til. Nytt rabalder. Den VAR låst. Eg gjekk rundt hjørnet, og der spring ein hare rett rundt nova. Han kvapp nok like mykje haren som eg! Artig...

Vestover Høgeholten og mot Hundeheia bar det. Flott utsikt mot fjorden og fjella i vest. Eg tenkte litt på kneet og det ganske bratte skaret ned. Men det viste seg å vere heilt grunnlaust. Kneet var bra det. Kjende det, men på ingen måte som på Fristadfjellet i går kveld. Resten av bakkane ned til Rivedal var og heilt utan problem.

Flott og varm tur med mykje væsketap. Og mykje betre enn frykta... Var det same Driveknolten som Agnar og eg heldt på å fryse oss "frå vit og forstand" dagen før nyårsafta? Det er eit fantastisk land vi lever i....



Driveknolten 070608

Driveknolten 070608_video_1

Driveknolten 070608_video_2

Driveknolten 070608_video_3

Ingen kommentarer: